Seint men godt: Her er min vekeplan for resten av veke 39. Heng stadig litt etter i ein hektisk kvardag, men det kjem seg..
Komande helg blir ei skikkeleg premierehelg i Eid. Laurdag er det premiere på årets oppsetjing i Opera Nordfjord: Madama Butterfly. Det blir ei forestilling som kjem til å ta publikum med storm! Har du ikkje skaffa deg billett enno, må du hive deg rundt å bestille til ei av dei 10 forestillingane på Operahuset Nordfjord si heimeside.
Laurdag blir det også opning av årets operautstilling i Gamlebanken i Eidsgata, med landskjende kunstnarar på plakaten. I høve "premierehelg" og gågate, kjem eg også til å gjenta suksessen frå i sommar med "Ope ordførarkontor" utanfor Gamlebanken. Du finn meg i Eidsgata laurdag mellom 11 og 1330 - velkomen innom!
Så til saka: Her finn du ei grov oversikt over mine planar for veka vi no er inne i. Kontaktinformasjon finn du her. Du treff meg på kontoret
Måndag 24. september
Møte med Klenkarberget Sommarcamp
Møte med næringslivsaktør
Politikardag for fylkestinget på Hermansverk, m a med orienteringar om E39
Tysdag 25. september
Møte i Hovudutval for Opplæring i fylket, Hermansverk
Kveld: Omvising/ope hus på Leikvin
Kveld: Gruppemøte Eid Venstre
Onsdag 26. september
Besøk på Nordfjord sjukehus, fødeavdelinga
Møte med Eid vgs
Torsdag 27. september
Møte med næringslivsaktør
Møte med Eid kommune sin fondsforvaltar
Ettermiddag: Opning av "Matamål"-festivalen, Sandane
Fredag 28. september
Strategisamling Reisemål Stryn&Nordfjord
Laurdag 29. september
Ope ordførarkontor ved Gamlebanken (kl 11-1330)
Opning av Operautstillinga i Gamlebanken (kl 14)
Kveld: Premiere på Madama Butterfly, Operahuset Nordfjord
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar