søndag 11. oktober 2009

Når vart sentrum særnorsk?

Det har ikkje mangla analyser av Venstre og sentrums dårlege valresultat, inkludert Simen Sætres bidrag i Morgenbladet nr 37. Eit slåande trekk ved desse analysene er at dei byggjer på eit premiss om at sentrumsparti er nokre særnorske greier som før eller seinare uunngåeleg vil hamne på verdshistorias skraphaug, saman med åsetru, treski og Thor Heyerdahl.

Etter mitt syn, sjølv om eg er så uheldig ikkje å bu i Oslo og få ause av det norske kommentatorlauget sin visdom til dagleg, er dette ein høgst merkverdig konklusjon. Ser ein rundt i Europa elles er vitale, liberale sentrumsparti snarare regelen enn unntaket. Det gjeld på nasjonsnivå så vel som i EU, der dei liberale partia utgjer den tredje største partigruppa i EU-parlamentet, utgjer vippepunktet mellom blå og raude blokker og snarare har styrka enn svekka seg over tid.

Dei europeiske liberale sentrumspartia har generelt sett sterke likskapstrekk med norske Venstre. Dei bygger på liberal/sosialliberal ideologi, er uavhengige av organiserte særinteresser og brenn for personvern og borgarrettar, ønskjer balanse mellom stat og privat sektor og har næringspolitikk, utdanning og forsking som høgt prioriterte saksområde.

Den einaste verkeleg slåande skilnaden mellom Venstre og dei andre liberale partia i Europa er synet på EU og internasjonalt samarbeid. Dei liberale partia er generelt sett blant dei sterkaste, mest konsekvente tilhengarane av EU i sine heimland. Ikkje først og fremst ut frå økonomiske argument, men ut frå eit sterkt demokratisk engasjement for å ”følgje etter” globaliseringa av økonomien med stadig meir overnasjonal politikk. Kampen mot nasjonalistiske/proteksjonistiske straumningar som vil bygge ned EU-samarbeidet fører dei mot krefter både på venstre- og høgresida.

Det er med andre ord vanskeleg å forstå kor det norske kommentatorlauget har funne den naturlova som seier at det i framtidas politiske landskap ikkje er rom for liberale sentrumsparti. Eg ser ingen grunn til at det ikkje i Noreg, som elles i Europa, skal vere plass til eit sterkt, liberalt sentrumsparti mellom to stadig meir polariserte blokker på raud og mørkeblå/blåbrun side. I skuggen av Lars Sponheims person har Venstre i hans tid som leiar i stadig sterkare grad fått ein slik brei, liberal politisk plattform. Også i synet på EU synte sist landsmøte at det har skjedd ei kraftig dreiing i partiet og at det no er eit nokså klart reelt ja-fleirtal i Venstre – sjølv om ein del av noko uklare taktiske grunnar ikkje ville gi dette til uttrykk i partiprogrammet.

Eg trur difor Venstre vil vekse ut av den store skuggen etter Lars Sponheim som eit endå større, blankpussa liberalt sentrumsparti – som kan samarbeide både til høgre og venstre i politikken. Noreg treng eit slikt parti som motvekt til rødt og mørkeblått, og det norske kommentatorlauget blir med dette oppmoda til å legge neste julebord til valfri destinasjon i Europa i staden for Washington D.C.

Alfred Bjørlo, direktevald medlem i Venstres landsstyre

Dette innlegget vart publisert i Morgenbladet på nett 29. september 2009

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar