lørdag 13. april 2013

Ein heilt spesiell skule fortener di røyst


Eid vidaregåande skule er nominert som ein av tre finalistar i ein nasjonal konkurranse på NRK P3 om å bli kåra til skulen med best samhald og elevmiljø - nominert av elevane ved skulen. Premien er ein konsert med LidoLido og Margaret Berger.

Det fortener dei. Men det vil berre skje om Eid vgs klarer å samle nok røyster/likes på Facebook til å slå Glemmen skole i Fredrikstad. Skulen i Fredrikstad er fire gongar større. Skal elevane på Eid vgs vinne, må vi vere meir dedikerte, og mobilisere betre blant alle vi kjenner heime og ute i landet/verda.

Den mobiliseringa vil eg at vi no alle skal vere med på - i ein siste sluttspurt før dommen fell søndag kveld. Oppskrifta er enkel – men krev at du har ein Facebook-konto:

1.      Gå inn på http://p3.no/skolesessions/
2.      Trykk på knappen for Eid Vidaregåande skule for å registrere di røyst
3.      Del på Facebook og oppomd alle dine vener på facebook til å gjøre det samme.

Foto: Øystein Torheim. Frå Eid vgs si oppsetning av Les Miserables i 2012- i samarbeid med Opera Nordfjord. Alle 40 rollene var med elevar frå "vanlege" studieretningar ved Eid vgs. Alle scenedekorasjonar, kostymer, lyd/lys etc er laga av elevane ved skulen som tar relevante fagutdanningar (møbelindustri, elektro, sal&service, design&handverk etc). Forestillinga blir sett opp i operasalen i Operahuset Nordfjod med 550 plassar, med tre forestillingar i løpet av premierehelga. For flotte foto av årets forestilling, Hairspray, sjekk denne linken 

Ørjan Ryland (17) har nominert skulen til konkurransen. Han grunngjev dette slik (sitert frå NRK sine nettsider):

"Årlig involverer Eid vgs elever fra alle trinn og linjer for å sette opp skolemusikal. Skolen er fantastisk unik, og inkluderer alle, sier elevrådsrepresentant Ørjan Ryland. Elevene får også styre skolen for én dag for å styrke samholdet. Hver onsdag serveres det gratis varm middag til alle som vil ha, med hybelbeboerne spesielt i tankene. Elever fra fjern og nær samles, knytter kontakter og sørger for at hybelboerne ikke føler seg ensomme."

Ørjan er ikkje åleine i å meine dette, sjekk f eks Sunnmørsposten sist veke. Skulen har klart å skape ein kultur der skulekvardagen går på tvers av studieretningar og alderstrinn, der ein bryr seg om kvarandre og har det kjekt i lag. Og på toppen av alt: Der det slår positivt ut både på skuleresultat og kor mange som gjennomfører vidaregåande skule. 

Eid vgs er den einaste vidaregåande skulen i landet som er samlokalisert med eit operahus: Operahuset Nordfjord, og ein rockefestival-stiftelse: Malakoff. Det gjer noko med elevane å ha kvardagane sine i lag med eit operahus fylt av kulturaktivtet frå morgon til kveld. Kvart år gir operaen og elevane oss andre flotte kulturopplevinger gjennom skulemusikal av høg kvalitet (sjekk glimt her: http://www.youtube.com/watch?v=4A8o0OH0sSk).

Tidlegare denne månaden tok dei eldste elevane over skuledrifta ein heil dag (inkludert alt frå vask og kantine til skuleleiing), og gjennomførte undervisninga for dei andre.

Foto frå skulemusikalen "Rent" i 2011


Elevane er dedikete, sprudlande, engasjerte og flinke. Til alle som klagar over dagens ungdom: Slutt med det. De veit ikkje kva de snakkar om. Kom til Eid og sjå sjølv - eller for så vidt til kva som helst av dei mange flotte vidaregåande skulane vi har i Sogn og Fjordane.

Finalen i konkurransen på P3 går no, og handlar berre om éin ting:  Å bli den av dei tre finalist-skulane som får flest røyster eller «likes» på Facebook innan søndag 14. april, via link på NRK P3 sine nettsider.

Det siste vi veit om status er at Eid vgs og Glemmen vgs i Fredrikstad ligg ca likt i tet av konkurransen. NRK har no stengt for innsyn i korleis opptellinga ligg an, og vil halde dette hemmeleg til måndag. Uansett: Ingenting er avgjort og kvar røyst tel fram til søndag!

Så mi oppmoding til alle i Nordfjord, Sogn og Fjordane og elles i landet er: Røyst på Eid vgs! Syn at ein liten skule kan utkonkurrere ein stor sjølv når det gjeld å vinne massene, viss engasjementet og ståpåviljen er til stades. 

Mobilliser alle du kjenner over heile landet og i utlandet til å gjere det same! Dette fortener elevane på den heilt spesielle skulen vår. Og så er du velkomen til Eid for å dele premien med elevane 30. april ;-)

Beste helsing

Alfred Bjørlo
Ordførar Eid kommune

Rektor Ove Bjørlo ved Eid vgs saman med to av rolleinnehavarane i årets skulemusikal, Hairspray





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar