søndag 27. januar 2013

Vekeplan veke 5/2013

Veka vi snart har bak oss har vore uvanleg hektisk. Vi har hatt to viktige formannskapsmøte - eitt av dei saman med Gloppen for å vedta planoppstart for fjordkryssinga Lote-Anda. Vi har også hatt heildagsbesøk på Eid av den nye konsernsjefen i SFE og leiaren for NTNU sitt Smartgrid-senter - for å besøke det heilt spesielle elektro- og automasjonsmiljøet på Eid og drøfte framtidig samarbeid.

Ny konsernsjef i SFE, Terje Gjengedal, og Jan Onarheim frå NTNU
på bedriftsbesøk - her hos Nordplan AS.
Det har i tillegg vore politiske kveldsmøte kvar einaste kveld måndag-torsdag, før veka vart runda av på særs hyggeleg vis fredag med bursdagsfest i Gjerdane barnehage, som fylte 25 år på fredag. Flott underhaldning av ein stor barneflokk, og hyggeleg samvere med born og vaksne i barnehagen etterpå.
25-årsfest for Gjerdane Barnehage - med Hakkebakkeskogen!
Komande veke blir heilt annleis for min del. I morgon tidleg går turen til Longyearbyen på Svalbard, for ei avsluttande arbeidsveke med det statlege utvalet for å sjå på staten sine forsterkingsressursar ved kriser og katastrofer - særleg korleis vi kan organisere Heimevernet og Sivilforsvaret best mulig for å yte bistand utover landet i framtida. Er vi budd på å møte ein ny "Dagmar" - og kva må til for at vi brukar ressursane staten sit på endå meir målretta til det i framtida?

Det skal også bli ei stor oppleving å besøke Svalbard for første gong. Alle eg har snakka med som har vore der blir drøymande i blikket og skryt uhemma av den flotte naturen der oppe, så eg har store forventingar.. Den lange polarnatta tek slutt medan vi er der oppe - men temperaturen kryp neppe over 20 minus, skal ein tru veirmeldinga.

Uansett: Livet går sin gang i det politiske liv i Eid denne veka også, i mitt fråvere. I morgon er det samferdslepolitisk møte i Førde med to statsrådar og E39 på dagsorden - her stiller formannskapsmedlem og Sp-frontfigur i Eid, Sigurd Reksnes. I morgon får vi også besøk til Eid og Norsk Fjordhestsenter av ei arbeidsgruppe som ser på framtidig organisering av dei nasjonale sentra for dei norske hesterasane - her vil varaordførar Gunvald Ludvigsen helse velkomen på vegne av Eid kommune. Gunvald Ludvigsen vil også delta i mitt fråvere i eit møte med IMDI (Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet) på onsdag om mottak av flyktningar.

Internett og telefon virkar også på Svalbard: Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Det er også hyggeleg/nyttig om du følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar"). 

Ha ei fin veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar