mandag 20. mai 2013

17. mai-tale Hennebygda 2013

Hennebygda, 17. mai 2013

(Hennebygda er ei bygd på nordsida av Nordfjorden, langs den nye "Panoramavegen" mellom Eid og Stryn. Bygda var tidlegare veglaus og tilhøyrde Gloppen kommune, men har seinare fått vegutløysing både mot Eid og Stryn. Bygda vart del av Eid kommune rundt 1990. Her kan du lese meir om Hennebygda).



Kjære alle saman – Gratulerer med dagen!

Alle land har ein nasjonaldag. Men nesten ingen andre land har ein 17. mai. Då meiner eg ikkje sjølve datoen, men 17. mai slik vi feirer dagen. Med barnetog. Med leikar og moro. Med fest for heile folket – i kvar by og bygd – slik som her i Hennebygda i dag.

Det skal vi vere stolte av. Måten vi feirer 17. mai på, seier noko om at vi bur i eit land der vi kan løfte i flokk og gjere ting saman. Ikkje fordi nåken har bestemt det for oss. Men fordi vi vil sjøl.

Vi er så heldige å bu i eit land der vi kan vere frie menneske. 17. mai 1814 – Eidsvollsforsamlinga og Grunnlova - la grunnlaget for det. Og ved å nytte denne fridomsmarkeringa til å vere samla, slik som her i dag, syner vi at fridom ikkje treng å bety egoisme. Fridom betyr langt oftare at vi har dei kreftene, den viljen, den gløden som skal til for å løfte i flokk. Gjer vi det, kan vi få til det utrulige.

For å seie det med den norske 17. maiferinga sin far, Henrik Wergeland, i diktet ”Oppmuntring til en yngling”:
Umuligt? Nei! grib bare an, og byd alvorligt til!
Tro mig, min Ven, Den meget kan, som bare rigtigt vil.

Viljen til å få til det du brenn for sjølv om andre seier det er umulig –  og evna til å gjere det i fellesskap med andre av eigen fri vilje - det sit i ryggmargen på oss. Og det er ein del av arven etter 17. mai 1814.

Nasjonalstaten er eitt felleskap. Men det finst også utruleg mange andre: Fylke, kommune, bygder og grender, lag og foreningar.

Dei små, lokale fellesskapa, som her i Hennebygda i dag er trådane i den store, nasjonale veven. Er dei trådane blasse og svake, så blir heile den nasjonale veven blass og svak. Er trådane fargerike og sterke, så blir også den nasjonale veven fargerik og sterk.

I vårt vesle hjørne av landet har vi uvanleg mange slike fellesskap som kan feire og jubilere i år. Fylket vårt - Sogn og Fjordane - fyller 250 år. Her i Eid fyller idrettslaget - Eid Idrettslag - utrulege 150 år som eitt av dei eldste idrettslaga i landet. Eid Musikklag fyller 100 år som eitt av dei eldste musikklaga i landet. Sanitetsforeninga i bygda fyller 90 år. Og i juni feirar Elskhug og Eksis - den fantastiske historia om livet på Eid sin gamle eksersisplass - 10-års jubileum med si femte oppsetning, under leiing av ein innflytta hennjar som eg ser er her i dag..

Alle desse jubilea - fylket, idrettslaget, musikklaget, sanitetskvinnene, militærhistoria, heng saman. Og dei heng saman med 17. mai. Det er ein del av historia om korleis Noreg har blitt eit fritt land. Framveksten av det norske militærvesenet - med eksersisplassen på Eid som den eldste i Noreg med røter heilt tilbake på 1600-talet - var avgjerande for at nasjonalstaten Noreg kunne bli til i 1814. Framveksten av det frivillige idretts- og musikklivet - det var ein utruleg viktig del av "nasjonsbygginga" på siste halvdel av 1800-talet.

Og enno i dag er dette fantastisk rike lag- og organisasjonslivet- frivilligheten, dugnaden - noko av det mest rotnorske som finst. Det er ikkje for ingenting at ordet ”dugnad” er kåra til Noregs nasjonalord.
Og ikkje minst er den store dugnadsånda årsaka til at små stader som Eid kan få til dei utrulege store tinga vi faktisk får til. Med Malakoff, med Opera Nordfjord, med Elskhug og Eksis - med alle dei over 250 frivillige laga som finst i kommunen vår i dag. Mange av dei laga finst ute i bygdene, og der er Hennjebygda eit strålande eksempel!

Her i Hennjane er de flinke til å stå saman og gjere ting saman. Det har vore nødvendig oppp gjennom historia - det her var jo lenge ei veglaus bygd som rett og slett måtte klare seg sjølv - men det har fortsett med det etter at vegane har kome i nær sagt alle retningar. Ta vare på det og dyrk det - og ha opne armar til dei som kjem nye i bygda. Då er det all grunn til å tru at bygda vil leve og bløme også i framtida.

I tillegg til alle dei lokale jubilea, feirar vi også eit stort og viktig nasjonalt jubileum i år: 100-årsjubileet for innføringa av kvinneleg stemmerett i 1913. Det syns eg er verdt å stoppe opp ved også på 17. mai.

Det gjekk altså 99 år frå grunnlova vart skriven på Eidsvoll i 1814 til vi hadde eit demokrati i Noreg der alle kvinner og menn kunne delta på like fot. Ja, så seint som på 1890-talet, vart ideen om kveinneleg stemmerett latterlegjort frå Stortingets talarstol - og det vart sett fram dei fryktelegaste truslar om korleis samfunnet ville bli sett av styr viss kvinnene slapp til ved stemmeurnene.

Og enno i dag er ikkje likestilling mellom kvinner og menn ei selvfølg. Enno lever kjønnsroller, kjønns-stereotypar og kroppshysteri i beste velgåande. Endå må kvinner vere meir utrygge enn menn når ein går ute ein sein kveld i byane våre. I USA har - tru det eller ei - kvar sjette kvinne blitt eller forsøkt blitt voldtatt. Og i store deler av verda er sjølv den mest grunnleggande likestilling mellom kvinner og menn enno berre ein fjern draum.

Ei av dei sterkaste opplevingane eg har hatt som ordførar hende berre for eit par veker sidan. Då banka det på døra på kontoret mitt ei vaksen kvinne som kom som flyktning til Eid for nokre år sidan, frå eit av dei fattigaste og mest krigsherja landa i heile verda. Ho kom hit saman med to av ungane sine - resten av familen var spreidd for alle vindar i ein nådelaus borgarkrig. Det som har skjedd sidan er ei lang historie, men heldigvis ei lukkeleg historie. Familien er no omsider samla. Dei har fått statsborgarskap i eit nytt land. Ungane har fått begynne på skule og fått venner. Dei har fått kjøpt sitt eige hus, og er etablert i bygda.

Og så, heilt til slutt, og årsaka til at kvinna kom på kontoret mitt den dagen: Ho ville rett og slett fortelje at ho no hadde fått brev i  posten med tilbod om fast heiltidsjobb i Eid kommune, etter fleire år som ekstrahjelp og vikar.

Eg trur det er vanskeleg for oss, i vår stort sett trygge tilvere der vi er vant til at alt ordnar seg og velferdsstaten tek mot oss viss vi fell, å forstå kor uendeleg viktig eit slikt brev kunne vere - og kor lite sjølvsagt det er mange stader i verda å ha ein grunnleggande trygghet for hus og heim - å ha ein fast jobb å gå til - og ei trygg framtid for ungane. Og eg trur det er liten tvil om at det er dei fleste drøymer om - og vil strekke seg langt for å oppnå.

Og det minner oss om at i store deler av verda er det dei sterke kvinnene som held samfunnet oppe - som må ordne opp og jobbe døgnet rundt for både å tene til livets opphald og få familien til å henge saman. Slik var det også her i Hennebygda og i Eid for eit par- tre generasjonar sidan - då mennene kanskje var vekkreist på fiske eller anleggsarbeid i lange periodar. Det var kvinnene som ordna opp og tok tak, styrte garden, styrte huset og familien. Det er også ein viktig del av historia om korleis landet vårt har blitt til. La oss i dag, i jubileumsåret for kvinneleg stemmerett, rette ein ekstra takk til alle kvinnene som har gått føre og vist veg, og bygd samfunnet i det stille, utan like store ord som oss innimellom litt meir brautande mannfolka..

Så fridomen vi la grunnlaget for i 1814 - det er ei seig og omstendeleg affære å få til. Kanskje når vi aldri idealet om full fridom for alle. Men vi må aldri slutte å strekke oss dit. Kvinner og menn - nordmann eller utlending - vi har alle dei same rettane, dei same behova og dei same draumane om eit fritt og godt liv.

Så eg vil avslutte der eg starta: Det vi feirar 17. mai, det er til sjuande og sist fridomen vår. Den første byggesteinen i fridomen vi i dag nyt fruktene av – det var grunnlova av 17. mai 1814.

Nytt den fridomen godt. No er det ikkje lenger Eidsvollsmennene, Kong Haakon eller andre frå ei anna tid som skriv historia om Noreg. No er det oss. Gi kvarandre albogerom og ver engasjerte. I bygda og utanfor. Då kan vi sjå framtida lyst i møte.

Gratulerer med 17. mai 2013 – nyt dagen!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar