Dei to siste vekene har eg for første gong på eit år ikkje lagt ut vekeplan på nett. Er inne i ein håplaus periode når det gjeld planlegging og faste strukturar, etter at Regjeringa uventa bestemte å utsetje traseval for E39 gjennom Nordfjord i samband med framlegginga av Nasjonal Transportplan, sjølv om avgjerda er gryteklar etter avslutta KVU og Kvalitetssikringsrapport.
Det skaper ein midlertidig unntakstilstand i Nordfjord - noko som på alle måtar er uheldig. Vi kan berre vone at denne "leiken med Nordfjord" snart tek slutt, og at Regjeringa skjer gjennom og fattar eit traseval om E39 i løpet av kort tid i tråd med Fylkestinget sitt vedtak, uavhengige kvalitetssikringsanalyser, analyser av regionale effekter og klare førehandssignal frå sentrale regjeringsmedlemmer om kva konklusjonen vil bli. Vi har inga tid å miste: Vi må bruke tida til å utvikle regionen vår saman, ikkje til evigvarande stillingskrig om ei avgjerd som aldri kjem..
Uansett: Midt oppi dette går dagane unna i eitt, og det skjer spennande og flotte ting på Eid og elles i fylket kvar einaste dag for tida. Her kjem ei kort oversikt over kva eg har drive med sist veke, og planane mine for veka som kjem (eg skulle eigentleg ha vore på besøk til Eid si vennskapskommune gjennom 15 år i Zambia denne veka, men den turen har eg avlyst på kort varsel på grunn av E39-saka. Har i det minste tatt alle nødvendige vaksiner før turen, slik at eg er budd på å reise kvar det skulle vere på kort varsel i tida framover...)
Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid - denne veka er tysdag og fredag best. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke!
Måndag 22. april
Møte i Nordfjordrådet
Tysdag 23. og onsdag 24. april
Kommunalkonferansen, Oslo
Kveld: Generalforsamling i Reisemål Stryn og Nordfjord (Eid kommune er aksjonær)
Torsdag 25. april
Kl 9-10: Møte i Administrasjonsutvalet
Kl 10-1730: Møte i Formannskapet
Fredag 26. april
Kontordag. Interne møte.
Laurdag 27. april
Statsborgarseremoni for nye innbyggjarar i Sogn og Fjordane, Operahuset Nordfjord
Søndag 28. april
Måndag 29. april
Ta i mot alle 8. klassingane på Eid Ungdomsskule på besøk på Rådhuset
Kontordag
Kveld: Samling i Florø om "Gullkysten" i regi av Maritim forening Sogn og Fjordane
Tysdag 30. april
Kontordag og interne møte
Kl 1330 og ut dagen: P3 Skolesessions til Eid i samband med at Eid vgs har vunne nasjonal kåring av beste skule for elevane: Utekonsert med Margaret Berger og LidoLido
Kveld: Gruppemøte Eid Venstre
Onsdag 1. mai
Kveld: Seminar for nye utstillarar på Hingsteutstillinga på Nordfjordeid - velkomst frå Eid kommune
Torsdag 2. mai
Kommunestyremøte Møtet startar kl 14 i Kommunestyresalen på Rådhuset, og blir også sendt på Nordfjord Nærradio. Før kommunestyremøtet vil det også bli eit møte i valstyret.
Fredag 3. mai
Kontordag. Interne møte.
Kveld: Festmiddag i samband med Hingsteutstillinga
Storstilt Sogn og Fjordane-markering på Youngstorget i Oslo: Eid har eigen stand med m a "ope ordførarkontor"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar