Starta veka kvart på fem i dag tidleg, med fin køyretur over Stigedalen til Hovden flyplass (fullt fly frå Sandane, vår næraste flyplass). Er no på plass på Zerokonferansen på Gardermoen, Noregs viktigaste miljø- og klimakonferanse, saman med Arild Hjelmeland og Stephan ter Stege frå Fjordvarme AS. Eid kommune er nominert som ein av fem finalistar til "Årets klimatiltak i Norge 2012" på grunn av kommunen si satsing på miljøvennleg fjordvarme heilt sidan 1990-talet. Prisutdeling skjer her på konferansen i kveld - vi er spente!
Under finn du programmet mitt for resten av veka. Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid - eg er på kontoret onsdag og torsdag denne veka.
Zerokonferansen 2012, Gardermoen
Tysdag 20. november
Forts. Zerokonferansen. Styremøte i Nordfjord Vekst (deltek pr videokonferanse).
Kveld: Folkemøte om ny kommuneplan, Hjelle.
Onsdag 21. november
Møte om nye fellessatsingar i næringslivet i regionen om energi. Bedriftsbesøk
Torsdag 22. november
Møte i Ungdomsrådet og andre kommunale utval i Eid.
Fredag 23. november
Møte i Hamnerådet, Nordfjord Hamn IKS, Måløy
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar