tirsdag 30. desember 2014

2015: 10 prosjekt som vil fornye Eid

Den som har begge beina på jorda, står stille”, skriv forfattaren Tor Åge Bringsværd.

Er det noko det ikkje vil gjere i Eid i 2015, er det å stå stille. Knapt nokon gong tidlegare vil fleire utbyggings- og utviklingsprosjekt pågå samtidig i Eid enn i året vi no går inn i.

Så ved inngangen til eit nytt år: Her er 10 prosjekt som vil fornye Eid - med det til felles at dei blir gjennomført heilt eller delvis i 2015.


Oversiktsfoto Eid (privat)

mandag 20. oktober 2014

Ikkje mobb distrikta, Per Sandberg!


Ikkje mobb distrikta, Per Sandberg! I 2014 kan du hurtig-lade elbil på Sandane og køyre plug-in hybrid på Stadt med same rekkevidde som ein bensinbil. Vil du ha 1980-talets bilavgifter tilbake, får du finne deg andre sanningsvitne enn moderne bygdemenneske.

Opning av hurtigladestasjon for el-bil på Sandane, 2014 (Foto: SFE)

fredag 12. september 2014

Avgjerda tatt: Eg tar attval


Har i dag omsider svart nominasjonsnemnda i Eid Venstre på noko dei har masa på svar om lenge (og leiar Gunvald Ludvigsen kan å mase, ver du trygg): 

Eg stiller til attval som ordførar i Eid i 2015.


tirsdag 9. september 2014

Kommunereform: Større kommuner - større oppgåver


Den nye Regjeringa har fyrt av startskotet for ein storstilt kommunereform - den fyrste kommunereformen i Noreg sidan 1964. Det er bra, og på høg tid. 

Måten reformen blir starta opp på, er litt meir pussig. Kommunar over heile landet blir no bedt om å ta den "gode nabopraten" med kommunane rundt - for å kome fram til det Kommunalminister Jan Tore Sanner kallar "gode lokale løysingar" for kommunesamanslåing.

fredag 18. juli 2014

Velkomen til Malakoff 2014!


Kjære alle besøkande på Eid 18.-19. juli 2014: Velkomen til eit nytt sommar-rockeeventyr på Nordfjordeid - Velkomen til Malakoff Rockfestival! 


Eid, med 6.000 innbyggarar til dagleg, er stolt av å vere vertskap for ein av landets beste og største rockefestivalar. Eid har vore samlingsplass for folk frå fjern og nær i hundrevis av år. Vi er vande med, og trivst med, liv og røre. Ikkje minst vil du som festivalgjest oppleve ei enorm dugnadsånd. Heile Eida-samfunnet er med å gjere Malakoff til ein festival i særklasse!

Malakoff er i dag kanskje den viktigaste møtestaden for folk i Eid og regionen rundt og ikkje minst for utflyttarar, studentar og andre med tilknyting til staden og regionen.

Like viktig for oss, er det at Malakoff er til stades på Eid gjennom heile året.

Med Eid vidaregåande skule i felles bygg med Operahuset Nordfjord (Noregs einaste operahus utanfor Oslo), Opera Nordfjord, Malakoff Rockfestival og Rockescena Gymmen, har vi skapt eit kraftsenter for kultur, skule og entrepenørskap som få andre stader kan vise maken til. Det er ikkje tilfeldig at Eid vgs i fjor vart kåra av NRK P3 til skulen i landet med best samhald og elevmiljø eller at Eid i år er kåra til den 4. beste skulekommunen i Noreg: Malakoff har ein del av æra for det!

Eid har slagordet "Eid Inviterer". Det er langt meir enn eit slagord. Det er faktisk det vi gjer - også utanom Malakoff-helga. Vi kan tilby fantastiske oppvekstvilkår for barn og unge, spennande næringsliv med ein bu- og arbeidsmarknadsregion på 50.000 rundt oss for deg som er på jakt etter jobb, og natur-, kulturtilbod og opplevingar i særklasse.

Så velkomen til rockehelg på Eid: Nyt det gode liv hos oss - og velkomen tilbake! Eid Inviterer!

Alfred Bjørlo
ordførar i Eid