søndag 22. mars 2015

Vekeplan veke 13-14/2015

På torsdag vedtok Formannskapet i Eid å legge ny arealplan for Eid kommune ut på 2. gongs høyring, etter ein særs grundig og god høyringsprosess av fyrsteutkastet. Alt tyder på at vi får ein ny arealplan som gir oss det grunnlaget vi treng for å utvikle kommunen vidare: Nye bustad- og næringsareal, friare råderett og nye mulegheiter for mange grunneigarar som ynskjer å utvikle sin eigedom - og vi har sikra dyrka mark som er nødvendig for den livskraftige og veksande landbruksnæringa i Eid. Utan tvil ei av dei viktigaste og største sakene i denne kommunestyreperioden!

Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er fredag beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til denne eller andre dagar. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.


Ha ei fin veke!

Måndag 23. mars
Politiråd
Kveld: Møte om Sandane Lufthamn, Sandane

Tysdag 24. mars
Frukostmøte om miljøteknologi, Innovasjon Norge
Gjennomgang av miljøteknologistudie for nytt bustadfelt (Hogaåsen)
Ettermiddag/kveld: Møte i Venstres Grøn Vekst-utval, Oslo 

Onsdag 25. mars
Hovudutval Opplæring, Hermansverk

Torsdag 26. mars
Helsing til LHL sitt fylkesårsmøte
Planlagt møte i kriseleiinga
Kommunestyremøte (frå kl 14)

Fredag 27. mars
Fellesmøte Eid/Selje/Vågsøy kommunereform
Kontordag/bedriftsbesøk

Laurdag 28. mars
Earth Hour (Eid kommune deltek) 

Måndag 30. mars
Fellesmøte Eid/Gloppen/Hornindal/Stryn kommunereform

Tysdag 31. mars

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar