Har slurva med å legge ut vekekalender på nett dei siste to vekene - det er berre å beklage. Skjerping er på veg!
Kort oppsummert har dei to vekene som har gått blitt brukt til å halde innlegg på Nasjonal Brannvesenkonferanse på Gardermoen, Høyringsmøte for Regional Verdiskapingsplan Sogn og Fjordane, Lokalpolitisk Nettverk Sogn og Fjordane Venstre (denne helga), møte i Kommunalministeren si Referansegruppe for ny kommuneinndeling, styremøte Nordfjord
Vekst, møte i Politirådet i Eid - og
heldigvis også til å kunne gjere unna ting på kontoret og interne møte som har samla seg opp etter mykje reising i vekene før.
Veka som no står for døra blir tettpakka. Vi får besøk på Eid både av Helse- og omsorgsminister Bent Høie, kulturutvalet i fylket og ein stortingsrepresentant frå Venstre, det er operapremiere og det er eit fullstappa formannskapsmøte der vi mellom anna skal handsame arealdelen av ny kommuneplan for Eid.
Det kan bli vanskeleg å få til møteavtale på Rådhuset denne veka, men ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke!