tirsdag 2. oktober 2012

Sjumilssteg for Lefdal Gruve


Den 2. oktober 2012 vart det offentleggjort at Lefdal Mine Datacenter AS kjøper opp 67% av Greenfield Datasenter rett utanfor Oslo - eit datasenterprosjekt som fram til i dag har vore eigd av det statlege selskapet Entra. 

- Oppkjøpet av det statleg eigde Greenfield-senteret gjer Lefdal Mine Datacenter til Noregs i særklasse mest komplette datasenterprosjekt. Oppkjøpet styrkar etter mitt syn sjansane for rask byggestart i Lefdal Gruve. Det seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid kommune.  


- Oppbygging av eit verdsleiande datasenter i Lefdal Gruve vil vere eit av dei største industriprosjekta i Sogn og Fjordane nokon sinne. Det vil kunne bli ein enormt viktig drivar for vekst og utvikling i heile regionen med store ringverknader, seier Alfred Bjørlo. Partnerskapet med Entra styrkar prosjektet ytterligare i kampen mot dei store nasjonale og internasjonale kundane. - Det er også svært positivt at Entra sitt datasenterprosjekt utanfor Oslo no ikkje lenger er eit statleg eigd, konkurrerande prosjekt til dei private datasenterinitiativa i distrikta, men har funne sin naturlege plass som del av ein "samla pakke" for satsing på datalagring som framtidsnæring i Noreg. 

- Lefdal Mine Datacenter vil få all nødvendig støtte og oppbacking frå Eid kommune i arbeidet fram mot byggestart i gruva, og eg er også glad for det ypperlege samarbeidet som er med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Innovasjon Norge i denne framtidsretta, miljøvennlige og nyskapande næringssatsinga, seier Alfred Bjørlo.

 ----
Om Lefdal Mine Datacenter

Lefdal Mine Datacenter ligg i Lefdal i Eid kommune, ca midt mellom Måløy og Nordfjordeid. Selskapet er eigd av Sogn og Fjordane Energi og Local-Host Holding. Totalt kan Lefdal tilby 120.000 m2 datasenter-areal. Dei naturgitte tilhøva er svært gode: I ein radius på 30 km rundt Lefdal ligg det fire vasskraftverk og ein vindmøllepark, det er redundant og god kapasitet på fiberkommunikasjon og kjøling frå isfri og djup fjord med konstant låg temperatur. Saman med eit sikkert råbygg i fjell gir dette ein datasenterlokasjon som er grøn, sikker og med låge investeringar og driftskostnader.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar