Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er fredag beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til denne eller andre dagar. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
søndag 22. mars 2015
Vekeplan veke 13-14/2015
På torsdag vedtok Formannskapet i Eid å legge ny arealplan for Eid kommune ut på 2. gongs høyring, etter ein særs grundig og god høyringsprosess av fyrsteutkastet. Alt tyder på at vi får ein ny arealplan som gir oss det grunnlaget vi treng for å utvikle kommunen vidare: Nye bustad- og næringsareal, friare råderett og nye mulegheiter for mange grunneigarar som ynskjer å utvikle sin eigedom - og vi har sikra dyrka mark som er nødvendig for den livskraftige og veksande landbruksnæringa i Eid. Utan tvil ei av dei viktigaste og største sakene i denne kommunestyreperioden!