torsdag 20. september 2012

Kvivsvegen: Gratulerer med dagen!


Laurdag 22. september opnar Kvivsvegen, det nye vegsambandet mellom Hornindal/Indre Nordfjord og Volda/Søre Sunnmøre. Eg vil nytte høvet til å gratulere med dagen til oss alle - frå min ståstad som ordførar i Eid!


Kvivsvegen har ei lang og brokete historie. Få saker har vekt like mykje engasjement og kjensler i Nordfjord opp gjennom åra - på godt og vondt. Seinast vekte det sterk harme då Kvivsvegen i fjor vår vart brukt - heilt ut av det blå - som grunngjeving av Helseminister Anne-Grete Strøm Erichsen (Ap) og Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) for å legge ned fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus og frakte fødande Nordfjord-kvinner til Volda.

Det var for folk i ytre og midtre Nordfjord inga hyggeleg opptakt til ei vegopning. Argumentet til Ap-toppane var i tillegg heilt meiningslaust, sidan Kvivsvegen ikkje gir kortare veg frå Ytre/Midtre Nordfjord enn i dag til Volda. Den vegen går og vil framleis gå over Stigedalen.

Likevel vil eg - frå min ståstad som ordførar i Eid - slutte meg til gratulantane når Kvivsvegen no opnar. 

Harmen over å misse fødeavdelinga i Nordfjord får vi møte med å gje maktarrogante Ap-toppar avløysing i regjeringskontora - ikkje ved å la harmen gå ut over Kvivsvegen i seg sjølv.

Eg vil trekke fram fire hovudårsaker til at eg ser positivt på Kvivsvegen - også frå eit lokalt perspektiv i Eid:

1. Vekst i nabokommuner er bra for alle
Den eine hovudeffekten av Kvivsvegen er at han skaper ein større, samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion mellom Indre Nordfjord og Søre Sunnmøre. All forsking og praktisk røynsle tilseier at det gir grunnlag for vekst i heile regionen rundt. Det er ikkje slik at det er "godt nytt" for eigen kommune at det går dårleg for nabokommunen - tvert imot! For Eid er det positivt om nabokommuner som Stryn, Hornindal og Volda veks. Det gir óg betre grunnlag for vekst og aktivitet i eigen kommune.

2. Fleire sunnmøringar i Nordfjord
Den andre hovudeffekten av Kvivsvegen er at han skaper ein ny og raskare aust/vest-forbindelse mellom Søre Sunnmøre og Austlandet via Kvivsvegen /Strynefjellet, og dermed "fleire sunnmøringar i Nordfjord",. Det har heile Nordfjord mulighet til å dra vekslar på. Frå krysset på Kjøs mellom Kvivsvegen og Rv 15 er det i praksis like kort til Nordfjordeid som til Stryn (ca. 20 minutt med sunnmørsk køyrestil - 26 minutt etter boka). Etter opninga av Kvivsvegen blir det fleire sunnmøringar enn før som er "20 minutt unna Eid" og dermed i nedslagsfeltet for vårt rike kulturtilbod, sports- og aktivitetstilbod, handelsbedrifter og næringsliv elles.

For å gje eit konkret døme: Spa- og gourmethotellet for ein sunnmøring som står på Kjøs bru etter å ha køyrt Kvivsvegen, kan like godt vere Nordfjord Hotell på Eid som Alexandra Hotel i Loen. Reisetida er på minuttet lik, og kultur- og opplevingstilbodet i nærområdet er fullt på høgd. Dene typen nye, offensive muligheter er eg sikker på at driftige næringslivsfolk også på Eid vil vite å sjå og utnytte i tida framover.

3. Direkte nytte for bygdene aust i Eid
Frå Kvivsvegen er det kortare veg til kommunegrensa og dei næraste bygdene i Eid enn til kommunegrensa og dei næraste bygdene i Stryn! Sjølv om Kvivsvegen ikkje gir reisetidsgevinst frå Nordfjordeid sentrum, vil han gi store direkte fordeler og utvida bu- og arbeidsmarknad for bygdelaga aust i Eid, spesielt Holmøyane som ligg berre 2-3 minutt unna Kjøs bru. Vekst og tilflytting i bygdene i aust er for meg som ordførar sjølvsagt like velkome som i andre deler av kommunen.

4. Auka "trykk" i samarbeidet mellom Sunnmøre og Nordfjord generelt
Det er berre å ta av seg hatten for kor flinke Kvivsveg-forkjemparane, med Svein Sunde i spissen, har vore til over lang tid å bygge nettverk innanfor næringsliv og politikk mellom Nordfjord og Sunnmøre og å skape PR om effektane av Kvivsvegen - i forkant av at vegen opnar. Dei årlege "Treffpunkt Kviven"-konferansane er eit synleg prov på det. Det er også investert imponerande mykje i faglege utgreiingar og forskingsarbeid om effektane av å knyte ein større region saman, i tett samarbeid med Møreforsking i Volda.

For oss i Eid som allereie har kort veg til Volda, kan det voldsomme PR-maskineriet til Kvivsvegen-forkjemparane verke litt overveldande. Du får av og til kjensla av at Kvivsvegen blir framstilt som "det fyrste holet i Berlinmuren" mellom Nordfjord og Sunnmøre - medan sanninga er at det i midtre og ytre Nordfjord allereie er tett kontakt og felles bu- og arbeidsmarknad over fylkesgrensa. Det får så vere. Stryningar og sunnmøringar har aldri vore kjende for å slå på småtromma, og vil neppe nokon gong bli det heller.

Men løftar ein blikket litt, er neppe dette negativt for nokon. Det sterke fokuset Kvivsvegen har skapt på potensialet som ligg i tettare samarbeid mellom Nordfjord og Sunnmøre, har sett i gang interessante debattar alle kan tene på.

Eg er overtydd om at vi bør sjå tettare integrering mellom Sunnmøre og Nordfjord i åra framover. Ikkje med Kvivsvegen som den einaste veg til himmelen, men gjennom tre effektive, velfungerande kommunikasjonsaksar over fylkesgrensa i ytre, midtre og indre Nordfjord (Kystvegen, Stigedalen og Kvivsvegen) - og ein framtidig Stad Skipstunnel som vil revolusjonere trafikkmønsteret på kysten.

Det vil nok òg vere smart å prøve å skape ein felles strategi i Nordfjord for tilnærming til Sunnmøre i staden for å "fri og lokke kvar for oss", jmf det ferske utspelet frå ordføraren i Hornindal. Det er ikkje sikkert det endar med at ein kan eller bør skifte fylke, men debatten om ein mulig ny storregion Nordfjord/Sunnmøre er det viktig og nødvendig å ta.

Konklusjon: Bygg vegar som skaper sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar
Difor er det all grunn til - både i det store perspektivet og frå ein ståstad som ordførar i Eid - å ønskje Kvivsvegen velkomen. Kvivsvegen er eit godt døme på eit regionsambindande vegprosjekt, som står trygt på eigne bein uansett om den på lang sikt blir del av ein framtidig E39-trase nord/sør på Vestlandet eller ikkje. Akkurat det er strengt tatt av mindre interesse for eit vegprosjekt som allereie har ein "dobbelt effekt" som regionbyggande veg og som nytt, raskare aust/vestsamband frå Sunnmøre til Austlandet.

Så vonar eg at vi på same måte som vi no bør gle oss saman over Kvivsvegen, i framtida kan stø opp om og kjempe saman for andre viktige regionbyggande vegprosjekt i heile vår region.

Når vi no har fått lagt fram ein fersk, grundig kvalitetssikringsrapport som syner at eit midtre alternativ for E39 gjennom Nordfjord er det suverent mest "regionbyggande" og samfunnsøkonomisk lønsame valet for E39. E39 gjennom midtre trasé er eit kjempegodt prosjekt av same grunn som Kvivsvegen: Det bind saman nye og sterkare bu- og arbeidsmarknadsregionar og skaper på sikt ein "snarveg" til Austlandet/Sørlandet for næringslivet i Ytre/midtre Nordfjord via Sogn - i tillegg til å vere den raskaste vegen nord/sør på Vestlandet.

Det same gjeld ein Kystveg mellom Florø og Måløy og nordover. Kystvegen må til for å skape større bu- og arbeidsmarknader på kysten - uavhengig av Kvivsvegen og uavhengig av framtidig val av E39-trase i midtre eller indre.

Så sjølv om Kvivsvegen neppe er den største hendinga i verda sidan Jesus gjekk på vatnet, slik ein lett kunne tru etter nokre vekers nærstudie av Fjordingen, er det all grunn til å gle seg over vegopninga i helga. Kvivsvegen er eit flott og viktig vegprosjekt som vi bør helse velkomen både sør og nord for fylkesgrensa - også i Eid.

Men når helga er over og kvardagen kjem, er det nye vegar å bygge og nye regionar å knyte saman. Då vonar eg at engasjementet til Kvivsvegens dyktige forkjemparar blir brukt til å få hjula til å rulle også i omgjevnadene rundt, ikkje til å stikke kjeppar i hjula..

God jubelhelg i Hornindal og Volda, og til lukke med Kvivsvegen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar