tirsdag 1. januar 2013

Vekeplan veke 1-2/2013


For eitt år sidan hadde eg som "ordførar-nyttårsforsett" å legge ut vekeplanen min på nett/blogg kvar veke. Det er eit nyttårsforsett eg stort sett har halde gjennom heile 2012, og som vonaleg har vore nyttig og interessant for fleire enn meg sjølv (tilbakemeldingane tyder i alle fall på det!). 

Eg er overtydd om at det er viktig for folkestyret at det er enkelt å følgje med på kva vi folkevalde driv med, og enkelt å kome i kontakt. Å offentleggjere vekeplanen er ein del av dette for min eigen del, og eg ser ingen grunn til å avslutte denne vanen når vi no går inn i eit nytt år.

Så her kjem årets fyrste vekeplan. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar"). Link til Eid kommune si offisielle Facebook-side er også nyttig.

Denne veka er eg på kontoret onsdag og fredag, medan eg er bortreist heile veke i samband med "sluttspurten" i eit statleg utval eg er med i som representant for norske kommunar, som skal sjå på den statlege ekstraberedskapen ut over i heile landet når ulukker og andre større hendingar rammar oss - anten vi no snakkar terror, uvêr, storulukker eller andre hendingar. Vi er no inne i sluttspurten av arbeidet, som skal vere ferdig innan mars 2013.

Vel møtt til eit nytt år - les ei lita nyttårshelsing skriven for vår lokalavis Fjordabladet her!

Onsdag 2. januar
Kontordag (på Rådhuset)

Torsdag 3. januar
Div. møte i Oslo (mellom anna om klima og miljø frå ein kommunal ståstad)

Ettermiddag/kveld: Folkemøte om ny kommuneplan for Eid i Holmøyane (kl 17-19) og Heggjabygda (kl 20-22). Sjå eigen møteinvitasjon på Eid kommune si Facebook-side

Fredag 4. januar 
Kontordag (på Rådhuset)

Måndag 7. til torsdag 10. januar
Fredag 11. januar
Kontordag (på Rådhuset)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar