Fylkesordførar i Møre
og Romsdal, Jon Aasen, må gjerne styre Møre og Romsdal. Men han kan ikkje få
fjernstyre Sogn og Fjordane. Koloniherrane si tid er forbi.
Fotokjelde: Bryant, William Cullen and Sydney Howard Gay. A Popular History of the United States. New York: Charles Scribners' Sons, 1881, via US History Images |
Fylkestinget i Sogn og Fjordane har vedtatt E39-trase gjennom Nordfjord med fjordkryssing Lote-Anda, midt i regionen, framfor fjordkryssing lengst inne i fjordbotnen ved Svarstad i Stryn. Fylkestinget sin valde trase vil erstatte dagens ferje, medan alternativet lenger inne vil etablere eit fjerde kryssingspunkt av Nordfjord, der alle dagens tre ferjer må halde fram og gå som før.
Regjeringa
sine kvalitetssikrarar av konseptvalutgreiinga for E39, Terramar og Oslo Economics, tilrår også fjordkryssing av Nordfjord over Lote-Anda. Det gir i
følgje Regjeringa si uavhengige kvalitetssikring ein netto nytteverdi for
samfunnet som er heile 2-3 milliardar kroner høgare enn indre line.
Same
konklusjon har Victor Normann og SNF i Bergen kome til, ved å bruke same
reknemodell Statens Vegvesen har brukt for å bereikne verdien av å bygge
Møreaksen og E39 Bergen-Stavanger: Det er overlegen samfunnsverdi av å legge E39 midt i Nordfjord, og dermed utvikle heile Nordfjord/Søre Sunnmøre som ein samla bu- og arbeidsmarknadsregion. Ja, E39 gjennom midtre trasé i Nordfjord er i følge SNF eit av dei mest lønsame
utbyggingsprosjekta på heile E39!
Alt
dette avfeiar fylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen, glatt. I intervju med NRK har følgande karakteristikk
av konklusjonen til Fylkestinget, Terramar, Oslo Economics og SNF: "Jon Aasen peikar på at Senterpartiet har ei sterk avdeling i Gloppen, og at dei kjempar hardt for at vegen skal krysse Nordfjorden på strekninga Anda-Lote."
Senterpartiet
står riktignok sterkt i Gloppen. Sterkare enn både Jon Aasen og eg i ei ideell verd skulle ønskje. Men at dei kontrollerer eit breitt politisk
fleirtal i Sogn og Fjordane, landets leiande økonomiske fagmiljø i Oslo og
tidlegare Høgre-statsråd Victor Normann sitt fagmiljø ved NHH i Bergen - det er eit verdssyn Jon Aasen står relativt åleine om.
Jon
Aasen må gjerne meine akkurat det han vil. Det som likevel er utruleg - og
uakseptabelt - er at Jon Aasen syner slik nedlatande arroganse mot nabofylket i
sør når han veit at alle dei aktuelle trasealternativa for E39 i
Nordfjord er rimelegare og har betre netto samfunnsnytte enn nokon av
dei tilrådde storinvesteringane på E39 i Møre og Romsdal: Hafast/Fefast og
Møreaksen spesielt.
Eg konstaterer at Jon Aasen med den største selvfølge ynskjer Hafast framfor Fefast, sjølv om Hafast er dyrare og tek lenger tid enn alternativet. Det er greit. Eg
meiner - i likskap med Jon Aasen gjer på heimebane i Møre og Romsdal - at det
er rett å satse tungt på å bygge ut E39 der den best utviklar sterke bu- og
arbeidsmarknadsregionar.
Men
at Jon Aasen på ramme alvor meiner at prinsippet om
vegbygging for størst samfunnslønsemd berre skal gjelde dei 35 milliardane som
skal brukast på E39 i Møre og Romsdal, mens det motsette prinsippet - billige vegar for låg samfunnsnytte - skal
gjelde for dei 4-5 milliardane som skal brukast i nabofylket Sogn og Fjordane,
det er heilt uakseptabelt. Då er det koloniherren som talar, ikkje
samfunnsbyggaren.
Endå
verre er det å lese Jon Aasen si raljering med Kvivsvegen i studentavisa
"Næravisa" i Volda sist veke.
Kvivsvegen er opna, og utviklar no
indre Nordfjord og Søre Sunnmøre som éin samla bu- og arbeidsmarknadsregion på
ein ypperlig måte. Vegen har óg skapt ein ny aust-vest forbindelse frå Sunnmøre
som alt har begynt å flytte betydeleg trafikk frå Romsdalen til Strynefjellet.
Alt dette er brått blitt totalt uinteressant for Jon Aasen, som til Næravisa 15/3-13 gir følgande knusande dom om Kvivsvegen pr i dag: "Tunellen ble ikke bygd for noen få hundre mennesker i Stryn og
Hornindal. Det er jo bare noen få privatbiler som bruker den vegen slik den er
i dag".
Beklager,
Jon Aasen. Dette er - for å seie det rett ut - tyleprat. Sogn og Fjordane er ikkje ein tilbakeståande kolonistat mellom dei verdiskapande fylka i nord og sør, som du skal frakte fisk og flosklar gjennom raskast råd.
Skal
Vestlandet utviklast, må vi utviklast saman. Vi må bygge vegar slik at det
utviklar heile Vestlandet, også Sogn
og Fjordane. Kvivsvegen gjer det allereie, og står på eigne bein uansett. Å
legge E39 midt gjennom Nordfjord vil no vere ei uovertruffen investering for å
utvikle Sogn og Fjordane til eitt samla fylke, og heile Nordfjord og Sunnmøre
til ein samla bu- og arbeidsmarknadsregion.
Det
er samfunnsutvikling og regionbygging i praksis. Det burde du som
fylkesordførar stø opp under, ikkje raljere over.
Tida
for koloniherrar er forbi. Sogn og Fjordane kan, vil og må stå på
eigne bein. Så må vi bygge oss sterke saman med Møre og Romsdal - og heie fram
utviklingspotensiala og dei gode vegprosjekta i alle vestlandsfylka.
Alfred Bjørlo
Ordførar
i Eid og fylkestingsrepresentant (V)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar