torsdag 2. januar 2014

God jul og godt nytt år!

Julehelsing frå ordførar i Eid, Alfred Bjørlo. Fjordabladet 21. desember 2013



Eitt år virkar så lenge når du står ved starten av året og ser fram. 365 dagar. 8760 timar. 525.600 minutt. Eit hav av tid. Reint og ubrukt, med blanke ark og fargestiftar til. Nok til å gjere det du hadde tenkt på førehand, og alt det andre som dukkar opp undervegs.

Slik går det aldri. Brått står vi her på slutten av året og lurer på kvar tida blei av. Vi fekk ikkje utretta så mykje som vi trudde. Ikkje gjort alle små og store planer til røyndom. Flytta alle steinane vi trudde vi skulle flytte - eller nytt augneblinken der og då kvar gong  vi burde.

Trøysta er at vi har det slik alle. Å strekke til 100% er ikkje i nokon si makt. Det fine er at verda går framover likevel. Så lenge vi gjer det vi kan, flyttar dei steinane vi maktar å flytte, og gler oss over det vi faktisk får til framfor å vere lei oss for det vi ikkje får til.

Eg syns vi mot slutten av 2013 skal gle oss over at vi bur i eit lokalsamfunn der mange får til mykje. Der vi faktisk er flinke til å bygge stein på stein - til å samarbeide.

Nokre av steinane i eidasamfunnet er store og synlege. Malakoff. Opera Nordfjord. Harpefossen.

Andre steinar er små kvar for seg, men ruver fordi dei er mange i same røysa. Då Eid Idrettslag sist veke fekk Eid kommune sin Kulturpris, var det ikkje for flotte baneanlegg og hallar. Det var for dei tusenvis av dugnadstimane eldsjelene i idretten legg ned året rundt, for at barn og unge i Eid skal få eit idrettstilbod som i breidde og kvalitet er betre enn nokon gong før i laget si 150 år lange historie. For å spele ei avgjerande rolle i å ta imot nye innbyggarar i kommunen, for å gi barn og unge den gode kjensla av å meistre og høyre til.

Andre steinar er verken store eller mange, men viktige fordi dei ligg der dei ligg, og gir fotfeste som elles ikkje ville ha vore der.

I haust hadde eg gleda av å vere med på markeringa av Verdsdagen for psykisk helse, arrangert av Mental Helse Eid og Frivilligsentralen. Det var eit lite arrangement, men ikkje mindre viktig av den grunn. Vi veit at psykisk helse er like viktig som fysisk helse for å ha eit godt liv. Likevel er psykisk helse noko vi sjølv i 2013 helst ikkje vil snakke om. Det er på langt nær like lett å stå fram og fortelje at ein slit med psykiske helseplager som ein fysisk sjukdom.

Eldsjelene i Mental Helse Eid er unnataket, og bør inspirere oss alle. At vi stiller opp også for dei som slit med psykiske helseplager, betyr uendeleg mykje for dei vi stiller opp for. Det kan for dei vere den vesle fotfeste-steinen som utgjer skilnaden på å misse taket for godt, eller få fast grunn under føtene. Det same gjeld innsatsen Sanitetskvinnene, Røde Kors og mange andre frivillige i Eid gjer for å hjelpe dei som treng det mest i lokalsamfunnet.

Då Eidasamfunnet i haust fekk ein nasjonal heiderspris for kulturbasert stadutvikling, var det nettopp samarbeidet, lagånda og evna til å byggje stein på stein som var årsaka til at "vesle Eid" fekk ein pris som vanlegvis berre går til større byar. Vi er rett og slett flinke til å få ting til - ikkje ein og ein, men saman!

Frå min ståstad som ordførar, er eg spesielt glad for at vi i 2013 omsider har klart å "lande" oppstartsvedtak for tre store fellesprosjekt mange i Eid har venta utålmodig på i lang tid: Bygging av nytt omsorgssenter, ny fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule og eit nytt stort byggefelt i Nordfjordeid sentrum.

Dette er tre stor-satsingar heile Eida-samfunnet vil nyte godt av i mange tiår framover, og som heile det politiske miljøet står samla bak ynskjet om å få på plass. Eg er ekstra glad for at vi klarer å få til desse satsingane utan at det går ut over ressursane og kvaliteten i den daglege drifta i skulane og eldreinstitusjonane våre. Det er inga selvfølge i kommune-Noreg anno 2013!

Politiske ulikskapar og gnisningar er det. Det høyrer lokaldemokratiet til. Men i dei store sakene greier vi også i det politiske miljøet i Eid for tida å løfte i flokk.

Eg er overtydd om at vegen framover for Eid og Nordfjord handlar om endå meir samarbeid og lagånd. På tvers av generasjonar, bygdelag, kommunegrenser og arbeidsstader. Då kan vi få til det utrulege, og bli ein stad som er attraktiv å slå seg ned for alle dei som i framtida vil bli lei av å vere ein del av den "grå massa" i ein storby.

Det aller kjekkaste med Eid er kanskje nettopp det å vite at du utgjer ein skilnad, at det du gjer betyr noko, i stort og smått. Det er lov å vere stolte - og det er lov å bli endå litt flinkare i 2014 til å gi eit klapp på skuldra og skryte av kvarandre. Det kan bety meir for dine sambygdingar enn du trur..

Så mi oppmoding for jula er: Legg vekk alle tankar om alt det du ikkje fekk gjort i 2013. Gled deg i staden over det du fekk gjort - og kva det betyr for dei rundt deg.

Då er eg overtydd om at du vil ha mykje å gle deg over. Og så kan du gle deg over at det står eit flunkande nytt, ubrukt år for døra, 2014. Der vil du sjølvsagt få tid til alt du ikkje rakk i 2013...

Riktig god jul og godt nytt år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar