mandag 14. januar 2013

Vekeplan veke 3/2013




Slik - med linjegymnastikk anno 1863 - sparka turngruppa i Eid Idrettslag i helga i gong eit litt spesielt jubileumsår i Eid. Landets eldste landsidrettslag, Eid Idrettslag, fyller i år 150 år. Samtidig feirar Eid Musikklag 100 år. Og det skjer same år som Sogn og Fjordane fylke fyller 250 år - med oppstart av fylkesjubileet her på Eid i mars. Kort sagt: Eid jubilerer - i 2013! Mykje meir om det etter kvart.

Under ser du nokre av mine planer for veka vi no er inne i. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar"). Link til Eid kommune si offisielle Facebook-side er også nyttig.

Ha ei fin veke!

Måndag 14. januar
Møte med Eid Ungdomsråd og Eid vgs om "mekkeverkstad".
Møte med Frivilligsentralen om planar for 2013 - signering av partnerskapsavtale
Kontordag ut over dette.

Tysdag 15. januar
Møte med Eid vgs
Møte/befaring Nordfjord Psykiatrisenter
Møte i referansegruppa for Kommuneplanen

Onsdag 16. og torsdag 17. januar 
Siste arbeidssamling i "Den gode skuleeigar", Førde.

Fredag 18. januar 
Felles kommuneleiingsmøte Eid/Selje/Vågsøy

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar