onsdag 8. mai 2013

Tale på 8. mai-markering på Eid 2013


Frigjeringsdagen 8. mai 1945 er ein av dei tre viktigaste datoane i norsk historie - saman med 17. mai 1814 og 7. juni 1905.

I Eid høgtidar vi kvart år 8. mai med opptog gjennom gata med flaggborg og korpsmusikk, og markering med talar og blomar ved minnesmerket for dei falne frå Nordfjord i andre verdskrigen. I år var dette eit fellesarrangement mellom Eid kommune, Norsk Reserveoffiserforening, Plassens Venner, Røde Kors og Eid Frivilligsentral, med taler frå Eid kommune, Reserveoffisersforeninga og Røde Kors. Over 100 personar deltok - dei fleste også til hyggeleg utandørs kaffislabberas etterpå på den gamle eksersisplassen i Nordfjordeid sentrum.

Eg hadde æra av å halde tale for dagen ved "Sørgende Mor"-minnemerket. Her kan du lese talen min. På slutten kan du lese om dei heilt spesielle militære tradisjonane i Eid, som strekker seg nesten 400 år tilbake i tid og enno er livskraftige.


Velkomne til markeringa av Frigjeringsdagen, Veterandagen og Den Internasjonale Røde Kors-dagen på "Plassen" på Nordfjordeid 8. mai 2013.

Fred og fridom er ikkje noko som kjem av seg sjølv. Og når fred og fridom fyrst er til stades, må det aldri takast for gitt. Fred og fridom må kjempast for, forsvarast og vinnast. Igjen og igjen. 

Det er kanskje den aller viktigaste bodskapen i markeringa vi er samla til i dag: Markeringa av frigjeringsdagen frå den tyske okkupasjonen av Noreg 8. mai 1945, og dei mange frå Nordfjord som før den dagen omsider kom, sette livet til i fedrelandet si teneste. 

For dei aller fleste var 8. mai 1945 ein gledens dag. Ein jubeldag. Fred og fridom etter fem år med okkupasjon og krig. Ja, ikkje berre jubeldag, men starten på ein "jubelmånad" som saknar sidestykke i norsk historie, og som nådde klimaks 7. juni då Kongen steig i land i Oslo og sette foten på norsk jord for første gong sidan 1940. Det er nesten umulig å forestille seg for oss som ikkje opplevde det, kor stort dette må ha vore. 

Men 8. mai 1945 var ikkje ein jubeldag for alle. 

Ikkje for dei som aldri fekk sine kjære heim. Ikkje for familiane og venene til dei som har namnet sitt på monumentet bak oss her i dag. 

Ikkje for dei mange tusen norske krigsseglarane. Dei som ga sitt liv på sjøen siglande under norsk flagg, mange av dei utan nokonsinne å få namnet sitt på eit monument, eller utan at familiane deira fekk den takka og oppreisinga dei hadde fortent frå den norske staten. 

Ikkje for alle dei som kom heim frå krigsteneste eller fangeleirar med arr på kropp og sjel som aldri skulle gro, Fysiske og psykiske sår som skulle prege dei og deira familiar for resten av livet. 

Og ikkje for dei som hadde ei historie om krigen og krigsåra som kanskje ikkje passa inn i den "offisielle forteljinga" - den som fort blir skapt etter ein krig. Eitt av dei mest slåande døma på det i heile norsk krigshistorie er det ein eidar som står for: Oliver Langeland, som var sjef for Milorgs største ståande styrke i Noreg fram til 1944 og ein av våre store krigsheltar, men som aldri fekk den heideren og merksemda han fortente i åra etter krigen. Historia hans har først dei aller siste åra kome fram i lyset - den er verdt å studere for dei som enno ikkje har gjort det. 

Uansett: Markeringa av frigjeringsdagen 8. mai er både ein festdag - og ein dag for ettertanke. For å minnast med respekt dei som ga sitt liv for at vi andre skulle få fridom og fred. 

No er krigsåra i Noreg i ferd med å forsvinne ut av "manns minne". Dei fleste som deltok i krigsteneste for Noreg i 2. verdskrigen er ikkje lenger blant oss. Dei som enno hugsar krigen og krigsåra, er alle i besteforeldregenerasjonen, rundt dei 75 eller eldre. 

Eg meiner vi må gjere det vi kan for at 8. mai-tradisjonen ikkje forsvinn ut av historia med dei. Dette er ein dag som må leve vidare. 

Og skal dagen leve vidare som ein høgtidsdag, må han fornyast. Nye lag må leggast til historia. Ikkje for å skjule dei gamle, men for å få heile biletet, ideane og verdiane frå 8. mai 1945 endå betre fram, for nye generasjonar. 

Difor markerer vi her i dag ikkje berre Frigjeringsdagen i 1945, men alle norske veteranar som har tenestegjort for Noreg etter andre verdskrigen. 

Det er mange. Over 100 000 nordmenn har tenestegjort frå 1945 og fram til i dag i nær 100 ulike internasjonale operasjonar i meir enn 40 land. Mange av dei har også kome heim merka for livet - fysisk og psykisk. 

Eg meiner det er rett at vi no óg nyttar 8. mai til å gi veteranane våre den heideren dei fortener - heile vegen frå Tysklandsbrigadane fram til våre dagars styrker i Afganhistan, Libya og andre stader. 

Det er lov å ha ulike meiningar om kvar enkelt krig og konflikt Noreg går inn i. Men det må aldri få rokke ved vår respekt for dei som faktisk går i krigen for oss, når Regjering og Storting først har tatt ei avgjerd om at Noreg skal bidra. 

Då er vi forbi seminarstadiet. Veteranane fortener å bli tatt vare på når oppdraget er utført.
Vi som sit trygt heime skal ta det ansvaret. Det er det minste vi kan stille opp med. Veteranane er norske menn og kvinner som har vore beredt til å ofre livet for konge og fedreland - for fridom, fred og demokrati.

Det er den raude tråden som går heilt frå 1945 til dagens menn og kvinner i kongens kle rundt om i verda. Det er den raude tråden i den felles markeringa her i dag av Frigjeringsdagen, Veterandagen og den Internasjonale Røde Kors-dagen. Evig engasjement for våre felles verdiar - i krig og i fred - i inn- og utland. Ingenting er viktigare enn det.

Så vil eg heilt til slutt få peike på at det ikkje er tilfeldig at vi akkurat her på Eid er av dei stadene i landet som held oppe tradisjonen med å feire 8. mai. 

Vi står no på landets eldste ekersisplass - med ei nær 400-årig militær historie bak seg. Den historia er enno levande i Eid.

Vi har i dag det einaste militære øvingssenteret i heile Sogn og Fjordane: Firda Kaserne. Men ikkje berre det! Militærhistoria er tettare vevd inn i lokalsamfunnet i Eid enn dei fleste andre stader.

I år feirer Eid Idrettslag 150 år, større og meir vitalt enn nokon gong. Eid Idrettslag, eller turnforening som det heitte den gongen i 1863, var blant dei aller første idrettslaga i landet, og var ei direkte "knoppskyting" av militærmiljøet på Eid.

Det same kan vi seie om Eid Musikklag, som i år fyller 100 år, og er arvtakaren etter den militære "Kjøsnesmusikken".

Når Eid Musikklag på 17. mai i år går reveljen om morgonen klokka sju, og eidarane troppar opp til tappenstrek om kvelden klokka åtte, er ikkje det noko nymotens påfunn. Det er gamle militærtradisjonar som enno lever i bygda vår - og er med å knyte band mellom fortid og notid, på same måte som feiringa her i dag.

Og neste månad, i jonsokhelga, er tida inne for utespelet Elskhug og Eksis her vi står no - ei fantastisk, storstilt framsyning av militærlivet her på Nordfjordeid i ei anna tid kor fridomen og freden sto på spel: Dei dramatiske åra rundt 1900, kor Noreg braut ut av unionen med Sverige og fekk vårt eige flagg og vår eigen konge. 

Kort sagt: På Eid er vi med å halde dei sterke militære tradisjonane på Nordvestlandet ved like. Vi gjer ein jobb med å synleggjere banda mellom folk og forsvar på lokalplanet, langt under radaren til dei høge herrer og fruer i leiinga av Forsvarsdepartementet og Forsvarsleiinga i Oslo. 

Det er viktig. På same måte som det er viktig med eit Heimevern som er til stades i heile landet. På same måte som det er viktig at Noreg stiller opp i internasjonale operasjonar for fred og fridom rundt om i verda, fordi solidaritet og menneskeverd ikkje kjenner landegrenser. På same måten som eg trur det enno er viktig for det nasjonale samhaldet om vårt "fredsoppdrag" med verneplikt - gjerne for begge kjønn slik mange politiske parti no går inn for - og gjerne med eit utvida samvirke mellom militæret og det sivile samfunnet. 

Verda endrar seg. 
Det gjer også Forsvaret sine oppgåver. Men verdiane endrar seg ikkje. Trongen for folkeleg deltaking i og forståing for eit sterkt forsvar endrar seg heller ikkje.

Så la oss halde fram å markere 8. mai her på Eid og andre stader i landet. La oss minnast i dag alle som har falle i teneste for Noreg - ute og heime.

Til slutt vil eg bere fram ei blomehelsing frå Eid kommune for å gjere ære på dei vi vil minnest spesielt her i dag: Nordfjordingane som ofra livet for vår fridom i krigsåra 1940-45.


Fred over deira minne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar