søndag 1. desember 2013

Vekeplan veke 49/2013

Ei av dei demokratiske ulempene med dagens kommunestrutkur, er at han skaper behov for ei heil røys av interkommunale selskap der berre eit fåtal politikarar sit rundt bordet og det er relativt lite offentlegheit rundt avgjerdene som blir tekne. Ei fersk undersøking frå Møre og Romsdal syner at kvar kommune der i snitt er med i 39 ulike interkommunale selskap/samarbeid! Det står neppe mykje betre til i Sogn og Fjordane.


I veka som kjem er det møte i fleire slike selskap der eg representerer Eid i mi rolle som ordførar. 
Det er interessant og givande, men burde i nesten alle tilfelle vore gjenstand for betydeleg meir "demokratisk debatt" og direkte folkevald styring enn kva som no er tilfelle. Eg er difor svært glad for at vi no har fått eit stortingsfleirtal som har varsla ein djuptgripande kommunereform. Større kommuner vil i praksis bety meir folkestyre, ikkje mindre, fordi vi då kan få lufta ut i dagens ugjennomtrengelege jungel av interkommunale selskap.

Det var dagens vesle hjartesukk - no til planen for veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka passar det best onsdag.

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 2. desember 
Møte Nordfjordrådet, Selje

Tysdag 3. desember
Møte i Hamnerådet for Nordfjord Hamn IKS, Måløy

Onsdag 4. desember 
Kontordag

Torsdag 5. desember 
Styremøte Nordfjord Vekst AS, Måløy

Fredag 6. desember 
Møte i representantskapet til Nordfjord Miljøverk IKS, Sandane

Laurdag 7. og søndag 8. desember 
Landsstyremøte Venstre, Oslo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar