fredag 12. september 2014

Avgjerda tatt: Eg tar attval


Har i dag omsider svart nominasjonsnemnda i Eid Venstre på noko dei har masa på svar om lenge (og leiar Gunvald Ludvigsen kan å mase, ver du trygg): 

Eg stiller til attval som ordførar i Eid i 2015.


Eg har venta med å svare fordi eg ville vere 100% sikker på at motivasjonen var på plass for å vere ordførar i fire nye år - viss veljarane vil. No er eg det.

Å vere ordførar - ja, lokalpolitikar generelt - er å måtte leve med at det innimellom bles nordavind frå alle kantar.

Det er å måtte leve med at døgnets timar aldri strekk til, at kommunebudsjetta er altfor trange, og at du har konstant dårleg samvit for alt du veit du også burde ha gjort og brukt tid på.

Det er å ha lyst å dundre hovudet i veggen fordi ting i det offentlege tar så meiningslaust lang tid, og fordi ein jungel av statlege etatar ofte ser på kommunalt sjølvstyre meir som rusk i maskineriet enn som berebjelken i demokratiet. (og fordi det tilsynelatande alltid dukkar opp ein eller annan statleg etat som dreg eit nytt rundskriv opp av hatten og stoppar eit byggeprosjekt rett før spaden skal i jorda..)

Og det er å innsjå at det særleg ute i distrikts-Noreg er tyngdelover som gjer at du aldri får det heilt som du vil uansett.

Likevel: Å engasjere seg i lokalpolitikk er noko av det mest meiningsfulle og viktige  du kan gjere! Det er til tider veldig kjekt,  fordi du er med å gjere ein skilnad for lokalsamfunnet du sjølv er ein del av.

Og som elles i livet: Viss du klarer å sjå det du faktisk FÅR gjort i skogen av alt du gjerne skulle ha gjort - så er ikkje verda så svart likevel!

Eg har klokketru på vekst og utvikling i Eid og regionen rundt oss i åra framover.

Eid er nylig kåra til ei av dei 20 best drivne kommunene i landet (vi har klatra i rangering tre år på rad). Det er eit prov på det eg ser i kvardagen: Vi har flinke folk i kommunen på alle plan som gjerne strekker seg litt ekstra for å gi folk gode tenester. 

Dei siste 12 åra er det bygd 500 nye bustader i Eid - i 2013 fleire enn på lenge. Folketalet tikkar no jamnt oppover, etter knekken vi fekk i 2012 knytt til nedbemanningane på Nordfjord Sjukehus vedtatt av Regjeringa Stoltenberg 2011. 

Det blømer også på næringsfronten: Så langt i 2014 er det starta 31 nye bedrifter i Eid - det nest høgaste talet nokonsinne. Mange av dei etablerte bedriftene våre, ikkje minst bygg-, elektro- og automasjonsmiljøet, går så det susar og er i sterk vekst.

Vi er blinka ut til ei av sju "klimaspydspiss-kommuner" i Noreg - og har gjennom satsinga på fjordvarme og energieffektive bygg sett oss på kartet nasjonalt innanfor klima og fornybar energi. Det er også eit ypperleg utgangspunkt for nytt næringsliv - nysatsingar som ReNorway og Energikompetansesenteret (EKS) er synlege prov på det - for ikkje å snakke om Lefdal Gruve-prosjektet.

I løpet av det neste året kjem vi i gang med dei to store prosjekta som i fleire valperiodar har stått i stampe og ridd Eida-samfunnet som ei mare: Bygging av nytt omsorgssenter og ny gymsal/ fleirbrukshall ved Nordfjordeid skule. Det er store, framtidsrettta investeringar, som vil gjere Eid til ei endå betre kommune å bu i både for dei eldste og for dei yngste.

Det neste året kjem vi også i gang med utbygging av store, nye bustadområde og næringsområde i sentrum (Hogaåsen og Myklebust/Langeland). Det vil gi rom for tilflytting og nyetablering i stor skala i mange år framover. Andre store næringssatsingar er også på trappene - etableringar og satsingar eg gler meg som eit barn til å følgje - uansett om eg får lov å vere ordførar vidare eller ikkje.

Vi er i full gang med ei stor satsing på sosial bustadbygging og dagsentertilbod for dei i samfunnet vårt som treng det mest. Vi held som ein av dei første stadane i landet no på å få til eit 24-timars akuttilbod innanfor psykiatri og rus, og styrkar det psykiske helsevernet med tilsetjing av psykolog som ei av få kommuner i distrikts-Noreg.

Vi har klart å halde valløfta om å prioritere kvalitet i skulen - og brote trenden med mange års "ostehøvelkutt" i timeressursane til skulane på Eid. Vi har ein skule vi skal vere stolte av, og vi har eit samspel mellom kultur og skule som gjer oppveksttilhøva i Eid til noko heilt spesielt.

Ingenting av dette er mi forteneste aleine. Heller ikkje berre mitt parti Venstre.

Noko av det eg er glad for i Eid, er at vi har eit politisk miljø med godt samarbeid på tvers av partigrensene og stor grad av semje om kursen framover.

Partipolitikk er viktig - men i lokalpolitikken kan vi ikkje bruke tida på å spenne krokfot på kvarandre. Det skjer ikkje i Eidapolitikken.  Folk i Eid skal vite at uansett kva parti dei har stemt på så er det flinke folk som er valt inn - og som faktisk er i stand til å løfte i flokk når det trengs.

Eg vonar mange av dei dyktige folka både i Venstre og andre parti som sit i kommunestyret i dag blir med vidare i ein ny periode. Eid treng dykk!

Og vi treng fleire! Alle parti kjem i tida framover til å vere på jakt etter nye krefter som har lyst å gjere ein innsats i lokalpolitikken. Sei ja til å stå på liste! Engasjer deg! Det er ei fabelaktig røynsle å ha med seg - og ein del av den store dugnaden det er å leve i eit lokalsamfunn.

Ikkje minst vil eg utfordre kvinnene! Det typiske når ein spør folk om å stå på liste er at menn svarer ja og kvinner svarar nei -sjølv om kvinnene er minst like godt kvalifiserte, og mennene har det minst like travelt.

No er det på tide at fleire kvinner svarer ja når dei blir spurt om å stå på liste. Og er du ei kvinne som les dette og ikkje har blitt spurt - så ta kontakt! Lokaldemokratiet treng deg!

Uansett kva som skulle skje ved valet: Eg er heldig som har fått lov å vere ordførar i Eid i fire år - Eid er ein fantastisk stad å bu og leve livet sitt. Vil veljarane vil, har eg lyst å stå på i fire år til. Viss ikkje skal eg med glede finne på noko anna kjekt å drive med på Eid eller ein heilt annan stad - og gjere det eg kan for at min etterfølgjar lukkast best mulig i sitt arbeid.

Og til deg som les dette: No kan ikkje du vere dårlegare! 

Sei ja til å stå på liste til kommunevalet 2015! Onkel Lokaldemokrati treng deg!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar