lørdag 5. mai 2012

Appell på Hingsteutstillinga 2012

Dette er manuset til appellen eg heldt ved premieutdelinga på Hingsteutstillinga 2012 på Utstillingsplassen på Nordfjordeid laurdag 5. mai. Premieutdelinga markerte slutten på tre flotte utstillingsdagar. I følgje folk som har greie på det, var det jamnt høg kvalitet på hingstane som vart stilte i år. To hingstar vart tildelt den gjevaste utmerkinga - 1. premie og kvit sløyfe. Den eine  var femårshingsten Fjelltor, eigd av Knut Rasmus Hjelle frå Eid og Even Myklebust frå Ørsta. Den andre var Ronnjo, eigd av den nyvalde leiaren i Norges Fjordhestlag, 27 år gamle Janne Seilen frå Vang i Hedmark (sjå foto under).

Vi gratulerer, og takkar hestefolket frå fjern og nær på besøk på Eid for denne gongen!

Janne Seilen og hingsten Ronnjo, som fekk kvit sløyfe.

---

Oppdrettarar, mønstrarar, publikum, hingstar. Gratulerer med dagen!

Det er både ei ære og glede for meg, som ordførar i Eid, å få lov å markere starten på den store finalen av årets hingsteutstilling for fjordhesten – ein tradisjon her på Nordfjordeid sidan 1886.

And to our foreign guests: Welcome! It is both an honour and a pleasure for me, as the mayor in Eid, to mark the start for the great final in this years contest and exhibition. We are proud to host the fjord horse stallion exhibition, an annual tradition here on Nordfjordeid since 1886. 

Thank you for coming, and making these days even more special.

Fjordhesten si historie er lang og stolt. Ein av dei gamle, gode hestekarane i Eid, Kasper Hjelle, sette ord på det i eit intervju i Årbok for Nordfjord i fjor. Der blir han spurt: ”Kva har fjordhesten betydd for Nordfjord?”

Kasper Hjelle svarar: Fjordhesten har betydd alt. Han var trekkraft på garden og i skogen, når ein dyrka jord, køyrde heim avlinga frå bø og utmarksslått, henta tømmer, ved, torv og never, eller kløvja. Han var til avl og handel. Føla gjorde folk i stand til å betale renter og avdrag. Nordfjord hadde ikkje sett ut som det gjorde i dag utan hesten. Og så var han familiemedlem.”

Dei orda trur eg mange her lett kan slutte seg til. Og det forklarer kvifor fjordhesten i dag er kommunevåpen for både Eid og nabokommunen Gloppen. 

Men samtidig: Det er eit sitat som seier mest om fortida. Tradisjonar og historie er viktig i seg sjølv, men gir ingen garanti for framtida.

Eg har tru på ei god framtid for fjordhesten. Sjølv om utstillinga i år ikkje er av dei største, er det flotte dyr og eit livskraftig, ungt miljø vi ser rundt oss. Vi skal også hugse at interessa rundt fjordhesten alltid har gått i bølgjer. Går vi 60 år tilbake i tid, til 1954, var det berre 19 hingstar som vart stilt. Av dei kom  over halvparten frå Nordfjord. Tre år seinare, i 1957, var talet nede i 14.

I år stiller 32 hingstar. Av dei berre to med lokale eigarar frå Eid. Langt over halvparten kjem utanfrå vår landsdel. Fjordhesten har gått frå å vere lokal til å bli nasjonal, og ikkje minst internasjonal. I land som Danmark, Tyskland, Nederland og USA er rasen stor. Det samla talet fjordingar i verda er truleg ca 70.000. Fjordhesten er ingen heimføding lenger, den har blitt ein globetrottar. Det skal vi vere stolte av – ikkje minst her i fjordhestens heimbygd.  

Så eg trur på ei lysande framtid for fjordhesten. Fjordhesten er lett å handtere, har eit godt lynne og kan brukast innan mange område. Men framtida er det de i fjordhestmiljøet som må skape.

Og ei spesiell oppmoding frå meg: De må skape framtida saman. Skal hestenæringane lukkast i Nordfjord og nasjonalt, må de bygge sterke team og nettverk. Som tidlegare statsminister Jan P. Syse så treffande sa det: ”Valget står mellom å henge sammen eller bli hengt hver for oss”. Det trur eg gjeld også innanfor hestemiljøet.

Som vertskommune for fjordhesten bidreg vi meir enn gjerne til det lagarbeidet. Eg kan love at Eid kommune skal vere med og løfte fjordhesten. Vi kan få det til det utrulege her på Eid når vi først går inn for det. Men det er de som må peike ut vegen framover, og så skal vi vere med.

Eg må óg få lov å seie at det er kjekt å sjå at kvinnene no ”tek taumane” i fjordhestmiljøet. Eg vil nytte høvet til å gratulere det nye styret i Norsk Fjordhestlag, og spesielt Janne Seilen som den fyrste kvinnelege styreleiaren i Fjordhestlaget nokonsinne. Eg ser fram til eit godt samarbeid med Norsk Fjordhestlag i den spennande tida for fjordhesten vi no går inn i.

Men no er det tid for å gå vidare til det vi er komne her for – å feire fjordhesten og kåre hingstane som skal føre fjordhestarven vidare.

Gratulerer med dagen, og måtte den beste vinne!

Ordførar Alfred Bjørlo (V). Nordfjordeid, 5. mai 2012



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar