søndag 26. januar 2014

Vekeplan veke 5/2014


Denne veka publiserte Folkehelseinstituttet såkalla "Folkehelseprofil" for alle landets 428 kommunar. For Eid sin del er resultata jamnt over gode, med nokre unntak (sjekk statistikken sjølv for di kommune her).

På eitt område i Folkehelseprofilen skil likevel Eid seg radikalt ut i positiv retning: Tal som går på oppveksttilhøva for barn og unge. 

Eid kommune ligg lågt på mobbing i skulen, og ekstremt lågt på to viktige område: Delen av born i 5. klasse som slit med lesing, og fråfall undervegs i vidaregåande skule. I landet elles er kvar fjerde 5. klassing på lågaste nivå i lesing, og kvar fjerde ungdom "ramlar av" undervegs i den vidaregåande utdanninga si. I Eid er desse tala berre halvparten. Og mønsteret gjentar seg år for år.

Eg er så fri å tru at skulen i Eid har funne nokre "formlar" for god skule gjennom systematisk innsats over mange år som er  verdt å studere nærare. Noko av det unike med skulen i Eid fekk vi eit synleg prov på i helga: Systematisk satsing på kultur og "felleskapsprosjekt" der elevane får stå på ei scene og syne seg fram (eller jobbe bak). Ikkje berre dei "få utvalde stjernene" - men alle. 

Frå Russerevyen på Eid vgs 2014, Opiumhuset Nordfjord: Sveinung Rotevatn
(Arnt Herman Hagen) og Siv Jensen (Ørjan Ryland) utvekslar heite blikk
Sist månad var det ungdomsskulen som køyrde eit slikt kjempeprosjekt i Operahuset Nordfjord med sjlvskriven muskal med 100 ungdommar på scena. Neste månad er det Eid vidaregåande skule som set opp musikalen Legally Blonde, men denne gongen var det Russen 2014 ved Eid vgs som hadde tatt skeia i eigne hender og laga ein heidundrande russerevy, Opiumhuset Nordfjord, med 70 ungdommar medvirkande, sjølvskrive manus, regi, koreografi og alt anna av ypperste kvalitet med eigne krefter å trekke på. Moralen i revyen var kort sagt at kultur i Eid er "Opium for folket"- det er det som for oss til å blomstre, ta evnene våre i bruk og løfte oss til dei store høgdene der vi blir trygge på oss sjølve og tør det utrulege.

Velfortent nok trekte Russen masse folk to kveldar på rad i Operahuset Nordfjord. Og naturlegvis: Heller ikkje ordføraren slapp unna russens parodi...

Uansett: Slik ser min plan ut for komande veke. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. I veke 5/2014 passar det best onsdag.

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 27. januar 
Møte i Hamnerådet for Nordfjord Hamn IKS, Måløy
(siste opningsdag for Postkontoret på Eid)

Tysdag 28. januar
Innovasjons-workshop Sogn og Fjordane, Skei
(fyrste opningsdag for ny Post i Butikk på COOP Mega)

Kveld: Gruppemøte Eid Venstre

Onsdag 29. januar 
Kontordag. Div interne møte

Kveld: Møte i Norsk Forbund for Utviklingshemma, avd Eid

Torsdag 30. januar 
Møte med Eid Industrihus
Formannskapsmøte frå kl 13. Du finn saklista her 

Fredag 31. januar 
Møteavtaler i Oslo

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar