søndag 8. desember 2013

Vekeplan veke 50/2013


Veka som kjem er fylt opp av viktige budsjettmøte i fylke og kommune. Men endå meir hyggeleg i ei travel adventstid, er at vi i dagane som kjem verkeleg får sett det fantastiske kulturlivet i Eid på kartet:

Fredag: KORK-konsertane i høve 250-årsjubileet for Sogn og Fjordane frå Operahuset Nordfjord på NRK1

Innimellom dette står mykje anna også på programmet - her er planen for veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. Denne veka passar det best fredag.

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 9. desember 
Møte og samtaler på Stortinget
Møte med Miljøverndepartementet om catskiing
Kveld: Gruppemøte Venstre si fylkestingsgruppe

Tysdag 10. desember
Fylkesting, Hermansverk
Kveld: Julemiddag med Fylkestinget

Onsdag 11. desember 
Fylkesting, Hermansverk
Kveld: Gruppemøte Venstre, Eid

Torsdag 12. desember 
Samordningsmøte næringsutvikling (kl 0830-10)
Formannskapsmøte (kl 10-12)
Kommunestyremøte (kl 1230-16)
Juleavslutning med kommunestyret og utdeling av Kulturprisar (kl 1630-18)

Kveld: Premiere på skulemusikalen "Audition", Operahuset Nordfjord

Fredag 13. desember 
Kontordag - interne møte og møte med NHO Sogn og Fjordane

Kveld: KORK-konsert frå Nordfjordeid på NRK1 kl 2005


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar