mandag 20. januar 2014

Vekeplan veke 4/2014

Alle mine tankar ved starten av veka går til Lærdal. Brannen som har ramma lokalsamfunnet der i helga  er ei nær ufatteleg hending i skadeomfang og dramatikk, og vil prege bygda i lang tid framover. Vi får berre vere sjeleglade for at ikkje liv gjekk tapt, og at trass alt det aller meste av den nasjonalt unike trehusbebyggelsen på Lærdalsøyri unngjekk å gå tapt i flammane.

Brannen råkar Lærdal-samfunnet direkte, men er også ein alvorleg tankevekkar til alle oss andre til at vi for det første må gjere det som står i vår makt for å førebygge og planlegge for kva vi skal gjere viss slike hendingar først slår inn. Eid har også tett trehusbebyggelse i sentrum. Det er for meg som "fersk" ordførar godt å vite at kommunen har ein ganske ny og godt gjennomarbeidd brannsikringsplan for Eidsgata og Tverrgata, utarbeidd i 2010. I samband med pågåande arbeid med ny kommuneplan vil ROS-analysene bli ytterlegare oppdatert.

Brannen i Lærdal syner også godt kor viktig eit velfungerande lokalsjukehus er når krisa verkeleg set inn. Når 450 personar fekk behandling på lokalsjukehuset i Lærdal i døgnet etter brannen - ca  150 av dei måtte leggast inn! Med eit sentralisert helsevesen der det er 2-3 timars køyring til næraste sjukehus - med nattestengte ferjer på vegen - kan ein berre tenkje seg korleis det ville ha vore for folket i Lærdal, slik brannsjefen i Sogn gir ettertrykkeleg beskjed om til TV2.

Her er samanlikninga mellom Sogn og Nordfjord nærliggande. Det alvoret er viktig å ha med seg inn i ei veke då Nordfjordrådet kjem til å gjere det klinkande klart for Helse Førde at vi vil ha eit skikkeleg, robust Nordfjord sjukehus som er i tråd med nasjonale, faglege tilrådingar om korleis eit lokalsjukehus må vere for å sikre kvalitet, rekruttering og kompetanse ved sjukehuset på sikt. Adm dir i Helse Førde sitt framlegg om å trasse alle faglege råd om korleis eit kvalitetsmessig godt lokalsjuekhus skal vere, har provosert dei aller fleste i Nordfjord siste veka, underteikna inkludert.

Uansett: Slik ser min plan ut for veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid. I veke 4/2014 passar det best onsdag.

Det er også hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 20. januar 
Strategisamling Nordjford Vekst med innlagde bedriftsbesøk, Selje

Tysdag 21. januar
Foredrag på konferanse om Framtidas Bygder, Harestua (pr videolink)
Planforum i samband med ny Kommuneplan med befaringar på Eid

Onsdag 22. januar 
Kontordag

Torsdag 23. januar 
Frukostmøte for næringslivet i regi av Sparebanken SFj
Møte om Sagastad
Møte i Driftsutvalet: Synfaring Nordfjordeid skule

Fredag 24. januar 
Styremøte Helse Førde
Kveld: Premiere på Russerevyen 2014 ved Eid vgs

Søndag 26. januar 
Ungdommens Kulturmønstring 2014, lokal finale

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar