søndag 10. mars 2013

Vekeplan veke 11/2013


I år er det 100 år sidan norske kvinner fekk røysterett. Det skal vi ha ei symbolsk markering av i samband med kommunestyremøtet på torsdag, kor vi også skal ha mange andre saker på dagsorden og får besøk av leiar i styringsgruppa for "Utviklingsprosjekt Nordfjord sjukehus", Odd Søreide.

Vil du ha kontakt, finn du kontaktinformasjon til e-post, telefon med meir her. Vi kan også avtale ein prat på Rådhuset på Eid, og det er hyggeleg/nyttig om flest mulig følgjer meg på mi opne ordførar-Facebookside (trykk "likar") og følgjer Eid kommune si offisielle Facebook-side.

Ha ei fin veke!

Måndag 11. mars
Møte i Stamvegutvalet E39, Førde
Kveld: Dialogmøte idrett, tur og trim i Eid

Tysdag 12. mars
Besøk av Hovudutval Plan&Næring i Sogn og Fjordane

Onsdag 13. mars
Samordningsmøte næringsutvikling i Ei

Torsdag 14. mars 
Kommunestyremøte kl 10-16
Kveld: Næringslivsmøte om vidaregåande skular

Fredag 15. mars 
Høyringsmøte Sogn og Fjordane politidistrikt om politiorganisering, Førde
Kveld: Messias i Operahuset

Laurdag 16. mars
Ungdommens fylkesting, Skei

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar