torsdag 17. januar 2013

Fleire utleigebustader i Eid


For å få fart på bygginga av nye utleigebustader, legg Eid kommune no ut for sal ei kommunal tomt i Nordfjordeid sentrum øyremerka utbygging til utleigebustader, på heilt spesielle vilkår.
  
Eg trur denne modellen, som vi no testar ut, kan ha stor overføringsverdi også til andre tettstader med ein trong utleigemarknad.

Dei beste sentrumstomtene i privat eige blir, i Nordfjordeid som andre stader, stort sett brukt til utbygging av bustader for sal. Det helsar eg velkomen, og vi har heldigvis mange spennande utbyggingsprosjekt av leilegheiter for sal på gong i Nordfjordeid sentrum i regi av dyktige entrepenørar. 

Men: Dette skaper samtidig behov for at kommunen tek ei meir aktiv rolle i å sørge for at det også er god tilgang til attraktive utleigebustader for nyinnflyttarar i Nordfjordeid sentrum - dersom vi ønskjer utvikling og vekst.

Eid kommune ønskjer difor no å utfordre entrepenørbransjen til å kome opp med gode konsept for tett utbygging av ei stor bustadmasse for både sal og utleige - der innhaldet i utbyggingskonseptet og husleiga på utleigebustadene vil vere viktigare i konkurransen enn prisen kommunen får for tomta.

Mange, særleg unge, vil gjerne "prøve ut" å bu på ein stad i ein periode før ein går til det store steget det er å kjøpe ein bustad. Då er god tilgang til attraktive utleigebustader ein nøkkel for å få endå fleire til å flytte hit.

Den aktuelle tomta i Nordfjordeid sentrum (Golvsengane for lokalkjende - 100 meter unna barnehage og 4-700 meter unna barneskule, ungdomsskule, vidaregåande skule og kulturhus/operahus) er på ca 3200m2, og regulert til bustadføremål med "tett utbygging". Kravet Eid kommune set til utbyggjarar som vil delta i konkurransen, er at minst 6 bueiningar skal nyttast til utleigeføremål med førehandsdefinerte prisar, og at minst tre av desse skal vere 2-roms leilegheiter eller større. Plikt til utleige gjeld i 10 år, og maksimal utleigetid til kvar leigetakar skal vere tre år (gjennomgangsbustader). Ut over dette står utbyggar fritt til å selje/leige ut dei øvrige bueiningane, og til evt sal av dei seks utleigeeiningane etter 10 år.
Kontrakt vil verte tildelt tilbydaren med det mest fordelaktige tilbod for å nå kommunen sine mål om auka tilgang til utleigeleilegheiter i Nordfjordeid sentrum.

Nordfjordeid sentrum er ein uvanleg "kompakt" tettstad, som i fjor vart nominert som ein av fem finalistar i ei nasjonal kåring av Norges mest attraktive tettstad. Eid kommune har også pendlingsmulegheiter til ein arbeidsmarknadsregion med 40-45.000 menneske innanfor ein times reiseavstand, noko som gjer Nordfjordeid til ein attraktiv plass å busetje seg for mange "jobbpendlarar" i regionen.

For meir informasjon om Eid og Nordfjordeid (inkl "fotobank", sjå http://nordfjordeid.no/ 

For meir informasjon om tomtesalet og fullstendig konkurranseutlysing, sjå https://eid.kommune.no/Artikkel.aspx?AId=2842&back=1&MId1=338&MId2=&MId3=& 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar