mandag 28. april 2014

Vekeplan veke 18/2014


Våren er komen! I helga har det vore ei skikkeleg vår-festhelg på Eid, med Eid Cup i fotball med over 600 deltakarar og festkonsert for Grunnlova i Operahuset Nordfjord i går kveld. 


I går hadde eg også gleda av å delta på statsborgarskaps-seremoni for nye innbyggjarar i  Sogn og Fjordane i Sogndal. Tre nye statsborgarar frå Eid var blant dei som vart feira i den høgtidelege seremonien - som var ein kraftig vekkar for meg i grunnlovsjubileumsåret om at vi aldri må ta statsborgarskap i eit fritt og demokratisk land som ei selvfølge. Vi er priviligerte som har det - og skal gle oss over alle andre som får vere like heldige som oss.

Vil du møte meg på Rådhuset denne veka, er tysdag eller fredag den beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 28. april
Møte i Ungdomsrådet
Diverse interne møte
Kveld: Temakveld Eid Revmatikerlag

Tysdag 29. april
Besøk av Arctic Heat-prosjektet på Nordfjordeid
Møte med Harpefossen skisenter

Onsdag 30. april
Møte i Adminstrasjonsutvalet (kl 0830)
Formannskapsmøte (kl 13)

Torsdag 1. mai
---

Fredag 2. mai
Kontordag
Kveld: Festmiddag for Hingsteutstillinga 2014

Laurdag 3. mai
Premieutdeling Statens Hingsteutstilling for Fjordhest 2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar