På talastolen på Venstres landsmøte om "Grøn vekst" |
Vil du avtale ein prat med meg i nær framtid, er denne veka vanskeleg, men komande veke mykje betre. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
På torsdag vedtok Formannskapet i Eid å legge ny arealplan for Eid kommune ut på 2. gongs høyring, etter ein særs grundig og god høyringsprosess av fyrsteutkastet. Alt tyder på at vi får ein ny arealplan som gir oss det grunnlaget vi treng for å utvikle kommunen vidare: Nye bustad- og næringsareal, friare råderett og nye mulegheiter for mange grunneigarar som ynskjer å utvikle sin eigedom - og vi har sikra dyrka mark som er nødvendig for den livskraftige og veksande landbruksnæringa i Eid. Utan tvil ei av dei viktigaste og største sakene i denne kommunestyreperioden!
Vil du avtale ein prat med meg komande veke, er fredag beste dagen. Ta kontakt, så ser vi kva vi får til denne eller andre dagar. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke - her kjem vekeplanen min både for veka som no er i gong og dei to vekene vi har bak oss!
Tysdag 7. april
Møte Venstres Ordførarnettverk, Oslo
Onsdag 8. april
Apell på "Bondefrukost" utanfor Stortinget i regi
av Norges Bondelag
KS sitt Kommunapolitiske toppmøte
Torsdag 9. april - søndag 12. april
Venstres landsmøte, Oslo
Måndag 13. april
Styremøte Sagastad
Felles informasjonsmøte for Stortingsbenken m fl på
Nordfjord Sjukehus
Felles informasjonsmøte for Stortingsbenken m fl på
Norgesvinduet Bjørlo
Tysdag 14. april
Kontordag/interne møte
Onsdag 15. april
Representantskapsmøte Kommunalbanken, Oslo
Torsdag 16. april
Europadag for næringslivet i SFj, Skei
Fredag 17. april
Møte med aktørar i cruisenæringa om cruisesatsing Eid
Planleggingsmøte opning av Klatreparken
Måndag 20. april
Møte Nordfjordrådet
Tysdag 21. april
Kommmunereform-møte Selje/Vågsøy/Eid
Felles ROS-møte (risikoanalyse) Selje/Vågsøy/Eid
Onsdag 22. april
KS Bedrift sin landskonferanse, Oslo
Torsdag 23. april - fredag 24. april
Samling for Nordiske Trebyar, Stockholm
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar