I helga var det premiere på Opera Nordfjord sin 15. opera i rekka: Madama Butterfly. Ei strålande forestilling både for øyre og auge - oppmodar alle om å få det med seg i løpet av dei komande to vekene på Operahuset Nordfjord. Sjekk flotte foto frå stykket her
På premieredagen laurdag nytta eg høvet til å ha ope ordførarkontor i Eidsgata ved Gamlebanken. Som vanleg både kjekt og nyttig. Det gjekk i eitt med folk innom dei to og ein halv timane eg hadde ope kontor, og eg har laga meg ein eigen "logg" over sakene folk kom med der. Dette vil blir følgd opp i tida framover.
Under finn du ei grov oversikt over mine planar for veka som står for døra, veke 40. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Avtal helst på førehand pr mail, facebook (har oppretta ein open Facebook-profil som alle har tilgang til) eller sms. Kontaktinformasjon finn du her.
Måndag 1. oktober
Kontordag
Kl 15-17: Markering av eldredagen 2012 i Operahuset
Tysdag 2. oktober
Første møte i Utval som skal sjå på samarbeid og samordning mellom Sivilforsvaret, Heimevernet og Politireserven. Gardermoen/Oslo
Kveld: Gruppemøte Eid Venstre
Onsdag 3. oktober
Skuleleiarsamling for Sogn og Fjordane, Loen
Kveld: Nominasjonsmøte Sogn og Fjordane Venstre
Torsdag 4. oktober
Arrangørnettverk Sogn og Fjordane, Eid
Møte i Driftsutvalet i Eid
Fredag 5. oktober
Møte/befaring Vernepleietenesta
Møte/befaring Vaksenopplæringa
Møte/befaring Golvsengane Barnehage
Møte om kyrkjejubileum Stårheim
To møte med næringsaktørar i Eid om nye utviklingsprosjekt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar