Eg var på arbeid alle tre dagane i påskeveka. Måndag hadde eg mellom anna møte med alle frivillige lag som arbeider med tilbod til flyktningar og innvandrarar i Eid (Sanitetsforeninga, Røde Kors, Frivilligsentralen), og tysdag kveld hadde vi eit rekordstort Påsketreff i Operahuset Nordfjord med nær 400 besøkande og 40 bedriftsstands. Mange nye kontakter vart oppretta på det som no har blitt eit årvisst arrangement som Eid er iniativtagar til og vertskap for, og kvelden vart avslutta med "sleppefest" for band-lista til Malakoff 2013. Det blir ein betre festival enn nokon gong - og det seier ikkje lite!
I morgon startar ei ny arbeidsveke. Mitt program for dagane som kjem finn du under.
Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid - denne veka er fredag den beste dagen. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke!
Strategisamling Norsk Fjordhestsenter
Onsdag 3. april
Møte i Nordfjordrådet
Felles formannskapsmøte for Nordfjord-kommunane om Nordfjord sjukehus
Torsdag 4. april
Møte i Hovudutval Opplæring i fylket
Helsingsinnlegg til årsmøte i Sogn og Fjordane Skogselskap
Helsingsinnlegg til årsmøte i Coop Vest
Helsingsinnlegg til årsmøte i Coop Vest
Fredag 5. april
Kontordag. Intervju med Fjordabladet om ny kommuneplan. Intervju med mastergradsstudent om krisehandtering i samband med Dagmar
Ettermiddag/kveld: Helsingsinnlegg til årsmøte i Vestlandske Psoriasisforening
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar