mandag 20. oktober 2014

Ikkje mobb distrikta, Per Sandberg!


Ikkje mobb distrikta, Per Sandberg! I 2014 kan du hurtig-lade elbil på Sandane og køyre plug-in hybrid på Stadt med same rekkevidde som ein bensinbil. Vil du ha 1980-talets bilavgifter tilbake, får du finne deg andre sanningsvitne enn moderne bygdemenneske.

Opning av hurtigladestasjon for el-bil på Sandane, 2014 (Foto: SFE)

Høgre/Frp-regjeringa har lagt fram eit statsbudsjettframlegg for 2015 som skrur klokka tilbake når det gjeld bilavgifter. Regjeringa svir av nær 1,5 mrd kr på å subsidiere gårsdagens fossile køyrety. Men ho kjem ikkje med dei avgiftslettene på nye miljøvenlege køyrety som miljørørsla, NAF, NHO, bilprodusentane og samarbeidspartia Venstre/Krf ventar på.

I NRK Politisk Kvarter 13/10 prøver Frp-nestleiar Per Sandberg å legge skulda på distrikta for denne bakstreberske avgiftspolitikken. Han framstiller miljøvennlige køyretøy som eit "Oslo-fenomen", og seier at det er av omsyn til distrikta og "bilistene utenfor Sinsenkrysset" ein må skru tida tilbake i avgiftspolitikken.

Med all respekt: Dette er tull og tøys. Per Sandberg sine distrikt er i alle fall ikkje min kvardag - som ordførar i ei mellomstor distriktskommune.

Sjølv i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane er no nullutsleppsløysingar på full fart inn. Nettet av hurtigladestasjonar blir raskt utbygd. Berre i mi heimkommune Eid kjem to hurtigladestasjonar opp i løpet av 2014 - i samarbeid mellom energiselskap, lokalt næringsliv og offentlege aktørar. Eid kommune leaser i desse dagar inn den første elbilen i våre tenester. Fleire vil kome. For mykje av kvardagskøyringa i ei kvar distriktskommune er elbil eit ypperleg alternativ.

I tillegg er det rett som bilistane sin eigen organisasjon NAF påpeiker: Tida er overmoden både for avgiftslette på plug-in hybridbilar - med rekkevidde som ein vanleg fossilbil - og ein total gjennomgang av bilavgiftene for konsekvent å stimulere til lågutsleppsløysingar. Det vil både by og distrikt tene på - for ikkje å snakke om miljøet.

Å vente med å modernisere bilavgiftene av omsyn til distrikta, er så bakstrebersk at det ikkje er til å tru i 2014 frå ein såkalla sentral politikar.

Så ikkje mobb distrikta, Per Sandberg: Vil du ha 1980-talets bilavgifter tilbake, får du finne deg andre sanningsvitne enn moderne bygdemenneske. Tru det eller ei: Folk flet utanfor Sinsenkrysset klarer å ha to tankar i hovudet på ein gong.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar