I
likestillingssamfunnet Noreg blir éi av fire kvinner utsett for vald i
parforholdet. Talet kvinner og born som må søke tilflukt på
krisesenter er aukande. Kvar tiande kvinne i Noreg har blitt valdtatt, mange av
dei av kjærast/partner eller andre dei har nære relasjonar til.
Nokon
- også enkelte kvinner som har kome seg opp og fram - meiner Kvinnedagen har
utspelt si rolle. På nokre samfunnsområde er det sant. På andre område, som den
skjulte valden i nære relasjonar, er det så langt frå sanninga som det kan få
blitt.
I
november 2013 besøkte Generalsekretæren i Norske Kvinners Sanitetsforening,
Anne-Karin Nygård, Eid i høve 90-årsjubileet til Nordfjordeid Sanitetsforening.
Anne-Karin
Nygård heldt ei gripande tale om korleis Sanitetskvinnene i 100 år har stått
opp for dei som treng det mest i samfunnet vårt - og at jobben ikkje er over.
Ho
ba difor Eid kommune om éi gåve til Norske Kvinners Sanitetsforening i høve
90-årsjubileet til lokalforeninga: At vi sto opp for den skjulte valden kvinner
blir utsett for - og at Eid som fyrste kommune i Sogn og Fjordane lagar ein
Handlingsplan mot vold i nære relasjonar.
Det
er ei utfordring vi skal ta. Eg vil med dette innfri gåveønskjet frå
Sanitetsforeninga: Eid kommune skal lage
ein Handlingsplan mot vald i nære relasjonar, og setje dette viktige temaet på
dagsorden.
Vald
i nære relasjonar er eit samfunnsproblem som grip inn i alle typar familiar, i
alle sosiale lag, store og små stader i landet. Regjeringa anslår i ein fersk rapport at mellom 75 000 og 150 000 personar, i
hovudsak kvinner (men også menn!), årleg blir utsette for vald i nære relasjonar i Noreg. Dei høge tala for vald mot kvinner kan ikkje bortforklarast med at det handlar om "nokon andre" - innvandrarar, familiar med spesielle sosiale eller psykiske problem, storbyar etc. Dette skjer - bokstaveleg talt - i dei beste familiar.
Brote ned til Eid kommune, tilsvarer det mellom
75 og 150 personar i vårt lokalsamfunn som blir utsett for vald i nære relasjonar - kvart år. Omfanget er rett og slett
skremmande. For kvar einskild éin valden rammar, er det ei tragedie - som mange
ber aleiene fordi dei ikkje torer å fortelje andre kva som skjer.
Den
mest effektive måten å bekjempe vald i nære relasjonar på, er rett og slett at
vi alle bryr oss om kvarandre, og at vi i alle lokalsamfunn set temaet på
dagsorden. Ingen skal sitje aleine med "skamma" over å bli ramma av
skjult vald. Alle som blir utsett for det skal vite at bruk av vald innanfor
heimens fire veggar - uansett type, uansett kjønn - er uakseptabelt. Og når vi her
snakkar om vald, snakkar vi ikkje berre om fysisk vald - det kan også
vere psykisk vald, seksuelle overgrep eller rett og slett kontrollerande åtferd
for å halde kustus på eigen partnar/familie.
Behovet
for ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar i Eid er allereie drøfta i
Politirådet, samarbeidsorganet mellom Lensmannen i Eid og kommunen. Vi
er samde om at det er eit riktig og viktig tiltak å arbeide med, i eit lokalsamfunn
som elles heldigvis er blant dei fredelegaste og tryggaste i landet.
Med ein Handlingsplan mot vald i nære
relasjonar kan vi få meir kunnskap om temaet på bordet, og få eit samordna
hjelpetilbod på plass.
Vi kan få til forpliktande samarbeid mellom sektorar og fag, slik at alle vert
betre i stand til å møte dei samansette problemstillingane vold i nære
relasjonar reiser.
Vi kan også få system på samarbeidet med frivillige
organisasjonar og lokalsamfunnet elles, slik Sanitetskvinnene
inviterer til.
Eg ser
fram til godt samarbeid om å utarbeide ein Handlingsplan mot vald i nære
relasjonar. Slik kan vi skape eit endå betre lokalsamfunn å bu i - også bak
fasaden.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar