søndag 4. mai 2014

Vekeplan veke 19/2014

Sist veke vedtok Formannskapet å sende ein ny arealdel av Kommuneplanen for Eid ut på høyring. Det er eit viktig dokument, som skal legge til rette for vekst i bustadbygging og næringsutvikling på EId i åra som kjem, samtidig som andre areal blir sikra mot utbygging.

Dei neste vekene skal planen ut på høyring, mellom anna med opne møte i bygdene i Eid. Eg håpar på god oppslutnad og stort engasjement om desse - tid og stad blir snart gjort kjent!


Vil du møte meg på Rådhuset denne veka, er fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 5. mai
Kontordag fram til kl 1230.
Presentasjon av effektar av vegprosjekt som skaper større bu- og arbeidsmarknadsregionar, Stryn
Ettermiddag/kveld: Klimaspydspissmøte med middag på Balsnes Gard

Tysdag 6. mai
Befaringar av fjordvarme-anlegg på Eid og møte i klimaspydspiss-nettverket.
Besøk av 50 fornybar-studentar frå Høgskulen i Sogndal

Onsdag 7. mai
Dialogkonferanse leverandørutvikling: Velferdsteknologi i samband med nytt omsorgssenter, i regi av NHO, KS og Eid kommune

Torsdag 8. mai
Møte i rekrutteringsutvalet for ny rådmann
Kommunestyremøte (frå kl 13)
Ettermiddag/kveld: Markering av 8. mai

Fredag 9. mai
Kontordag. Møte om barnevern-samarbeid

Søndag 11. mai
Sentralstyresamling, Venstre

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar