onsdag 28. november 2012

Blomster-tur


I dag kl 12 står det "Blomstertur" i kalendaren min. Då skal Plan- og utviklingsjefen i Eid og eg ut på ein runde vi gler oss til: Besøk med blomehelsing til nye bedrifter som har etablert seg i kommunen vår.

Foto frå tidlegare "blomstertur": Besøk hos interiørbutikken "In Spire" i Eidsgata (Foto: Eid kommune v/ Gerd Fløde Bjørlo)

Etter å ha drive med næringsutvikling og politikk i mange år, står det stadig klarare for meg kor viktig det er å "heie fram" dei som skapar ein arbeidsplass for seg sjølv og andre. Det er ingen selvfølge at nokon gjer det!

Difor gjer vi det no til fast rutine å besøke nye bedrifter i Eid og ønskje dei velkomen. Foto frå tidlegare "blomsterbesøk" finn du lagt ut på Eid kommune si Facebook-side.

Å skape og bygge opp ei bedrift er knallhardt arbeid, med stor risiko. Mange nye bedrifter går over ende. Dei fleste bedriftseigarar tener seg aldri steinrike. Men dei skaper arbeidsplassar, aktivitet og verdiar som er gull verdt for lokalsamfunna dei held til i. Den gjennomsnittlege norske bedriftseigar er ikkje Røkke eller Reitan - sjølv om begge dei i og for seg er døme på at alt er mulig å få til ved å starte i det små!

Til saken: I Eid er det så langt i 2012 starta rekordmange nye bedrifter: 35 i følgje statistikken frå Brønnøysundregistra. Vi skal i dag besøke to av dei: Ei nystarta teknologibedrift i næringshagen på Eid (Renewable Energy Norway), og den nystarta sportsbutikken "Kvass Fritid" i Eidsgata, starta av to unge karar som verkeleg brenn for det dei driv med.

Vi skal også besøke ei anna bedrift som er ny på Eid utan å syne att i statistikken, men ikkje er mindre viktig for det: Entrepenørgiganten Veidekke har oppretta kontor på Eid med plass til seks medarbeidarar. Dei som held til på kontoret er tilknytt Veidekke sitt Distrikt Sogn og Fjordane, og har ansvar for store utbyggingsprosjekt både sør og nord for fylkesgrensa. Vi er glade for at Veidekke er etablert med eige lokale og dyktige medarbeidarar på Nordfjordeid - det tilfører vårt lokale næringslivsmiljø viktige kompetansearbeidsplassar, og er ein drivar for vidare vekst.

Til slutt på dagens runde skal vi innom ei bedrift som har nådd ein annan viktig milepæl: Opal Entrepenør. Dei vart nylig kåra av Dagens Næringsliv som den 4. beste Gasellebedrifta i Sogn og Fjordane i 2012! Frå oppstarten i 2007 har Opal vokse frå 0 til 23 tilsette og ei omsetjing på over 50 mill kr. Og tent pengar på vegen! Det er kjempebra - og er eit godt symbol på vekstkrafta i næringslivet i Eid og Nordfjord.

Nordfjord er ein næringslivsregion i særklasse: På ei fersk rangering av dei 100 største bedriftene i Sogn og Fjordane kom heile 42 frå Nordfjord, sjølv om regionen har under 1/3 av folketalet i fylket. På lista over Gasellebedrifter i 2012 er Nordfjord-dominansen endå større: 9 av dei 13 fremste Gasellebedriftene er frå Nordfjord, og 2 av 10 på topp er frå Eid.

Det lovar godt for framtida - og er verdt ei lita feiring!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar