onsdag 21. august 2013

E39: Ei bøn om avklaring

Teksten under er ein nedkorta versjon av eit brev stila til fylkesleiarane og førstekandidatane i regjeringspartia i Sogn og Fjordane. Teksten står også på trykk i Fjordenes Tidende, Fjordingen og Firda Tidend onsdag 21. august.




"Der ingen vil av vegen, kan ingen kome fram", heiter det i eit ordtak etter Ivar Aasen.

Det er ei ganske treffande skildring av situasjonen i Nordfjord pr august 2013. Akkurat no lir heile Nordfjord - og Sogn og Fjordane elles - av manglande avklaring av ei for lengst grytemoden sak: Traséval for E39 gjennom Nordfjord.

Slik kan vi ikkje lenger ha det. No må det kome ei avgjerd. Vi har rett og slett ikkje meir tid å miste. Vi har viktige ting å gjere - og det hastar å kome i gang.

Det er over 1 1/2 år sidan Fylkestinget i Sogn og Fjordane handsama saka om traseval for E39 gjennom Nordfjord og ga sitt råd til Regjeringa. Fylkestinget tilrådde fjordkryssing midt i Nordfjord ved Lote-Anda. Det er eitt år sidan Regjeringa si uavhengige kvalitetssikring (KS1) konkluderte med det same. Det er fire månader sidan Nasjonal transportplan, der alle venta ei avgjerd på den lange striden, vart lagt fram. Stadig blir det varsla at ei avgjerd om traseval for E39 gjennom Nordfjord er "rett rundt hjørnet".

I det halvanna året vi no har venta på eit avgjerd, har utruleg mykje tid og ressursar i politikk og næringsliv i Nordfjord gått med til å påverke ei avgjerd som aldri ser ut til å kome. Frontane er steile. Med saka sin indre dynamikk blir dei berre meir uforsonlege for kvar veke og månad som går - det blir "verre og verre dag for dag". Eg har i sommar merka det meir enn nokon gong i samtaler med folk på kryss og tvers i Nordfjord: Alle er oppgitt, lei og fortvila over ein strid som aldri ser ut til å ta slutt, eit løp med ukjent målstrek som stadig blir flytta lenger fram.

I regionar med store ressursar  og mange "valmulegheiter" for kven ein vel samarbeide med, er ikkje det så farleg. Der er det tid, ressursar og alliansepartnarar nok.

Slik er det ikkje i Nordfjord og Sogn og Fjordane. Vi er få, og vi er små. Vi er avhengige av å spele saman, å spele kvarandre gode. Eg tenkjer kvar einaste dag på kor mykje utvikling vi saman kunne ha skapt det siste halvanna året viss vi hadde brukt tida vi har brukt på evig stillingskrig om E39 til målretta, knallhard jobbing med å skape vekstkraft og utvikling i felleskap.

Mulighetene finst. Eg trur på Nordfjord. Trur på Sogn og Fjordane. Uavhengig av regjering og politisk fleirtal. Det er difor eg i 2007 flytta heim til fylket etter 15 år i Bergen og Oslo.

Fire år i Måløy Vekst frå 2007-11, der vi med samarbeid, lagspel  og tillitsbygging på tvers av grensene snudde nedgang til vekst, har gjort meg ytterlegare styrka i trua: Det ER mulig å snu ei utvikling. Det er ingen grunn til at Sogn og Fjordane skal vere "annleisfylket" som ikkje klarer å skape gull av dei fantastiske mulighetene vi har med å ligge midt på Vestlandet.

Også Nordfjord har alle muligheter. Vi kan vere med og gi Sogn og Fjordane vekstkraft. Det rykande ferske "Kommune-NM 2013" lagt fram av NHO denne veka syner det same: Dei fire store Nordfjord-kommunane (Vågsøy, Eid, Stryn og Gloppen) er alle blant dei åtte beste og mest framtidsretta i fylket. Vi har over 40 av dei 100 største bedriftene i fylket, fire av dei sju største kommunene, enorme energi- og naturressursar og nær 30.000  kreative menneske frå ytste Stadt til inste Stryn.

Men vi klarer ikkje som lokalsamfunn å vekse éitt og éitt.  Vi må kome oss vidare saman. Det krev avklaringar, opne prosessar, gjensidig tillit og evne til å gå vidare. Evige omkampar, evig stillingskrig og mistillit til naboen er døden i arbeidet med å skape vekst.

Ferjefri E39 er eit eineståande vekstprosjekt for Vestlandet. Eg er imponert over trøkket Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal no legg ned i å få bygd E39 slik at dei regionale effektane i sine fylket blir størst mogleg - i å dokumentere at vegbygging faktisk løner seg - sjølv dei litt dyrare løysingane i notid som bygger større regionar saman for all framtid.

Som Victor Norman sa det i ein kronikk i Dagens Næringsliv for ei tid tilbake: "Vi bygger ikke veier og bruer. Vi bygger bo- og arbeidsmarkedsregioner." Regjeringa peiker sjølv i den nye distrikts- og regionalmeldinga på at ingen stader er potensialet for dette større enn i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

I ei slik nasjonal storsatsing er det ingen grunn til at Sogn og Fjordane atter ein gong skal stå med huva i handa. Vi må ikkje gjere Vestlandets største utviklingspakke nokonsinne til ein "sparepakke" for Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane må aldri godta å bli redusert til å vere ein billig transportetappe mellom nord og sør.

Reduserer vi oss sjølve til det? Klarer vi det kunststykket å sitje att på ferjelemmen og klø oss i hovudet over kvar brua skal gå, medan resten av Vestlandet gir full gass og bygger bruer og vegar for 150 milliardar i åra framover for å maksimere dei regionale effektane i sine fylke?

Ja, då har vi ikkje lenger andre å skulde på dersom veksten kjem andre stader enn hos oss..

Difor ber eg innstendig partileiarar og toppkandidatar i Sogn og Fjordane for regjeringspartia om å gå saman og finne ei løysing på E39-floken. Skjer gjennom. Gjer det mulig å kome vidare. Ja, vi veit at de internt i partia har ulikt syn. Men det er verken unikt eller oppsiktsvekkande. Det er faktisk difor vi har eit politisk system - for å finne løysingar som tek samfunnet vidare også når syna er ulike.

Ein ting er sikkert: Ingen av dykk gjekk til val på å gjere ingenting! Det er diverre der vi er no. Difor vil de alle bli vinnarar av å skjere gjennom.

No må vi rett og slett kome vidare. Sogn og Fjordane og Nordfjord må opp og fram. Eg har flytta attende til fylket og kasta meg inn i næringsutvikling og politikk for å vere med å skape vekst. Det fine med vekst, er at vi alle kan vere med å ta æra for han. Det er betydeleg betre enn å prøve å fordele skuld for ei avgjerd som aldri kjem.

Med ynskje om ein god valkamp og ei snarleg avgjerd på E39-floken - no har vi rett og slett ikkje meir tid og energi å kaste bort.

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid. August 2013





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar