søndag 2. september 2012

Vekeplan veke 36-37

Sist veke gjekk arbeidsdagane på høgtrykk med arbeid knytt til Nordfjord sjukehus,  stort sett arbeid "bak kulissane" som også har fått ei viss merksemd i media, jmf f eks denne saka i Fjordenes Tidende.


Dei aller fleste av oss ( i alle fall i Nordfjord) var og er sterkt usamde i den raudgrøne regjeringa si avgjerd om å legge ned fødeavdelinga og den ortopediske avdelinga ved Nordjford sjukehus. Som lokalpolitikarar er vi likevel nøydd til å gå vidare ut frå dei avgjerdene Regjeringa har fatta, og ut frå det grunnlaget gjere vårt for at Helse Førde og Helse Vest skal gi det best mogleg tenestetilbodet til folk i Nordfjord.

Gledeleg nok kom vi denne veka eit godt stykke vidare her, i samband med styremøte i Helse Førde sist torsdag. Der kom ein del viktige "brikker på plass" for framtidas sjukehustilbod til folk i Nordfjord, mellom anna etablering av ei rekkje nye polikliniske tilbod og opning av den lenge etterlengta rusposten. Men ein del viktige avklaringar står enno att. Difor kjem eg og mange andre enno til å bruke mykje tid og krefter på å stå på for sjukehuset utover hausten. Heldigvis har vi eit godt samarbeid i det politiske miljøet både i Eid og Nordfjord elles om saka - og gjennom Utviklingsprosjekt Nordfjord sjukehus har vi også ei "hand på rattet" som lokalpolitikarane i Nordfjord tidlegare har mangla.

Elles skjer det som vanleg mykje i Eid og Nordfjord for tida. Denne helga har eg mellom anna hatt gleda av å ta imot hurtigruteskipet MS Nordstjernen som kom innom Nordfjordeid på si aller siste reis langs norskekysten, vere på Havfiskefestival i Måløy og vere med på Open gard-arrangement i Leivdalen i dag med nær 1500 besøkande. I går gjesta den verdskjente sopranen Solveig Kringlebotn Operahuset Nordfjord. Nokre av våre unge kulturskule-talent fekk der sjansen til å opptre saman med Solveig Kringlebotn - heilt sikkert eit minne for livet!

Så til saken: Her finn du ei grov oversikt over mine planar for helga og dei to vekene som står for døra, veke 36-37. Du er velkomen til å besøke meg på kontoret. Komande veke er eg lettast å treffe på kontoret måndag og fredag, men avtal helst på førehand pr mail, facebook (har oppretta ein open Facebook-profil som alle har tilgang til) eller sms. Kontaktinformasjon finn du her. Neste veke er eg bortreist heile veka i samband med mitt fylkespolitiske verv som medlem i Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane.

Måndag 3. september
Evalueringsmøte Malakoff 2012
Møte med KLP om kommunale pensjonsavtaler

Tysdag 4. september
Møte med Telenor om mobildekning (3G) i Eid
Vegbefaring i Hennebygda med fylket og Statens Vegvesen
Møte om Eid som Miljøfyrtårn

Kveld: Årshjulet - Eid Inviterer

Onsdag 5. september
"Den gode skuleeigar" - arbeidssamling i Loen

Torsdag 6. september
Fram til lunsj: "Den gode skuleeigar" - arbeidssamling i Loen
Kl 14: Møte i Administrasjonsutvalet i Eid
Kl 16: Kommunestyremøte (sakene finn du til gjennomsyn her)

Fredag 7. september
På kontoret.
Kveld: Blest 2012 - bransjetreff for rockmiljøet i Sogn og Fjordane, ala Bylarm) på Rockescena i Gymmen på Nordfjordeid. Speleliste for artistane som skal opptre på Blest 2012 finn du her

8.-15. september
Studietur med Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane

Laurdag 8. september er det nyopning av ungdomshuset Fram på Stårheim. Her stiller varaordfører Gunvald Ludvigsen på vegne av Eid kommune

Onsdag 13. september skal Eid og Gloppen kommune møte Samferdsleministeren saman med Fylkesordføraren i Sogn og Fjordane. Her stiller leiar i Samfunnsutviklingsutvalet, Ole Petter Henden (Sp) på vegne av Eid kommune. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar