tirsdag 13. november 2012

Vekeplan veke 46


Mykje spennande skjer i kommunen vår for tida - her er tre døme frå siste veka:

1. Miljø: Eid er nominert som ein av fem finalistar til "Årets klimatiltak i Norge 2012" på grunn av langsiktig storsatsing på miljøvennleg fjordvarme. Prisutdeling på Zero-konferansen i Oslo komande veke - eg kjem til å vere til stades der saman med representantar frå Fjordvarme AS.

2. Småbedrifter: Dagens Næringsliv offentleggjorde laurdag lista over dei raskast veksande bedriftene i Sogn og Fjordane i 2011: "Gasellebedriftene". Heile 8 av dei 12 fremste Gasellebedriftene i Sogn og Fjordane er frå Nordfjord - 6 av 12 frå Nordfjord Vekst-kommunene Vågsøy/Selje/Eid - og 2 på topp 10 er frå Eid! Gratulerer til heile næringslivet vårt, og spesielt til Gasellebedriftene Opal Entrepenør (nr 4) og Stårheim Bygg (nr 10).

3. Helse/Sosialt ansvar: Nordfjord Psykiatrisenter er for tredje år på rad kåra til det beste distriktspsykiatriske senteret i Noreg. Vi har eit heilt unikt fagmiljø innanfor psykiatri på Eid - det skal vi vere stolte av! Fagmiljøet blir no ytterlegare styrka med oppbygging av den nye rusposten.

For min eigen del hadde eg sist veke ei ferieveke i USA (eigen bloggpost om det kjem seinare), men er no i fullt gjenge att. Under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka vi alt er godt inne i. 

Vil du ha kontakt med meg, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat  på Rådhuset på Eid.


Tysdag 14. og onsdag 15. oktober
Torsdag 16. november
Møte i Formannskapet og Finansutvalet. Av viktige saker som står på dagsorden er ei førebels behandling av kommunebudsjettet for 2013. Planen er at Formannskapet skal gi ei innstilling til budsjettet på neste møte om to veker, 29/11, med endeleg vedtak i kommunestyret midt i desember.

Fredag 17. november
Kontaktmøte mellom kommunane i Sogn og Fjordane og Helse Førde, Førde. Nordfjord-kommunane har, etter initiativ frå Eid (opprinneleg initiativ frå Eid Frp som heile vårt formannskap slutta seg til og eg tok vidare til Nordfjordrådet) bedt om å få opp ambulanseberedskapen som eiga sak på dialogmøtet.

Laurdag 18. november
Helsingstale på namnefest, Gamlebanken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar