mandag 31. desember 2012

Godt nytt år!


(Nyttårshelsing på trykk i Fjordabladet 29.12.2012)

"Vi har alt, men det er også alt vi har", seier visesongaren Ole Paus i ein av sine tekstar. 

Det er ei treffande skildring av Noreg anno 2012. FN har ti år på rad kåra Noreg til verdas beste land å bu i. Vi lever lenger, har større materiell velstand, betre offentleg tryggleiksnett, fleire valmulegheiter og meir informasjon til rådvelde enn noko anna folk nokon gong har hatt nokon stad i verda.

Det er eit fantastisk utgangspunkt. Men det er ikkje noko å slå seg til ro med. Levekårsstatistikk og velferdsstat gir ikkje av seg sjølv eit godt samfunn eller eit lukkeleg liv. 

Å bu i verdas beste land gir ingen fribillett til lukke.


Uansett kva statistikken og nasjonalrekneskapen syner, må kvart einaste  lokalsamfunn, familie og einskildperson sjølv gjere jobben med å skape vårt gode liv der vi bur og lever. Store og små fellesskap, samhald og gode lokalmiljø er like viktig i Noreg ved inngangen til 2013 som nokon gong før. Ja, sett frå ståstaden til kvart einskild lokalsamfunn er det til og med viktigare enn før - fordi auka valfridom og auka materiell velstand óg betyr auka fridom til å velje vekk.

Stadig færre av oss kjem til å "vera på Bufast all vår dag", slik Tarjei Vesaas skildra det gamle bondesamfunnet. I framtida kan stadig fleire velje, eller velje vekk, kvar ein vil leve livet sitt. Er ei kommune som Eid eit godt lokalsamfunn å bu i, blir vi eit samfunn fleire vil velje, og som veks. Lokalt engasjement, lokalt folkestyre og lokal utviklingskraft er meir avgjerande for vekst enn noko anna.

Difor skal vi ved inngongen til 2013 nytte høvet til å rette ryggen og gle oss over det flotte lokalsamfunnet vi har i Eid, og kan møte framtida med. Vi må bli flinkare til å snakke kvarandre opp, og ikkje ned. La meg gje nokre døme:

Når Eidaskulen år etter år har framifrå skuleresultat, samtidig som færre unge fell frå skulen gjennom ungdomstida enn nokon stad elles i landet og ungdomskriminaliteten er så godt som ikkje-eksisterande - så er det noko vi alle skal vere stolte av! Det har med ein god skule å gjere, men eg trur også det har med eit fantastisk kultur- og idrettsliv i kommunen, som skapar ein rik kvardag og gjer Eid til eit eldorado for born og unge å vekse opp i uansett evner og interesser.

Når Nordfjordeid sentrum  i 2012 vart kåra til ein av Noregs fem mest attraktive tettstader på grunn av eit framifrå tettstadsmiljø og sterk kultursatsing med Operahuset Nordfjord og Malakoff som flaggskip, så er det skal vi alle gle oss over - uansett kvar vi bur. Eit sterkt og attraktivt sentrum i vekst er bra for alle.

Når Eid Bondelag i 2012 for andre år på rad vart kåra til landets beste og mest aktive bondelag, så er det ikkje berre bøndene våre som skal vere stolte av, og gle seg over det! Ei aktiv, framoverlent og framtidsretta landbruksnæring er bra for heile kommunen - også for sentrumseidarane!

Når Nordfjord Psykiatrisenter - i skuggen av vonde og vanskelege omstillingar på Nordfjord sjukehus - i 2012 for tredje år på rad vart kåra til Noregs beste distriktspsykiatriske senter, så fortener det langt større merksemd enn det til no har fått. No blir også det unike fagmiljøet der utvida med ein ny fylkesdekkande ruspost med over 20 nye stillingar. Det er imponerande, utruleg viktig for den ofte gløymde pasientgruppa som her får hjelp, og noko vi skal vere stolte av og gle oss over.

Og ikkje minst: Suksesshistorier forsterkar kvarandre. Mangfald avlar mangfald. Kvar elles finn du ei kommune som er på topp i landet innanfor både skule, kultur, sentrumskvalitetar, helsekompetanse og landbruk - med ein spennande region rundt seg på alle kantar? 

Å gle seg over og "snakke opp" andre sin suksess gjer oss sjølve betre, ikkje dårlegare.

Eg er endå meir overtydd i dag enn då eg tok til som ordførar for eit drygt år sidan om at Eidasamfunnet har framtida føre seg. Vi ligg midt i Nordfjord, midt på Vestlandet, midt i verda. I skrivande stund fekk vi nyhenda om at Eid no i romjula 2012 er kåra til ei av dei 20 mest effektivt drevne kommunene i heile Noreg. Det syner at vi også i sjølve kommuneorganisasjonen gjer mykje rett, og er på rett veg.

I 2013 må vi legge til rette for at endå fleire kan få ei god framtid på Eid, og få augene opp for dei fantastiske kvalitetane lokalsamfunnet vårt har. Vi må bygge fleire bustader, få ytterlegare fart på ny næringsutvikling, og bli endå meir framoverlente på skule, kultur og lagspel mellom kommune og frivillige krefter. Vi må få til betre lagspel med nabokommunene våre, og vi må vere budde på å ta imot fleire nye innbyggarar til Eid enn tidlegare som kjem frå vanskelegare kår enn oss. Det er dei opne og inkluderande lokalsamfunna som veks, ikkje dei som fryktar det nye og ukjende.

Ei ekstra helsing ved inngongen til 2013 går til 150-årsjubilanten Eid Idrettslag. Landets eldste bygdeidrettslag som skal feirast så det smell - og er eit idrettslag som i sitt 150. år er større og meir mangfaldig enn nokon sinne. Vi gler oss også til at Eid og Operahuset Nordfjord i mars er vertsskap for opninga av 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane fylke - til 10-års jubileet for Malakoff og NM i Fjordhest i juli, og mange andre store og små kjekke hendingar i Eid i året som står for døra. Eid jubilerer - og inviterer!

Mange av oss har i jula lese dei kloke orda til professor i sosialmedisin Per Fugelli i Dagbladet. Der skriv han mellom anna: "Mennesket er ikke et 1-tall. Det går ikke an å leve i individuelt isolat. Du blir dannet av måten du danser med flokkene dine på. Derfor blir egenskapene til fellesskapene våre så viktige".

Dei viktigaste fellesskapa, dei viktigaste flokkane ligg på lokalplanet. I kommunen, i bygdelaget, i familien og i skule- eller jobbfellesskapet. La oss nytte 2013 til å gjere desse flokkane betre - saman. Ha ei triveleg nyttårshelg - og eit riktig godt nytt år!

Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar