torsdag 27. september 2012

Søndagstur til Tsjernobyl


Den 26. april 1986 eksploderte reaktor 4 på atomkraftverket i Tsjernobyl i dåverande Sovjetunionen, no Ukraina, 100 km nord for Kiev. Resultatet var den verste atomkraftverkulukka verda nokonsinne har sett.  

I 2012 er Tsjernobyl opna for korte besøk og omvising, i kontrollerte former og organiserte opplegg. Eg besøkte anlegget saman med ein gjeng nysgjerrige nordfjordingar søndag for to veker sidan, i samband med ein helgetur til Kiev. Det vart eit minne for livet - og ei sterk påminning om kva sjansespel med menneske og natur atomkraft er. 




Dei nøyaktige dødstala etter Tsjernobyl veit ingen. Sovjet-regimet "la lok" på ulukka i månadene og åra etter. Sjølv dåverande statssjef i Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov, fekk ikkje vite om ulukka før han vart varsla av svenske diplomatar nokre dagar etter. Svenskane hadde fanga opp unormal høg stråling rundt sine atomkraftverk som såg ut til å kome frå aust. Gorbatsjov seier sjølv at dette var ein så alvorleg "vekkar" om det pillrotne systemet han styrte, at Tsjernobyl-ulukka ga startskotet til reformane han sette i verk under namn som glasnost og perestrojka.

Det vi veit, er at utsleppa var 400 gonger større enn frå atombombene slept i Hiroshima og Nagasaki. 31 menneske døydde som ein direkte følgje av ulukka. Dei fleste av desse var dei første brannmennene som vart sett inn for å sløkke dei radioaktive brannane. 800.000 soldatar og "frivillige" deltok i det enorme oppryddingsarbeidet i etterkant. Det blir anslått at så mange som 15.000 av desse døydde innan ti år, mange truleg av strålingsskader, sjølv om ingen har sikre tal. Ca 350.000 menneske vart evakuerte. Ca 135.000 av desse vil aldri meir kunne flytte heim, og over 250.000 menneske bur i område som er underlagde særlege restriksjonar på grunn av høg stråling. 

Her er ei kort fotoreise gjennom Tsjernobyl og det omliggande området slik det ser ut i 2012 - 26 år etter. Opplysingane i biletteksten er henta frå vår guida omvising og fakta henta frå Wikipedia og andre kjelder på nett.

Porten til "forbodssona" med radius på 30 km rundt Tsjernobyl. Her slepp du berre inn etter søknad og registrering, med nokså omstendeleg byråkrati. Vi deltok på ein organisert dagstur frå Kiev for ca 25 stk, korav 8 nordfjordingar på langhelg i Kiev. Vår dyktige ukraniske guide møtte oss i porten. Ho jobbar etter same rutine som alle andre som enno har sin jobb inne i forbodssona: Maks 10 døgn pr månad for ikkje å overstige tilrådde strålingsdoser.

Det første av mange minnemonument som møter deg inne på området. Kvart skilt representerer éin by eller landsby som vart evakuert og fråflytta som følgje av Tsjernobyl-ulukka. I dei ca 100 byane budde det til saman 135.000 menneske.


Minnemonument over dei første brannmennene som rykka inn for å sløkke brannen i reaktor 4. Ingen menneske har nokonsinne, før eller etter, fått så store strålingsdoser i kroppen som desse. Alle dei 28 mest eksponerte døydde av strålingsskader i løpet av 14 dagar. Heile sjukehusavdelinga dei vart lagt inn på måtte evakuerast på grunn av at dei i seg sjølv var sterke "strålingsobjekt". Ingen familie fekk besøke dei på grunn av strålingsfare - og då dei døydde vart dei gravlagt i spesiallaga blykister som beskytta omgjevnadene mot stråling. 


Robotar som vart sett inn for å renske opp radioaktivt avfall oppe på taket av reaktor 4 i dagane etter ulukka. Det synte seg å vere mislukka, fordi elektronikken i robotane vart sett ut av radioaktivitet. Til erstatning for robotane måtte det setjast inn store styrkar soldatar, som fekk kallenamnet "biorobots". Dei var utsett for ekstrem nærkontakt med sterkt radioaktivt materiale, som dei måtte koste og spa bort frå taket av reaktoren. For å redusere stråledosene, arbeidde dei difor berre 2-3 minutt om gangen før dei sprang i dekning, og neste skift kom inn. Det reduserte strålingsmengda for den einskilde, men gjorde sjølvsagt at enormt mange soldatar måtte til for å gjennomføre oppryddinga (800.000 for heile området samla).


Inngangsporten til spøkelsesbyen Pripjat (Prypjat), berre 2 km unna Tsjernobyl. Dette var ein "atomby", bygd opp for arbeidarane på atomkraftverket. Før ulukka budde det heile 50.000 menneske her. To dagar etter ulukka vart Pripjat tømt for folk - 50.000 menneske i busskolonne vekk frå heimen sin på ein ettermiddag. Dei vart fortalt at det var ei korttidseevakuering, og at dei skulle få vende tilbake etter nokre dagar. Slik gjekk det ikkje. Ingen flytta nokonsinne tilbake til Pripjat.



Guiden vår held opp "før-bilete" av bygningar i Prypjat. No har naturen tatt byen tilbake.


Pripjat var ein ekstremt velregulert by, bygd opp av sovjetstyresmaktene rundt 1970 som ein "modellby" for lukkelege arbeidarar i kommuniststaten. Til og med vareutvalet i butikkane var betre her enn andre stader i landet.

Barnehage - som ingen born har leika i sidan 28. april 1986. 

Pariserhjul - sett opp i høve 1. mai-feiringa i 1986. Den 28. april vart byen tømt for folk, og pariserhjulet står att utan nokonsinne å ha blitt tatt i bruk.

 Sjekk av bakkestrålinga inne i Prypjat. Normal bakgrunnsstråling er godt under 1 milli-sievert (internasjonalt standardmål på radioaktiv stråling - ingen snakkar tydelegvis lenger om bequerel)Geigertellaren syner her heile 216.6 milli-sievert. Nokre stader vi målte var strålinga oppe i 4-500 milli-sievert. 



 Lunsjpause på kantina til atomkraftverket. Vi fekk same lunsj som arbeidarane - solid ukrainsk arbeidskost. Sjølv om den siste atomreaktoren stengde ned i 2000, er det enno nesten 3.000 personar som har sin daglege jobb på anlegget. Slik vil det vere i mange framover, fordi det er umulig å "stenge ned" eit atomkraftverk over natta. Ingen av dei bur sjølvsagt fast i området - dei pendlar inn og har restriksjonar på kor mange døgn pr månad dei kan vere i Tsjernobyl.

 Ein av dei mest absurde opplevingar eg har hatt, trur eg: Organisert mating av maller (catfish) i kjølevatnet til ein atomreaktor, hundre meter unna Tsjernobyl-reaktorane. Vi mata dei med brød frå kantina, og det var nokre svære beist på opptil 3 meter lengde. Heilt naturleg, ikkje på grunn av stråling, i følge guiden vår. Det hadde ho sikkert rett i.




Oversiktsfoto over det no nedlagde atomkraftverket. Dei to kvite "pipegruppene" til høgre på fotoet er reaktor 1 og 2. Bygget til venstre med eit stort tårn på midten er reaktor 3 og 4. Nr 4, reaktoren lengst til venstre, var den som eksploderte i 1986. Det var då også under bygging reaktor nr 5 og 6, med planar om endå fleire. Desse planane vart naturleg nok skrinlagt, men reaktor 1-3 var i drift i mange år etter ulukka. Reaktor 2 vart stengd etter ein brann i 1991, reaktor nr 1 i 1996 og reaktor nr 3 ikkje før i 2000. Då berre på grunn av sterkt press frå utlandet. Det er enno fleire reaktoranlegg av same type i drift både i Ukraina og i Litauen.

Høgdepunktet på turen: Stopp rett utanfor reaktor 4. Reaktoren er no dekka av ein "sarkofag" av bly og betong, men det er likevel nok stråling som slepp gjennom til at du kan måle relativt sterk direke stråling frå reaktoren på geigertellaren når du står rett ved (i motsetnad til resten av området, der det er snakk om bakkestråling). Dagens sarkofag har ei anslått levetid på 30 år - dvs til 2016. Det er no under bygging ein ny og betre "kapsel" rundt reaktoren, som skal ha ei levetid på ca 100 år. Og etter det? "Then they will invent something else", som vår guide lakonisk kommenterte..






Grønt og tilsynelatande idyllisk - men enno med ei radioaktiv stråling skyhøgt over tilrådde nivå. Den radioaktiviteten som no er att i bakken i Tsjernobyl, er av stoff og isotopar med ekstremt langt nedbrytingstid, mellom anna plutonium. Det blir sagt at det vil ta ca 20.000 år før forbodssona rundt Tsjernobyl kan opphevast, og folk flytte tilbake for fast busetnad.

Atomkraft er eit farleg sjansespel med framtida for våre etterkomarar. Eg har aldri skjønt dei som enno er "kjernekraftentusiastar" - vår energiframtid må ligge på heilt andre område enn dette. 

Ein dag i Tsjernobyl er i alle fall noko som alltid vil vere spikra i minnet på oss som har vore der..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar