Eg var på arbeid alle tre dagane i påskeveka. Måndag hadde eg mellom anna møte med alle frivillige lag som arbeider med tilbod til flyktningar og innvandrarar i Eid (Sanitetsforeninga, Røde Kors, Frivilligsentralen), og tysdag kveld hadde vi eit rekordstort Påsketreff i Operahuset Nordfjord med nær 400 besøkande og 40 bedriftsstands. Mange nye kontakter vart oppretta på det som no har blitt eit årvisst arrangement som Eid er iniativtagar til og vertskap for, og kvelden vart avslutta med "sleppefest" for band-lista til Malakoff 2013. Det blir ein betre festival enn nokon gong - og det seier ikkje lite!
I morgon startar ei ny arbeidsveke. Mitt program for dagane som kjem finn du under.
Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid - denne veka er fredag den beste dagen. Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.
Ha ei fin veke!
