Valet er over. Eit
nytt fleirtal vil gi ei ny regjering. Kva regjering vi endar
opp med er enno høgst uvisst, men ein rimeleg sikker spådom er at det er dei
vanskelege einskildsakene som vil stå
i sentrum for merksemda frå media og observatørar i vekene som kjem.
Vi kjem
til å bli tuta øyrene fulle av mediespekulasjonar om ja eller nei til oljeboring i Lofoten/Vesterålen,
ja eller nei til asylborna, karakterar i barneskulen, sidemål, statsgaranterte
sjukeheimsplassar, formueskatt, vinsal i butikk, bompengar, pappaperm og så
vidare.
Einskildsakene er viktige nok. Likevel: Det er dei store
strukturelle grepa i styringa av landet som verkeleg
gir ei ny regjering sjansen til å setje sitt "vassmerke". Det er her
ei ny regjering må bestå prøva: Ein må syne at ei Ap-dominert regjering og ei borgarleg
regjering utgjer ein skilnad for korleis
landet blir styrt.
Dei langsiktige, strukturelle grepa er definitivt mindre sexy enn dei raske einskildsakene - men viktigare i det lange løp. Her er mine sju krav til keisame strukturelle grep frå ei ny regjering - uansett om ho vert blågrøn, blåblå eller blågulgrønblå:
1. Ta styringa over staten
Illustrasjon: UiO sine nettsider |
Sett frå min ståstad som ordførar i ei distriktskommune, er
dagens statsapparat ein enorm, frittveksande organisme ute av kontroll. Ulike
statlege etatar driv med kvar sine omstillingar og reformar ut frå eit indre rasjonale i kvar einskild grein av statsapparatet, utan nødvendig samordning på toppen.
Politiet, NAV, Skatteetaten, helseforetaka, domstolsvesenet
og alle dei andre omstiller og sentraliserer i eit voldsomt tempo, utan at
nokon vurderer dei heilskaplege konsekvensane. Kvar endringsprosess er pakka
inn i eit uangripeleg lag av "bobleplast" der ansvaret er pulverisert
og fjerna frå folkevald makt.
Arbeiderpartiet har tilsynelatande gitt opp å styre staten.
Kanskje fordi det er mest politisk behageleg slik (ein kan fråskrive seg
politisk ansvar), kanskje fordi ein stor og allmektig stat ut frå ein sosialdemokratisk
ståstad er eit gode i seg sjølv, eller fordi dei tunge fagorganisasjonane i
statleg sektor som sit på ryggen av Ap synst det er heilt greit å sleppe politisk
innblanding? Eg veit ikkje, ille er det uansett.
Ei ny regjering må ta tilbake styringa på staten -
samordne og lage éin stat som heng saman og er underlagt folkevald kontroll.
Politikarane må styre i stort, og sleppe laus i smått.
Og vi må tilbake til ein politikk for utflytting av statlege arbeidsplassar og oppgåver frå Oslo som vi opplevde
sist vi hadde ei borgarleg regjering. Det er å ta heile landet i bruk i praksis, og det er noko Ap i åtte år hindra, ut frå
prinsippet om at all makt som ikkje er i gåavstand frå Folkets Hus er eit
trugsmål mot effektiv styring av landet.
2. Vere ei regjering for alle
Illustrasjon: Djøfbladet (DK) |
Ei regjering - uansett farge - skal vere ei regjering for
heile landet, ikkje eit "utvida partiapparat" for partia som til ei
kvar tid sit der. Nettverk og personlege kontakter vil sjølvsagt alltid vere
viktig, men det skal ikkje føre til forskjellsbehandling og utestenging.
Eg har dei siste åra opplevd fleire stygge døme på Ap si
manglande respekt for dette prinsippet i si tid i regjering. I mitt tidlegare
virke som næringsutviklar har eg opplevd å få beskjed om at eg - som leiar av
eit næringsutviklingsselskap utan politisk agenda - ikkje er ønskt med på møte
med embetsverk og politisk leiing i eit Ap-leia departement, men at politisk
leiing i staden ville ha med nokon med "rett partibok".
Eg har som ordførar opplevd Ap-statsrådar som kjem
"snikande inn" på kommunale bygg i vår kommune med partiapparat på
slep, men utan å ville fortelje folkevalde i kommunen dei besøker kva dei driv
med. Liknande historier kan mange andre også fortelje.
Dette er frå min ståstad heilt uakseptabelt, og må aldri
skje frå ei borgarleg regjering si side.
Slike lukka partisirklar i utøvinga av makt er også med på å
skape den sterke spiralen av lobbyisme som vi har sett dei siste åtte åra. Anten ein no kjøper inn tenester frå eks-partipolitikarar a la First House,
eller alternativt tilset nokon med rett partibok på lønningslista for si
bedrift eller organisasjon for å sikre seg innpass i dei små, lukka
Ap-nettverka som i for stor grad har styrt landet (eller for Sogn og Fjordane
sin del: fylket).
La meg her ile til å seie at eg personleg berre har godt å seie om
måten Sp og SV har forvalta si regjeringsmakt på. Deira statsrådar og
politikarar elles har vore ryddige i all si åtferd eg har vore bort i. Slik må det også vere for ei ny borgarleg
regjering.
Ingen borgarlege parti må prøve å adoptere Ap sin måte å
behandle regjeringsmakt som eit utvida partiapparat på! Ap-eller Sp-ordførarar
landet rundt må IKKJE opplevde stengde dører eller bli forbigått av partiomsyn
av ei ny borgarleg regjering! Det er veljarane i deira kommuner som har valt
dei til sine verv. Det er ein like sjølvsagt del av folkestyret som at
landet no vil få ei borgarleg regjering, innbyggjarane i desse kommunane skal ikkje straffast for det.
3. La Stortinget få setje dagsorden
Illustrasjon: Stortinget |
Åtte år med raudgrøn fleirtalsregjering har gjort Stortinget
til eit reint sandpåstrøingsorgan, til frustrasjon for både posisjon og
opposisjon i det som skal vere landets viktigaste forsamling.
Ei mindretalsregjering ville automatisk føre makt attende
til Stortinget. Det er ikkje meg imot. Men også ei eventuell borgarleg
fleirtalsregjering må handsame Stortinget på ein annan måte enn dei raudgrøne
har gjort, der statsrådane innimellom ikkje ein gong har funne det bryet verdt
å stille i spørjetimen.
Ein kan faktisk ikkje utelukke at det kan finnast
kloke hovud og fornuft også i den nye opposisjonen. Eit nytt fleirtal må
kunne vere vaksne nok til innimellom å la opposisjonen vere med å påverke
politikken.
Og då på ein annan måte enn det Ap&co har gjort: Å røyste ned
opposisjonen sine framlegg, og så kome attende litt etterpå med identiske
framlegg frå eiga regjering som ein framstiller som eigne idear..
4. Meir makt til større kommuner
Kjelde: urv.no |
For meg er hovudpoenget med ein kommunereform at det er eit
nødvendig strukturgrep for å kunne flytte makt nedover frå staten til
lokaldemokratiet - og for å kunne ta reell folkevald kontroll over konglomerata
av interkommunale samarbeid som er ein direkte konsekvens av at
kommunestrukturen ikkje har følgd med i tida.
Større og sterkare kommuner er nødvendig for at staten kan
gi kommunene meir makt. Difor må overflytting av makt og oppgåver frå stat til
kommune vere del av ein kommunereform, og difor er ein kommunereform eit
viktig demokratigrep som til sjuande og sist må styrast av Stortinget, ikkje av
spreidde samanslåingsforsøk utan hovud og hale rundt om i landet til ulik tid.
5. Mobilisere felleskapa utanfor staten
Kjelde: Frivillighet Norge |
Ta debatten om skulefrukt, som brått dukka opp på NRK i valkampinnspurten: Anten er du for at staten skal betale skulefrukt med øyremerka statlege midlar, eller så er du mot at skuleungar skal få frukt. Slik er et sjølvsagt ikkje. Det går fint an å meine at frukt til skuleborn er kjempebra, men at det faktisk må vere eit ansvar for den einskilde kommune, skule eller foreldre å syte for.
Eg er overtydd om at politikarane må setje tydelegare grenser for seg sjølv/staten og kva dei
kan ta ansvar for å sørge for ved direkte statlege vedtak. Eit sterkt
sivilsamfunn må byggjast nedanfrå.
Noko av det
viktigaste ei ny regjering kan gjere er å lage betre rammevilkår for det
frivillige Noreg - tore å gi ansvar og oppgåver (og rom for å løyse oppgåvene!)
til alle dei små og store felleskapsarenaene i samfunnet som ligg utanfor
staten sjølv. Ikkje minst med det veksande talet eldre i åra framover, og for å lukkast betre med å integrere tilflyttarar til landet utanfrå, er det
heilt nødvendig.
6. Setje grenser for velferdsstaten
Kjelde: Finansdepartementet |
Slik er det ikkje. Vi veit at det ikkje er sant. Regjeringa
si Perspektivmelding syner at dersom vi held fram med å jobbe stadig mindre og
bruke stadig meir på velferd, vil oljefondet vere tømt og vil vi gå med 600
milliardar kroner i minus innan 2060.
Vi veit difor - sjølv om stort sett berre Sveinung Rotevatn
likar å snakke om det - at det er trong for reformer som avgrensar, eventuelt
ryddar rom for, den sterke auken i pensjonar, trygder og utgifter til velferd
vi veit vil kome.
Ei ny regjering må faktisk tore å snakke høgt om behovet for
å redusere utbetalingane til korttidssjukefråvere, for endringar i
arbeidsmiljølova, for å gjere noko med AFP og pensjonssystemet i offentleg
sektor. Ikkje for å torpedere velferdsstaten, men for å sørge for at han er
levedyktig for våre born og borneborn. Det blir bråk - ja - men det er
heilt nødvendig.
7. Starte ein grøn snuoperasjon
Lofoten og Vesterålen er ei viktig einskildsak. Men jobb nr
1 i miljø- og klimapolitikken er å starte den strukturelle snuoperasjonen frå
dagens oljeøkonomi til ein framtidig grøn fornybarøkonomi.
Her er Noreg i ferd med å kome alvorleg på etterskot etter
åtte år med Ap og "Miljø-Ola" ved roret. Ikkje på noko anna område er
strukturkonservatisme farlegere for framtida enn på energiområdet.
Det er farleg for miljøet, men også for norsk økonomi. Vi lever enno i ei særnorsk oljeboble, der vi veddar sparepengane våre på at det er mange tiår til oljealderen for alvor blir fasa ut til fordel for eit storskala fornybar-samfunn.
Det er farleg for miljøet, men også for norsk økonomi. Vi lever enno i ei særnorsk oljeboble, der vi veddar sparepengane våre på at det er mange tiår til oljealderen for alvor blir fasa ut til fordel for eit storskala fornybar-samfunn.
Denne bobla må vi ut av dei neste fire åra. Vi må for alvor
bevege oss over i fornybarøkonomien. Det er i og for seg knekkande likegyldig
for meg om Frp trur på at klimaendringane er menneskeskapte eller ikkje, så
lenge dei også ser at det er god økonomi for Noreg i å gjere storstilt satsing på fornybar energi, innføre ei eiga klimalov, spreie risikoen i dagens oljefond og investere i å skape morgondagens grøne
næringsliv i Noreg.
Som Venstre-mann vil eg faktisk heller samarbeide med eit
Frp som handlar og ikkje trur, enn eit Ap som trur, men nektar å handle. No må rett og slett den grøne snuoperasjonen av den norske oljefyrte supertankaren ta til.
---
Dette er sju store, kjedelege og usexy oppgåver ei ny regjering
straks må ta fatt på. Uansett om pappapermen
skulle bli 12 eller 14 veker, om det blir vin i butikk eller om
bompengane skulle bli litt høgare eller litt lågare.
Ref punkt 7: Fortel 1 ting som er bra med vindmøller.
SvarSlettInger Leirvåg
Synes at det Bjørlo har sett søkelys på her, er slik folk føler det etter 8 år med rødgrønt flertall. For min del stemte jeg borgerlig på grunn av min bekymring over byrokratiets utvikling de siste 8 årene, og jeg mener faktisk at dette er den aller største utfordringen for den nye regjeringen, for å få Norge på rett kjøl.
SvarSlett