Solidaritet og sosialdemokrati er to ulike ting.
Under den raudgrøne regjeringa har vi fått eit tiltakande klasseskilje på bustadmarknaden. Unge i etableringsfasen utan rike foreldre er
dei store taparane. Krava til eigenkapital for å byggje eigen bustad stig til
himmels. BSU-ordninga held ikkje tritt med utvikling i bustadpriser.
No vil den raudgrøne regjeringa på toppen av alt fjerne det
siste "halmstrået" vi som er lokalpolitikarar ute i
distrikta har for å hjelpe ungdom inn på bustadmarknaden: Kommunane sitt høve til
å bruke Startlån gjennom Husbanken til å reise nødvendig eigenkapital for å
dekke deler av 15%-kravet.
Fleire bustader for unge krev ei ny regjering. Åtte år med
Arbeiderpartiet og Senterpartiet sin "klasseskiljepolitikk" på
bustadmarknaden må vere nok.
Venstre går til val på å redusere eigenkapitalkravet til
unge etablerarar, og ei kraftig forbetring av BSU-ordninga til 30.000 kroner pr
år og 300.000 kroner samla. Då blir det lettare for ungdom å byggje opp
eigenkapital.
Venstre vil også ha langt sterkare satsing på bygging av rimelege
bustader og utleigeleilegheiter over heile landet. Husbankens må kunne gi lån til vanlege utleigebustader
på same måte som til sosialbustader.
Røyst Venstre for ein meir solidarisk bustadmarknad!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar