lørdag 27. juni 2015

Tale ved avdukinga av byste over Oliver Langeland


Bysta av Oliver Langeland, laga av skulptør Frode Lillesund. Til venstre: Frode Fagerli og leiar i
Langelands-komiteen John Olav Vereide. Til høgre: Oberstløytnant Gudmund I. Haugen, tidl. sjef HV10.
Dagen i dag har vore ein spesiell dag på Nordfjordeid. 
Eit heilt folkehav har vore med på avdukinga av ei byste over Major Oliver Langeland. Han var fødd på Nordfjordeid i 1887 og bygde opp og var sjef for den største milorg-avdelinga i Noreg under andre verdskrigen Oslo-Milorg (1942-44). Det er ei byste Forsvaret og det offisielle Noreg på nasjonalt nivå har sagt nei til å vere med på å finansiere - til og med nei til å vere til stades på avdukinga av.
Difor har lokalsamfunnet og folk flest teke saka i eigne hender - for at Oliver Langeland skal få den heideren han fortener. Bysta vart i dag avduka av pensjonert sjef for HV10, oberstløytnant Gudmund I. Haugen, med over 100 etterkomarar etter Oliver Langeland til stades, og 5-600 tilskodarar elles.
Det spesielle med Oliver Langeland er at han på trass av sin krigsinnsats er så godt som fråverande i den offisielle norske krigshistoria, etter å ha retta skarp kritikk mot toppane i norsk politikk og samfunnsliv i åra etter krigen. 
Han ga i 1948/49 ut to bøker med knalhard kritikk mot norske styresmakter sin innsats før, under og etter andre verdskrigen, "Dømmer ikke" og "Forat I ikke skal dømmes". Bøkene skapte stor oppstandelse. Dei vart tema for ei eiga stortingsmelding, han vart anmeld av regjeringa Gerhardsen gjennom Riksadvokaten for injurier - før Høgsterett i 1949 vedtok at bøkene skulle inndragast frå marknaden. Dei vart først tilgjengelege att i 2010, over 60 år seinare. 
Enno i dag er Oliver Langeland sitt knallharde oppgjer med samfunnstoppar som han meinte beskytta seg sjølve i krigsoppgjeret for hard kost til at representantar for det offisielle Noreg ynskjer å heidre Oliver Langeland for sin krigsinnsats. Men i dag fekk i alle fall krigshelten Oliver Langeland folkets og lokalsamfunnets oppreising framfor eit folkehav på Nordfjordeid - 70 år etter.
Eg heldt på vegne av Eid kommune og lokalsamfunnet ei tale på avdukinga. Talen var som følgjer:


Kjære alle frammøtte - inviterte gjester - skulptør - avdukar - og ikkje minst familie av Oliver Langeland: Gratulerer med dagen.

Oliver Langeland var fødd på garden Langeland på Nordfjordeid den 30. januar 1887. Han vaks opp i ei bygd som allereie då hadde vore militær øvingsstad i 250 år - men som i Oliver Langeland sin barndom og oppvekst hadde større militær aktivitet enn nokon gong.

Han vaks opp med offiserar, rekruttar, militære øvingar, manøvrar som ein del av kvardagen. Og endå viktigare: Han vaks opp med dette militære nærveret i ei tid der noko sto på spel.  

Oliver Langeland sin oppvekst i militær-bygda Nordfjordeid fall saman med kampen for å lausrive Noreg frå unionen med Sverige. Krigstrugsmålet var overhengande, sjølv om det til slutt skulle vise seg at vi ved det høvet slapp med skrekken. Det enda med ei fredeleg frigjering frå unionen med Sverige i 1905 - då Oliver var 18 år.

Skal vi forstå Oliver Langeland, trur eg likevel det er viktig at vi kjenner dette bakteppet. At vi forstår kva verdiar, røynsler og idear han hadde med seg frå oppveksten på Eid i 1890-åra. Det å vite at noko står på spel. At livet ikkje alltid er fred og hygge, men av og til blodig alvor.

Det er difor ikkje tilfeldig at denne avdukinga er lagt til same helg som sogespelet Elskhug&Eksis - med handling her frå eksersisplassen på Nordfjordeid i 1890-åra - med rekruttar og militærmusikk som vi her ser rundt oss i den tradisjonen som enno blir halden ved like no i 2015. Dette var Oliver Langeland sin barndom - som han vart prega av for resten av livet.

Oliver Langeland valde ein militær karriereveg. Han var ferdig utdanna offiser i 1908 og fekk kapteins grad i 1915, seinare majors grad. Parallelt med det tok han også sivil utdanning, stifta familie og fekk ei sivil yrkeskarriere. Han vart uteksaminert Cand oecon frå Universitetet i Oslo i 1913, gifta seg i 1915, budde nokre år i Saltdal og vart i 1919 tilsett i likningsvesenet i Oslo, der han budde og hadde sitt virke resten av livet.

Når vi i dag heidrar Oliver Langeland, spring det ut av den innsatsen han gjorde for Noreg, for fred og fridom, under den andre verdskrigen.

I 1942 vart Major Oliver Langeland utpeika av Milorg-leiinga til å bli sjef for det største Milorg-distriktet i Noreg, D13 (Stor-Oslo). Oslo-Milorg låg på det tidspunktet nede etter tyske opprullingar og razziar.

I dei mørke krigsåra frå 1942 til 1944 klarte Oliver Langeland å bygge opp att Milorg Oslo til ein kamporganisasjon, den største i dei norske heimestyrkane, med 7.000 mann under sin kommando. Med livet som innsats, i eit land styrt av ei framand makt, som ikkje skydde noko middel for å knekke motstand.

Seinsommaren 1944 brann det under føtene på Oliver. Han måtte som mange andre røme til Sverige med familien, og kom først attende til Noreg då okkupasjonen var slutt i mai 1945.

Etter alle solemerke skulle Oliver Langeland for lengst ha fått sin velfortente heider og sin plass i soga om dei mørkaste åra i norsk historie, okkupasjonen i 1940-45. Ja, han var faktisk ein av relativt få norske offiserar uteksaminert frå Krigsskulen si øvste avdeling som kjempa aktivt mot dei tyske okkupantane og deira medløparar.

Slik skulle det ikkje gå. Åra etter krigen vart vonde for krigshelten Oliver Langeland. Han hadde eit heilt anna syn på kva som var den rette og sanne historia om krigen i Noreg, om kven som var heltar og kven som var skurkar, enn det som var "gjengs tone" i leiande politiske og juridiske krinsar.

Og han var ikkje redd for å seie ifrå - for å tale makta midt i mot. I to bøker kritiserte Oliver Langeland knallhardt norsk forsvars- og tryggjingspolitikk før krigen, og det han meinte var eit urettferdig rettsoppgjer etter krigen der mange høgt på strå gjekk fri - medan "småfolk" vart hardt straffa.

Det gjekk så langt at bøkene vart inndregne av Høgsterett. Det skulle ta 60 år før bøkene på nytt vart mulige å få tak i og lese.

Og det skulle altså gå 70 år før vi er komne dit vi er i dag: At det for fyrste gong blir reist eit minnesmerke - gitt ein heider - til Oliver Langeland for hans krigsinnsats.



Eg skal ikkje gå i detaljar om det møysommelege arbeidet det har vore å få dette minnesmerket i stand - og den motstanden ein har møtt på vegen. Eg trur det har gitt mange av oss mykje å reflektere over. Om kor farleg det er når det finst berre éi offisiell sanning - og dei som torer å utfordre den, blir handsama på den måten Oliver Langeland vart i åra etter andre verdskrigen.

Ingen av oss kan gjere om på historia. Det som skjedde før, under og etter andre verdskrigen kan ikkje gjerast om - sjølv om eg personleg ikkje trur historia om kva som verkeleg skjedde, enno er ferdig skriven.

Men ein ting må vere klinkande klart. I dag - 70 år etter - i 2015 må vi klare å rydde bordet og sjå framover. Vi må kunne heidre og ære Oliver Langeland som den krigshelten han var. For den innsatsen han gjorde med livet som innsats for å gjere Noreg til eit fritt land og rette opp att det som gjekk gale i april-dagane i 1940 - som han og mange andre såg og åtvara mot. 

Dei som har valt å ikkje vere til stades på markeringa her i dag, kan ingen av oss svare for. Dei må svare for seg sjølve.

Det eg kan seie, som ordførar i Eid, er at Eid kommune og vårt lokalsamfunn stiller seg heilt og fullt bak at Oliver Langeland no får det minnesmerket - og den oppreisinga - han fortener. For oss har det aldri vore nokon diskusjon. Sanninga skal fram. Rettferda bør skje. Den som har gjort ein slik innsats som det Oliver Langeland gjorde under krigen, skal heidrast.

I den aller fyrste kjende skriftlege skildringa av Nordfjord og folket her i fjorden, skriftstykket "Beskrivelse over Nordfiord Herred" skrive av presten Hans Michael Seehus midt på 1700-talet, er folket i Nordfjord skildra på følgjande vis: "Bønderne i Nordfiord ere høflige, muntre, ærlige og arbeidsomme. Man kan tillige ikke nægte, at mange av dem ere hidsige, ja voldsomme, naar dem skeer nogen overlast. Men det er ligesaa sant, at dersom man opfører sig retsindig mod dem, er de saa skiønnsomme, høflige og godgiørende som nogen Norsk Bonde."

Eg trur presten Seehus her traff spikaren på hovudet om folket i Nordfjord - både i 1750, i 1945 og i 2015.

Så kjære forsamling: Tida er inne til å "opføre sig retsindig" mot Oliver Langeland. Eg vil rette ei stor takk til alle som har gitt sine store og små bidrag for å få dette minnesmerket i stand.

Dette er ikkje makta og makthavarane i Noreg sitt monument, det er folket sitt monument. Det blir ikkje mindre verdt av den grunn. Kanskje snarare tvert i mot.

Eg vil rette ein spesiell takk og helsing til den store familien til Oliver Langeland som er til stades her i dag - og som eg veit dette betyr mykje for. Ei heilt særskilt takk vil eg rette til han som har vore den store drivkrafta for at vi står her i dag: John Olav Vereide.

Vil overrekke deg eit hjarte i sølv - som eit lite symbol på ditt brennande hjarte og engasjement for at Oliver Langeland skal få den heideren han fortener - og for at du skal vite at du har heile Eid bak deg i det.



Så kjære alle saman - gratulerer med dagen. Han kjem seint - men no er han komen. I dag heidrar vi krigshelten Oliver Langeland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar