Det er ei stor glede å ønskje velkomen til rocke-eventyr på
Nordfjordeid sommaren 2015: Velkomen til Malakoff!
Foto tatt ved inngangen til Malakoff Rockfestival fredag morgon kl 0930: Sola skin - teltkøen er allereie over 100 meter lang, og folk storkosar seg! |
Eid, med 6.000 innbyggarar til dagleg, er stolt av å vere
vertskap for ein av landets beste og største rockefestivalar.
Eid har vore
samlingsplass for folk frå fjern og nær i hundrevis av år. Vi er vande med, og
trivst med, liv og røre. Ikkje minst vil du som festivalgjest oppleve ei enorm
dugnadsånd. Heile Eida-samfunnet er med å gjere Malakoff til ein festival i
særklasse! Du vil møte over 1.000 frivillige frå nær og fjern i løpet av festivalhelga - tusen takk til alle dei for innsatsen!
Malakoff er i dag kanskje den viktigaste møtestaden for folk
i Eid og regionen rundt og ikkje minst for utflyttarar, studentar og andre med
tilknyting til staden og regionen.
Like viktig for oss som bur på Eid og i Nordfjord til dagleg er det at Malakoff er til stades gjennom heile året.
Med Eid vidaregåande skule i felles bygg med Operahuset
Nordfjord (Noregs einaste operahus utanfor Oslo), Opera Nordfjord, Malakoff
Rockfestival og Rockescena Gymmen, har vi skapt eit kraftsenter for kultur,
skule og entrepenørskap som få andre stader kan vise maken til.
Det er ikkje
tilfeldig at Eid vgs er kåra av NRK P3 til skulen i landet med best samhald og
elevmiljø, eller at Eid i år fleire år på rad er utpeika som ei av ei beste skulekommunane i Noreg: Malakoff har ein del av æra for det!
Eid har slagordet "Eid Inviterer". Det er langt
meir enn eit slagord. Det er rett og slett det vi gjer - også utanom
Malakoff-helga. Vi kan tilby fantastiske oppvekstvilkår for barn og unge,
spennande næringsliv med ein bu- og arbeidsmarknadsregion på 50.000 rundt oss
for deg som er på jakt etter jobb, og natur, kulturtilbod og opplevingar i
særklasse.
Så velkomen til rockehelg på Eid: Nyt livet - og velkomen
tilbake. Eid Inviterer!
Alfred Bjørlo
ordførar i Eid
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar