onsdag 19. september 2012

Vekeplan veke 38


Seint men godt: Her er min vekeplan for resten av veke 38.

Sist veke hadde eg gleda av å vere med Hovudutval for opplæring i Sogn og Fjordane på studietur til Toronto i Canada, for å lære om korleis delstaten Ontario (under leiing av det liberale partiet som er Venstre sitt systerparti i Canada) har revolusjonert skulane sine dei siste 10 åra, med kraftige forbetringar av lese-, skrive- og reknekunnskapar og mindre fråfall i skulen som synlege resultat. Det var inspirerande, og mykje viktig læring også for den norske skulen. Eit poeng som canadiarane hamra inn igjen og igjen, var at dei har hatt få, konkrete og stabile mål for skulepolitikken over lang tid: Ingen "hopp og sprett" med tilfeldige utspel frå departementet om skulefrukt den eine veka, SFO den andre og valfag den tredje.. Dei har også lagt stor vekt på å systematisk stille ressursar til disposisjon for å hjelpe skular/lærarar med svake resultat til å bli betre, ikkje berre til å henge dei ut med spreiing av statistikk og la det bli med det. Sjekk litt meir om prinsippa vi lærte om i Ontario i dette ferske oppslaget frå engelske The Guardian


Eg skal utdjupe dette i ein eigen bloggpost litt seinare, men det er svært kjekt at ein no er i ferd med å ta eit "samla løft" i Sogn og Fjordane innanfor skulesatsing med Ontario og Canada som inspirasjon - både i fylkeskommunen og ute i fylkets 26 kommuner. "Sjefsstrateg" for skulesatsinga i Ontario, Ben Levin, kjem om kort tid til Nordfjord og Hotel Alexandra for å informere og inspirere rektorar og skulesjefar frå heile Sogn og Fjordane - det gler eg meg til! 

På lokalfronten kom det svært gledelege nyhende om E39 sist veke: Ein ny kvalitetssikringsrapport stadfesta og forsterka det Eid kommune og fleirtalet i Fylkestinget i Sogn og Fjordane har meint: Ein E39-trase midt i Nordfjord med framtidig brukryssing Lote-Anda gir klart størst effekt for regional utvikling, og er overlegent den beste løysinga samfunnsøkonomisk. 

Det er no all grunn til å vente at Samferdsledepartementet og Regjeringa lyttar til tilrådinga både frå Fylkestinget i Sogn og Fjordane og den ferske KS1-rapporen, og fastset bru over Lote-Anda som framtidig E39-trase. Så må vi samtidig stå saman i fylket for å sikre utbygging av Kystvegen. Den er etter mitt syn eit svært viktig prosjekt for fylket heilt uavhengig av kvar framtidas E39 måtte gå i midtre eller indre. Vi skal også saman gle oss over at Kvivsvegen opnar no til helga. Den opnar opp for ein tettare integrert bu- og arbeidsmarknad mellom indre Nordfjord og Søre Sunnmøre og blir ein ny og raskare veg til Austlandet frå Sunnmøre - også det heilt uavhengig av kva konklusjonar som måtte bli trekt om E39-konsept Bergen-Trondheim eit stykke i framtida. Bruk energi på å få bygd vegar som utløyser vekst og utvikling, ikkje på å hindre bygging av slike vegar. Det er eit viktig stikkord for oss alle..

Så til saken: Her finn du ei grov oversikt over mine planar for dagane som no står for døra. Kontaktinformasjon finn du her

Onsdag 19. september
Interne møte og førebuing til møte i formannskap og finansutval

Torsdag 20. september
Møte i Formannskap og Finansutval
Møte og middag med Biskopen i Bjørgvin i samband med bispevisitas i Eid
Feiring av ferdigstilt nybygg ved Haugen skule

Kveld: Møte med fjordhestmiljøet om framtidig utvikling og samarbeid

Fredag 21. september
Samferdslekonferanse på Hotel Alexandra, Loen

Laurdag 22. september
Opning av Kvivsvegen, Hornindal
Nordfjord Filmfest, Eid

Søndag 23. september
Opning av tursti ved Harpefossen
Nordfjord Filmfest, Eid


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar