I dag kom nyhenda om byggestart for Lefdal Mine
Datacenter: Eit storskala grønt datasenter i Lefdal Gruve i Nordfjord - med
lokale investorar som hovudeigarar og teknologi-gigantane IBM og Rittal på
laget. Allereie i august 2016 står første del av
anlegget klart, med 250 mill NOK investert.
Her er mi liste over 10 ting å lære av historia om Lefdal Mine Datacentre - for alle som brenn for næringsutvikling, nyskaping og det grøne skiftet.
Det er eit skuleeksempel på
at Noreg si tid som kraftkrevjande industrinasjon ikkje er over - men tvert imot
kan gå inn i ei ny storhetstid som del av det grøne skiftet.
Eg har hatt gleda å følgje
Lefdal Mine Datacenter og grunderane bak heilt frå ideen dukka opp våren 2009. Den
gong var eg dagleg leiar i næringsutviklingsselskapet Måløy Vekst og fekk
"på bordet" ideen om å bygge eit storskala grønt datasenter i den
tomme olivingruva i Lefdal.
Konseptet som då vart meisla
ut og kort tid etter vart tatt vidare til IKT Norge og Regjeringa - ideen om å
lage og merkevarebygge Lefdal Gruve som "The Norwegian Solution" på
verdas enorme behov for datalagringskapasitet - er fascinerande likt det som
no, seks år etter, blir røyndom.
Å sitje på lanserings-arrangementet
i Oslo i dag var difor for meg ei heilt spesiell oppleving.
Politikk - og
næringsutvikling - er ofte å kaste ut høgtsvevande idear og tankar som berre
til ei viss grad blir røyndom. Ofte endra og "knadd" så mykje
undervegs at du knapt kjenner att den opprinnelege ideen. Slik er det ikkje med
Lefdal Mine Datacenter. Her ligg visjonen, konseptet og historia fast - og tar
no av etter seks års intenst arbeid.
I timane etter dagens lansering,
har eg spekulert på kva vi kan lære av historia om Lefdal Mine Datacenter. For
skal Norge lukkast med det grøne skiftet og erstatte fortidas oljeindustri med
eit nytt grønt næringsliv på brei front, er vi avhengig av å få opp hundrevis,
ja tusenvis av små og store "Lefdal gruve"-prosjekt i åra framover -
over heile landet - i eit mangfald av næringar.
Eg trur det er mulig. Eg er overtydd om at det grøne skiftet kan bety meir næringsutvikling, vekst og verdiskaping over heile landet enn oljeindustrien. Her er mi liste over 10 ting å lære av historia om Lefdal Mine Datacentre.
1. Det grøne skiftet er her no.
Eg har til mi store undring
møtt leiande politikarar i mitt eige fylke som går rundt og trur vi har god tid
på dette mykje omsnakka grøne skiftet. Kvifor skal vi skunde oss vidare til
noko anna? Vi lever jo godt av oljen enno, og desse grøne naturressursane - dei
har no alltid vore her, og ligg her no uansett for all framtid?
Dette er så feil som det kan
bli. Akkurat som i oljealderens barndom, er det dei som er tidleg ute i det nye
grøne næringslivet som haustar gevinstane. Det gjeld å vere først på banen,
legge premissane, setje dagsorden.
Lefdal Mine Datacenter gjorde
det. Dei lanserte sitt prosjekt som eit tvers gjennom grønt og klimavennleg
prosjekt tilbake i 2009. Når tida så var inne, var dei klare. Slik er det på
alle område av det grøne skiftet. Rydd bordet. Tenk grønt. Start i dag.
2. Personar betyr alt.
Det som først og fremst er
suksessfaktoren bak Lefdal Mine Datacenter, er ein heilt unik gründertype:
Sindre Kvalheim frå Måløy - og hans evne til å bygge opp eit kompletterande lag
rundt seg. Med andre folk "bak rattet" - og same prosjekt - hadde
ikkje dette gått. Dette er ei læresetning i all næringsutvikling: Dei rette
folka betyr alt. Sindre har fått tillit og backing frå investorar, offentlege
aktørar, politikarar og lokalsamfunn. Han har investert alt han eig og har av
tid og oppspart kapital i prosjektet - og vel så det. Han har hatt evna til å
lose prosjektet gjennom både gode og mindre gode tider - utan å misse gløden og
trua på det han driv med.
Å legge tilhøva til rette for
fleire grunderar som Sindre - det er ein sterkt undervurdert jobb for oss som
samfunn. Det handlar mellom anna om å gi grunder-typane sjanse til å blomstre
allereie på skulen - sikre at dei gode grunderane lærer seg å ta ut den sida av
talentet sitt og ikkje berre utdanne seg til å bli arbeidstakarar.
3. Back grunderane. Uansett.
Jantelova kan vere sterk i
både store og små lokalsamfunn. Det finst nok av dei som likar best å sitje i
ro på sin høge hest og sjå på dei som prøver å få til noko - for så å kome på
bana og seie "kva var det eg sa" når dei ikkje lukkast.
Gløym det. Grunderar skal
støttast og heiast fram - både når dei lukkast og ikkje lukkast. Det er inga
sjølvfølge at Sindre&co klarte det dei i dag har klart: Å få globalt
leiande internasjonale teknologiselskap til å investere tungt inn i ein
"vill" grunder-ide på ein liten stad på Vestlandet. Hadde dei ikkje klart det - men kasta korta og
sagt "Sorry - vi har prøvd alt, men det går ikkje" - skulle Sindre og
resten av Måløy-miljøet fått akkurat like sterk backing frå meg som dei no får
i dag. Dei prøvde - dei ga alt. Hadde det ikkje gått denne gongen, hadde dei
klart det neste gong. Eller neste etter det.
Slik er det å vere grunder. Slik er det å drive næringsutvikling. Hugs det. Ver der også for dei som ikkje får det til - dei som går på trynet.
4. Krise skaper nye mulegheiter.
Den utløysande årsaka til at ideen om Lefdal Mine Datacenter dukka opp, var at det brått vart driftskvile/stopp i olivinutvinninga i Lefdal Gruve. Ein negativ nyhet for regionen - ein trist dag for dei som hadde sitt daglege arbeid i gruva. Ingen kan underslå det.
Men likevel: At noko tok
slutt, ga muligheit til å tenkje nytt om alternativ bruk av areal og
kompetanse. Når Lefdal Mine Datacenter kjem opp å gå, vil talet på
arbeidsplassar vere betydeleg større enn i den gamle gruva - og ein større del
av verdiskapinga vil vere att lokalt.
Slik er det også med
oppbrotet frå oljealderen. Det har ubehagelege konsekvensar når det står på -
men det er nødvendig - og alternativet kan bli betre. Ikkje berre for klimaet,
men også for verdiskaping og lokalsamfunn.
5. Lokal kapital er gull. Ikkje set det på spel.
Noko av det spesielle med
Måløy-miljøet som eg hadde gleda av å jobbe nært med i åra 2007-11, er
tilgangen til lokal kapital: Kapital som er både "smart" og
"varm" på same tid. "Smart" på den måten at vi snakkar om
dyktige forretningsfolk som kan og veit og tene pengar. Men likevel
"varm" - i den forstand at det er kapitalistar som brenn for å skape
verdiar og arbeidsplassar der dei bur - og har tenkt å halde fram å leve liva
sine.
Det er gull verdt. Difor er
eg som Venstre-mann notorisk skeptisk til å
skattlegge lokal aktiv formue og lokal verdiskaping gjennom formueskatt og
eigedomsskatt på næring. Det er desse pengane som skaper gode, framtidsretta
bedrifter som Lefdal Mine Datacenter. Vi vil trenge meir slik kapital i
framtida, ikkje mindre.
Hegn om den lokale kapitalen
- og dei lokale kapitalistane som ikkje "ruger" på pengane, men
brukar dei til å skape verdiar og arbeidsplassar.
6. Kommuner må ha utviklingskapasitet.
Eit stort problem i mange lokalsamfunn
som treng vekst og verdiskaping - særleg små kommuner - er at både kommune og
bedrifter brukar all si tid på drift og "dag til dag"-verksemd - og
ikkje har bygd kapasitet for langsiktig utviklingsarbeid.
I Måløy i 2007-11 var vi så
heldige å ha det. Kommunen hadde fått omstillingsstatus, og næringsliv og
kommune hadde gått saman om å samle ganske betydelege ressursar i eit
utviklingsselskap med "marsjordre" om å tenke langsiktig og sjå på
nye næringsmulighetar langt fram i tid.
Det var grunnen til at det var nokon som kunne hoppe då den gode grunderideen dukka opp. Eg vil alltid vere ein varm talsperson for at kommuner - særleg distriktskommuner - må rydde rom for å ha slik utviklingskapasitet. Anten i kommuneorganisasjonen eller aller helst i eit samspel mellom kommune og næringsliv.
Det vil alltid vere eit press
frå mange i lokalsamfunnet på kvifor ein har folk som "surrar rundt"
og tenker store tankar og brukar pengar som kunne vore brukt på pleie, omsorg
og skule.
Eg trur det er nødvendig. Eit lokalsamfunn skal ikkje byggast for berre eit år eller to. Det må ha eit langt perspektiv. Då må nokon tenke dei lange tankane - og ha kapasitet til å hoppe når det må hoppast.
Eg trur det er nødvendig. Eit lokalsamfunn skal ikkje byggast for berre eit år eller to. Det må ha eit langt perspektiv. Då må nokon tenke dei lange tankane - og ha kapasitet til å hoppe når det må hoppast.
7. Gløym grensene. Back utvikling. Uansett.
Eg er ein varm tilhengar av
ei kommunereform, fordi tida for lengst har sprunge frå dagens kommunestruktur
frå 1960-talet. Men uansett: Det at grensene finst, er inga unnskyldning. Det
er vår plikt å gløyme dei når vi driv næringsutvikling.
I mi tid i Måløy Vekst - eigd
av Vågsøy kommune og næringlivet i Vågsøy - sette vi faktisk dei største
ressursane inn på å løfte prosjekt utanfor Vågsøy sine kommunegrenser. Stad
Skipstunnel i Selje. Kystvegen i Bremanger. Lefdal Gruve så vidt over grensa
til Eid.
Kommunegrenser betyr
ufatteleg lite - det er dei gode prosjekta og deira potensiale som betyr noko.
Difor er det for meg no ein heilt uinteressant debatt som lokalmedia hos oss no
heilt sikkert drar i gang om verdiskapinga og arbeidsplassane rundt Lefdal Mine
Datacenter blir "plassert" i Eid eller i Vågsøy. Gløym det. Det er
berre eitt mål: At vi saman sikrar den verdiskapinga blir så stor og dei
arbeidsplassane blir så mange som mulig. Det må vi jobbe saman om - også langt
utanfor våre to kommuner. Det tener alle på.
8. Handlekraftige politikarar kan gjere ein skilnad.
Då ideen om Lefdal Mine
Datacenter først vart lansert, var vi så heldige å treffe på ein Statsråd som
var klar til å stikke hovudet fram og seie "dette trur eg på - dette går
eg for" - og gi prosjektet nødvendig backing i starten. Det var dåverande
Fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) i 2009.
Så var det nok noko tråare å
få full guff frå resten av den raudgrøne regjeringa for å gå for fullt både for
grøne datasenter, offshore vindkraft og andre nye grøne næringar i åra 2010-11
(Sp-statsråd Ola Borten Moe var den gamle oljetidas mann tvers gjennom, etter mitt syn) - men
dei siste to åra har dette endra seg. I vår kom ein viktig brikke for
realisering av Lefdal Mine Datacenter på plass: Redusert el-avgift for
storskala grøne datasenter.
Å ha Regjering og Storting
"med på laget" for det næringslivet som skal over i den nye grøne
tida, er heilt nødvendig. Det veit alle dei som satsa på havvind eller
bioenergi i åra 2007-11 alt om. Den raudgrøne regjeringa spente bogen høgt -
men leverte ikkje rammevilkår som gjorde det mulig å lukkast for grunderane i
dei nye grøne næringane.
Som Venstre-mann brenn eg
sterkt for nettopp dette. Heldigvis gjer no stadig fleire det same.
9. Innovasjon Norge er der for deg. Bruk dei!
Innovasjon Norge har vore ein
fabelaktig medspelar for Lefdal Mine Datacenter heilt sidan starten. Det har
ikkje berre handla om pengar - men også at dei sit på eit unikt internasjonalt
nettverk som er heilt uunverleg for bedrifter med idear som skal ut i verda.
Allereie i 2010 vart Lefdal Mine Datacenter "launcha" i verdas
teknologihovudstad San Fransisco for den globale IT-industrien.
I dag har Innovasjon Norge
under Anita Krohn Traaseth si leiing blitt meir "på hogget" - og fått
eit betre apparat - for å hjelpe fram det nye grøne næringslivet enn nokon
sinne. Verkemidla har blitt betre, og kapital-instrumenta for grøne grunderar
fleire. Bruk dei!
10. Ta din plass i verda
Globalisering er eit
skjellsord for deler av den politiske venstresida. Det er sjølvsagt rett
at globalisering ikkje alltid er beinkløyvd - men for det grøne skiftet er det
all grunn for Noreg til å ønskje globalisering og opnare grenser velkomen.
Det unike med Noreg, er at vi faktisk har naturressursar, energiressursar og teknologi til å leie an internasjonalt. Vi kan gjere ein skilnad. Vi skal ikkje "låse oss inne" med vår eigen energi og eigne naturressursar i ein nasjonal marknad. Vi skal tvert imot med heva hovud gå ut i verda og seie at vi kan hjelpe fleire til ei grønare framtid. I ein globalisert økonomi kan dei nye vekstbedriftene, og dei nye teknologiløysingane, like gjerne ligge i Nordfjord som i Silicon Valley eller Kuala Lumpur.
Det unike med Noreg, er at vi faktisk har naturressursar, energiressursar og teknologi til å leie an internasjonalt. Vi kan gjere ein skilnad. Vi skal ikkje "låse oss inne" med vår eigen energi og eigne naturressursar i ein nasjonal marknad. Vi skal tvert imot med heva hovud gå ut i verda og seie at vi kan hjelpe fleire til ei grønare framtid. I ein globalisert økonomi kan dei nye vekstbedriftene, og dei nye teknologiløysingane, like gjerne ligge i Nordfjord som i Silicon Valley eller Kuala Lumpur.
Det er dette Lefdal Mine har
sett. Dei har profilert seg som "The Norwegian Solution" på eit
globalt problem - og tort å ta sin plass i verda utan å gå vegen om Hermansverk
eller Oslo. Dei fryktar ikkje verda, men ser at dei kan hjelpe verda til å bli
ein betre stad - med lokal verdiskaping og vekst som bieffekt.
Mykje meir kunne ha vore
sagt, men eg stoppar her for denne gongen. Når sjølv Moses klarte seg med 10 bod, skal ikkje eg prøve meg på fleire. Berre ein ting gjenstår: Gratulerer med
dagen, Lefdal Mine Datacenter!
![]() |
Glad gjeng samla i dag: Alfred Bjørlo (ordførar i Eid), Mats Andersson og Sindre Kvalheim (Lefdal Mine Datacenter), Morten Hagen (ordførar i Vågsøy). |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar