søndag 21. august 2011

Apell ved valkampopning på Eid 20. august 2011

Godtfolk. Dei tragiske hendingane den 22. juli gir denne valkampen eit heilt spesielt bakteppe. Heile poenget med å drive valkamp, og å gå til val, er å engasjere seg i demokratiet. I korleis landet og lokalsamfunnet blir styrt. Det som blir kalla folkestyre.


Folkestyre kan vi aldri ta som ei selvfølge. I sommar har 76 personar - dei aller fleste ungdom - mista livet på grunn av hat mot folkestyret.


Det er noko som aldri vil bli gløymt.


Men det er likevel vår plikt som politikarar, veljarar og innbyggarar i kvar våre lokalsamfunn, å sørge for at folkestyret lever vidare. Helst sterkare enn nokon gong før. Difor er det rett å drive valkamp. Difor skal vi ikkje vere redd for open politisk diskusjon i avisa og på gata. Difor er det viktig for alle i Eid å engasjere seg i kven som skal styre kommunen vår dei neste fire åra.


Eg flytta tilbake til Eid for fire år sidan, etter 15 år med utdanning og jobb i Bergen og Oslo.


Det gjorde eg fordi eg trur vi har framtida føre oss. Fordi Eid er ein god plass å bu og vekse opp i dag, men også fordi vi har enorme muligheter i heile regionen vi bur i til vekst og tilflytting. Det har eg lyst å gi mine bidrag til å få til. Det er grunnen til at eg stiller som ordførarkandidat i Eid for Venstre ved dette valet. Eg trur på framtida - men ikkje på at den kjem av seg sjølv.


Striden rundt Nordfjord sjukehus er eit godt eksempel på at framtida ikkje kjem av seg sjølv. Sett frå utsida er det som no held på å skje vanvittig. Vi har eit velfungerande sjukehus med effektiv drift og sterke fagmiljø, som attpå til er blinka ut av Regjeringa til å bli "fremtidens lokalsjukehus" - men som no blir bygd ned bit for bit etter innfallsmetoden i ein runddans mellom Regjeringa og det lokale helsebyråkratiet.


Og kvifor blir sjukehuset bygd ned? Statssekretær Tord Dale i Helsedepartementet forklarte det i vår med at Statistisk Sentralbyrå sine prognoser seier at folketalsveksten i framtida ikkje vil skje hos oss.


Alvorleg talt. Tenk viss dei unge næringslivsgrunderane eg jobbar med ute i Måløy skulle tenkt på same måte? Latt vere å starte bedrift fordi det "sikkert er kroken på døra om nokon år likevel". Tenk viss ei Kari Pavelich eller ein Arnt Ivar Naustdal skulle sagt "Nytt operahus? Større Malakoff-festival? Nei, vi kan ikkje gå i gang med noko slikt, for prognosane seier at det skal gå nedover her i fjorden."


Ærlig talt. Slik kan vi ikkje ha det. Vi er ikkje i blinde krefters vold - anten dei no kallar seg Statistisk Sentralbyrå, Jon Bolstad eller noko heilt anna. Vi må ta grep om vår eiga framtid, rette ryggen og sjå framover i felleskap.


Difor går Venstre til val på Ny vekst i Eid. Vi vil setje skulen først. Vi vil ha ein skule det skin av. Dei siste fire åra har skulane våre fått kutta driftsrammene sine bit for bit, slik at det kvar år blir litt mindre tid til kvar elev, litt færre lærarressursar og litt trongare i kvardagen. Det vil Venstre ha slutt på. Vi vil auke satsinga på skulen i Eid - auke ressursane ute på den enkelte skule. Venstre vil vere eit skuleparti også når kvardagen kjem etter valet.


Så vil vi ta nåken viktige steg vidare for å bygge eit sterkare Nordfjord. Eid Venstre går til val på at vi vil invitere kommunane rundt oss med på å utgreie samling til større kommuner i Nordfjord, og setje oss nåken høge mål for kva vi då kan få til saman.


Vi meiner Nordfjord bør sette seg eit felles mål om innflytting av 200 statlege arbeidsplassar dei neste ti åra. Venstre meiner vi bør lage ein "Samferdslepakke Nordfjord" der vi går saman om å få bygd både Nordfjordbrua, 45-minuttsregionen og Riksveg 60 innan år 2020, pluss timesavgangar med buss i alle retningar. Det er å knyte Nordfjord saman i praksis.


Ei røyst til Venstre er ei røyst for ny vekst i Eid, med ein sterkare og tettare samanknytt region rundt oss. Venstre vil ha lokalsamfunn der folk styrer si eiga framtid og er «med på laget».


Uansett kven de har tenkt å stemme på: Tida er inne for å rette ryggen og ha høge mål for framtida for Eid og Nordfjord. Eg trur vi har tak i halen på noko stort. God valkamp, og godt val!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar