onsdag 8. april 2015

Apell på "Bondefrukost" ved Stortinget, 8/4-15.

Innlegget under er apellen eg heldt  på "Bondefrukost" på Eidsvolls plass utanfor Stortinget onsdag 8. april 2015 - eit arrangement i regi av Noregs Bondelag. Utfordringa eg fekk var å kome med eit blikk på kvifor "Noreg treng bonden" - sett frå min ståstad som Venstre-ordførar i Eid. Sjå heile programmet for Bondefrukosten her 




Godtfolk,

av alle myter om norsk landbruk er det éi eg absolutt aldri har forstått: Myta om at landbruket ikkje omstiller seg - at det er ei næring som ikkje følgjer med i tida.

Eg veit frå min ståstad som ordførar for Venstre i ei landbrukskommune på Vestlandet at det er så langt frå sanninga som det kan bli. Landbruket er ei næring som alltid har fornya og omstilt seg. Ja, kanskje meir i dag enn nokon gong.

Då eg tok Bondelaget sin "bondetest" på nett i går, kom eg ut som Framtidsbonden. Bonden som i følge skildringa på nettsida er på jakt etter nye måtar å gjere ting på, som ivrig tar i bruk teknologi og ny kunnskap, og alltid ser framover.

Då slo det meg følgande: Slik eg kjenner landbruksnæringa i Eid - er ikkje dette "Framtidsbonden": Det er bonden av i dag!

For å ta nokre få døme: 
Våre sauebønder har for lengst tatt i bruk GPS-sendarar på sauene som blir sendt til fjells på beite - og følger dei på iPaden eller mobilen sommaren igjennom.

Våre mjølkebønder er i full gang med å investere i og omstille seg til ei ny tid med lausdrift, nye driftsformer og robotteknologi. Ja, berre dei siste ti åra er det investert over 1 milliard kroner i nye fjøsar og ny fjøsteknologi i landbruket i Eid og elles i Sogn og Fjordane.

Tenk over følgande: Når du køyrer bil gjennom Bjørvikatunnelen her i Oslo, er tunellen fullstappa av avanserte elektroniske styringssystem: Lys, ventilasjon, alarmar og mykje meir. Styringssystema i Bjørvikatunellen er produsert, installert og levert av ei elektro- og automasjonsbedrift på Eid: Eid Elektro. Bra for Eid, bra for Oslo. Men: Den same bedrifta leverer, installerer og driftar også dei avanserte mjølkerobotane som er på full fart inn i vår mjølkeproduksjon - med eit betre liv for både bønder og dyr som resultat.

Så godtfolk, ingen må tru at det finst éi verd for teknologi, ingeniør-kunst og innovasjon og ei anna verd for landbruk! For meg - som ordførar i Eid og Venstre-mann - er ei moderne, framoverlent landbruksnæring ein sjølvsagt del også av det teknologisk avanserte, høgkompetente næringslivet vi skal leve av i framtida.

Og kanskje viktigast av alt når vi snakkar om Framtidsbonden: Slik eg kjenner landbruksnæringa i mi kommune, er dei blant dei flinkaste i klassen å jobbe systematisk med nettverk, samarbeidsprosjekt og kunnskapsdeling. Dei arrangerer temakveldar - med fagleg påfyll og sosial hygge. Felles kafelunsjar på kaffibarar i sentrum. Systematiske utviklingsprosjekt i samarbeid mellom kommune, næringsselskap, samvirkebedrifter og bøndene sjølve.

Bøndene i Eid er rett og slett til stades der næringslivet elles er til stades - og er tydelege overfor oss politikarar på at landbruket er ei næring på line med andre.

Landbruket må - som andre næringar - ha langsiktige rammevilkår som gjer det mulig å satse og investere. Ikkje for å bevare alt som det er, men for stadig å fornye og utvikle seg.

På lokalt plan er eg stolt og glad over at vi i Venstre-styrte Eid no for første gang på mange år vedtar ein ny kommuneplan der vi tar vare på dyrka mark og legg opp til å kunne dyrke endå meir i åra som kjem - fordi landbruksjord også er næringsareal.

På nasjonalt plan må vi saman sørge for at det er lønsamt å produsere mat i Noreg - basert på norske naturressursar. Og som i næringslivet elles treng vi eit mangfold av små og store bedrifter - i dette tilfellet gardsbruk - over heile landet. Mangfaldet av små og store bruk er viktig både for å utnytte ressursane der dei er - og rett og slett fordi vi treng ein underskog av mange små for at nokon skal vekse seg store.

Så meiner eg det er utruleg viktig at all utvikling av landbruket må vere bygd på kunnskap. På utdanning, forsking og rådgiving. Vi må ha eit landbruk i Noreg som tar vare på bonden, miljøet, klimaet, jorda og dyra. Vekst i produksjonen er bra, men må alltid baserast på kunnskap og på berekraftig bruk av naturressursar som står seg over tid. Ikkje vekst for ein kvar pris.

I morgon startar Venstre vårt landsmøte i Tromsø. Der har vi grøn vekst og grøn omstilling som hovudtema. Omstillinga av Norge frå ein fossil oljeøkonomi til ein grøn framtidsøkonomi. Det grøne skiftet har dei blå og grøne næringane våre - fiskeri, havbruk, landbruk og skogbruk - ein sjølvsagt plass. Den norske bonden er ein framtidsbonde - og den norske landbruksnæringa er ei framtidsnæring.
  
Og heilt til slutt vil eg nytte høvet til éin ting: Ønskje dykk alle velkomne til Nordfjordeid tredje helga i juli! Då går vår største happening gjennom året av stabelen: Malakoff Rockfestival med 20.000 besøkande - i fjor kåra til Norges aller beste rockefestival.

Kvifor nemner eg det her? Jo, fordi det sjølvsagt er bøndene i Eid og Eid Bondelag som riggar alle scenene! Med traktorar og frontlessarar brukar våre bønder dagane mellom førsteslåtten og andreslåtten til å jobbe dugnad med å rigge Vestlandets største scenerigg for Seigmen, Kaiser Chiefs, Enslaved, Mew og andre store band frå inn- og utland - og får betalt i form av fribillettar til ei helg fullstappa med rock.

Kort sagt: Bøndene våre er der det skjer - når det skjer - og får både fest og kvardag på Eid og i landet elles til å gå rundt! Vi treng bonden - vi treng norsk landbruk. 


God frukost - lukke til med dagen og framtida!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar