Under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 44. Onsdag er det møte i Hovudutval opplæring i Sogn og Fjordane, med fastsetjing av kva opplæringstilbod som skal lysast ut ved skulane våre skuleåret 2013/14. Torsdag er det møte i Formannskapet og Finansutvalet, og opning av den flotte nye vegtraseen og ferjekaianlegget på Anda på E39.
Så skal vi begynne med ein annan ny ting denne veka: Velkomstbesøk til nye bedrifter i Eid med ei blomehelsing frå Eid kommune! Vi tek tre i morgon og ei på torsdag, og fleire vil følgje på.
Vil du ha kontakt med meg, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon, opa Facebook-side med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid.
Måndag 29. oktober
På kontoret - diverse møter og avtaler
Tysdag 30. oktober
Besøksrunde nye bedrifter i Eid
Møte med næringsaktør om planlagt utbygging
Kveld: Høyringsmøte om reguleringsplan for omsorgssenterutbygging
Onsdag 31. oktober
Møte i Hovudutval Opplæring SFj, Høyanger
Torsdag 1. november
Nyopning av butikk i Eidsgata
Opning av E39 Anda ferjekai
Kveld: Informasjonsmøte Kjølsdalen skule
Fredag 2. november
Samling i KS Møre og Romsdal om skule/utdanning og
røynsler frå Sogn og Fjordane, Ålesund
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar