Seksualisert vold er
eit samfunnsproblem. Festivalar er det ikkje. På NRK radio og nett 21. julikjem kriminolog Ragnhild Bjørnebekk med heilt uhyrlige påstander om "festivalar som ein arena for overgrep" med "seksualisert innhald frå scena", illustrert med eit foto av Malakoff Rockfestival.
Ut frå all mi røynsle er biletet kriminolog Bjørnebekk dreg
opp ein så grov skivebom som det kan bli - og fell under eit kvart minstemål
for vitskapleg metodebruk. Mi oppmoding til ungdom over heile landet er den stikk motsette av Bjørnebekk si: Reis på festival!
![]() |
Foto: Malakoff Rockfestival/Jeanette Løvoll |
"Festivalar har
blitt en arena der det skjer overgrep", seier Bjørnebekk i intervju
til NRK - og meiner tradisjonen frå hippietida og Woodstock (!) endå sit i
hovudet på ein del av festivalpublikummet i Noreg i 2015. Ho slår også fast at
"seksualiserte innhold fra scenen
bidrar til å trigge overgrep", og syner til at ein festival i Tønsberg
synte pornografi frå ein sceneskjerm under ein av konsertane.
Kva samanhengen mellom denne videoframsyninga i Tønsberg og
episodar på andre festivalar andre stader i Noreg på same tid skal vere veit eg
ikkje - men det er mulig kriminologien sit på kvantemekanisk innsikt som eg med
mi oppseding i hypotetisk-deduktiv metode ikkje kjenner til.
Uansett: Eg er så heldig å få vere både ordførar i
vertskommunen for og ein av nær tusen frivillige til ein av festivalane som er
omtalt i artikkelen, Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.
Det eg har sett og opplevd der, er tusenvis av ungdom frå
heile landet som samlast og har det kjekt i lag - som nyt musikk, sommar og
ferie - i ei atmosfære prega av at folk har respekt for kvarandre, bryr seg om
kvarandre og tar vare på kvarandre.
Tenk på det: Malakoff Rockfestival har dei siste tre åra
hatt over 20.000 besøkande kvart år - dei fleste ungdom. 5.000 av ungdommane
har i år løyst billett til Noregs største festivalcamp for ungdom med nær 1.000
teltplassar. Ungdommane får skryt frå alle hald: Frå festivalleiing, politi,
innleigde vakter og dei mange hundre frivillige som har jobba i området. Talet
på ordensforstyrringar har år etter år vore minimalt - faktisk mindre enn i ei vanleg
"festhelg" på ein tilfeldig tettstad i Noreg, trass i at tusenvis av
ungdommar er samla, mange langt vekk heimanfrå.
Ei viktig årsak er eit godt planlagt og gjennomført tryggleiksopplegg
for festivalen i tett samarbeid mellom festivalleiing og lokalt politi, med
nødvendige ekstra ressursar på plass både av politi, innleigde vakter og nær
900 frivillige - mange som ordensvakter.
Eg fekk også - som ein rimeleg musikkinteressert
festivalgjengar - med meg mange av dei over 20 konsertane på festivalen. Ikkje
ein einaste av dei hadde antydning til "seksualisert innhald frå
scena" - med eit lite atterhald om kva definisjon ein kriminolog måtte
legge i omgrepet. Det eg såg, var kanongod musikk av dedikerte musikarar i alle
sjangrar av rock. Gledeleg nok også med fleire kvinnelege artistar og
bandmedlemmer enn tidlegare - flotte og hardstlåande førebilete som unge jenter
har godt av å sjå og oppleve.
Dette biletet er neppe unikt for Malakoff Rockfestival. Festivalarrangørar
over heile Noreg gjer alt som står i deira makt for å skape gode og trygge
opplevingar for ungdom som har festivalhelga som sommarens store høgdepunkt -
og lukkast med dette.
At det førekjem "seksualisert innhold fra scenen"
kan sikkert skje - men samanhengen mellom dette og uønskte episodar med
seksualisert vald framstår for meg i beste fall som spuriøs. Eg har ikkje vore
på Vikedal Roots Festival, ein av dei andre festivalane omtalt i artikkelen.
Men at ein festival med artistar som Kvelertak, Bertine Zetiltz, Violet Road,
Jonas Fjeld Band og Dublin Legends øvst på plakaten skal skape ein
massesuggesjon frå scena til å sprengje akseptable seksuelle grenser, framstår som
relativt lite sannsynleg. I alle fall for ein som er lite bevandra i
kriminologi.
Det er ingen tvil om at seksualisert vald er eit
samfunnsproblem som må takast på største alvor. Det er heller ingen tvil om at
kombinasjonen alkohol, ungdom og fest alltid og til alle tider vil ha
sprengstoff i seg - og at det er trong for å gi krystallklar beskjed til gutar
og menn i alle aldrar om at jenter eig sin eigen kropp, at eit kvart forsøk på
å presse den grensa er uakseptabelt og at den seksuelle lågalderen er absolutt.
Det er likevel ein skivebom av dimensjonar å blinke ut
festivalar som den store, stygge ulven, slik Bjørnebekk medverkar til. Eg ville
- i 2015 som då eg sjølv var 17 i 1989 - vore meir uroa for å sende ungdommane
på heime åleine-fest, "bygdefest" eller å reke rundt i eit tilfeldig
bysentrum enn å sende dei på Malakoff eller andre av dei mange flotte
festivalane rundt om i landet.
Mi oppmoding til ungdom over heile landet er den stikk motsette av Bjørnebekk si: Reis på festival! Få gode minne for livet, nye venner og nyt sommaren i nokre av dei tryggaste rammene som kan tenkast for ungdom som skal utforske verda, musikken - og kanskje også den fyrste kjærleiken.
![]() |
Foto: Malakoff Rockfestival/Jeanette Løvoll |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar